• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kjerringafjellet

Kjerringafjellet i horisonten er bygt opp av bergartar frå Undre Bergsdalsdekke. Ved Grønestad i framgrunnen er det fyllitt i dei grøne bakkane. (Svein Nord)

Vestlandsfjella er fine å vandra i. I kambrosilurtida var det fjella sjølve som var på vandring. Fjella, eller snarare berggrunnen, flytta seg først austover, for sidan å trekkja seg litt vestover att. Først for om lag 400 millionar år sidan vart det slutt på all denne rekinga fram og attende av fjellheimen.

Då dei enorme bergartsflaka, skyvedekka, kom sigande inn over grunnfjellet i Hordaland, med ein fart på kanskje nokre centimeter i året, hadde dei alt lagt bak seg ei vandring frå vest eller nordvest på fleire titals kilometer eller meir. Omkalfatringa av jordskorpa kom av dei sterke kreftene som pressa Noreg og Grønland saman, den kaledonske fjellkjedefaldinga.

Dei underste av desse skyvedekka, Undre og Øvre Bergsdalsdekke, er vel forvarte i Bergsdalsområdet og vidare mot Kvamskogen og vossafjella. Det var professor Anders Kvale som gav namn til skyvedekka, og som gjorde Bergsdalen internasjonalt kjend blant ein generasjon av geologar. Kvale argumenterte for at vandringa av dekka skjedde mot aust, bort frå kollisjonssona. Denne teorien er framleis allment akseptert. Seinare forsking av Bergsdalsdekka har likevel vist at flyttesoga er meir komplisert enn Kvale trudde. Ein trur no at flaka vandra vestover att, etter at rørsla mot aust vart fullbyrda. Attendeturen skjedde etter at kontinentkollisjonen var over og kollisjonskreftene hadde ebba ut.

Moteffekten av den første rørsla kan samanliknast med det som skjer når ein stor kjelke blir skyvd opp ein snøtung bakke. Når skyvekrafta blir fjerna, vil kjelken kunna skli attende eit stykke, inntil han køyrer seg fast i snøen. Då Bergsdalsdekka sklei attende vestover, halla berglaga svakt mot vest eller nordvest, i skliretninga. Like etter at skyvedekka hadde sett seg fast i grunnen, vart berglaga under roterte, slik at dei no hallar mot søraust.

Skyvedekke

Skyvedekke er store flak av berggrunnen som blir rivne laus og skyvde kilometervis av garde. Dei oppstår når jordskorpa blir pressa saman under fjellkjededanningar, og blir gjerne stabla i høgda. I mange tilfelle glir dei over eit mjukare og svakare bergartslag, slik som fyllittlaget i Sør-Noreg, som verkar som glidemiddel.

  • Snitt og terrengmodell med geologiske einingar

Snitt og terrengmodell med geologiske einingar; grunnfjell, fyllitt og Øvre og Undre Bergsdalsdekke, for områda nordanfor ei linje frå Osterøy til Hardanger. Bergsdalsdekka er òg grunnfjell, men dette grunnfjellet er flytta på under den kaledonske fjellkjedefaldinga og skil seg frå grunnfjellet under. Raud farge: granitt, gabbro og liknande størkningsbergartar. Oransje farge: kvartsitt og omdanna lavabergartar. (Haakon Fossen)

  • Fossen, H. 1993. Structural evolution of the Bergsdalen Nappes, Southwest Norway. Norges Geologiske Undersøkelse 1993, 424,23–50.
  • Kvale, A. 1946–47. Petrologic and structural studies in the Bergsdalen quadrangle, western Norway. Bergen Museums Årbok 1946–47, Naturvit.rekke,1.