• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Teikning av korleis det kan ha sett ut ved Straume for 7000 år sidan

Teikning av korleis det kan ha sett ut ved Straume for 7000 år sidan. På biletet ser ein mellom anna havørn, elg steinkobbe, oter og silender. (Kjersti Hjelmeland Brakstad)

SKIPSHELLEREN

For vel 7000 år sidan var Straume ein av dei beste – om ikkje den beste – veideplassen i Hordaland. Steinalderfolket som busette seg ved Skipshelleren, skjøna truleg ikkje kor heldige dei var. Mellom dei  opptil 2 meter tjukke dyngjene med stein og bein som arkeologar grov fram i 1931–32, fann dei reiskapar og avfall frå fangst og matstell. Frå dette materialet har arkeologane stava seg fram til livet ved straumen.

I avfallsdyngja kunne arkeologane skilja ut 7 ulike kulturlag. Desse laga spenner over minst 6000 år, men det kan ha vore mange og lange avbrot mellom kvar gong helleren var busett og kanskje ho berre var i bruk nokre veker eller månader kvart år. Her har det vore både menn, kvinner og born. Eit kranium av eit 5-6 år gammalt barn vart funne i utkanten av avfallsdyngja, fleire år etter at utgravingane var avslutta. Den radiologiske dateringa syner at barnet har høyrt til dette fangstfolket.

Viltmengdene var truleg mykje større i steinalderen enn no, men mange av artane dei jakta på, er framleis å finna ved Straume. Rikdommen på laks var ei av dei viktigaste årsakene til at naturens matkammer var så velfylt nettopp her. All laks som skal opp i Vosso, må passera Straume, og passasjen er så trong og grunn at fisken lèt seg fanga med enkle reiskapar – også av andre fiskarar enn dei tobeinte. Der laksen sumde føre, følgde fjordselen etter. Og om ikkje steinaldermenneska orka eta meir laks, kunne dei byta han ut med fjordsel på matsetelen. Ein velvaksen steinkobbe veg sine vel 100 kilo, nok til matfest for ein heil klan i fleire dagar. Det var likevel mest ungsel som vart fanga. Det tyder på at kobben hadde kasteplass på stranda nær Skipshelleren.

Det er funne restar etter 48 ulike fugleartar i beinmaterialet. Den fiskeetande silanda må ha hatt særs gode vilkår ved utløpet av ei stor elv som Vosso. For silanda var gjerne smolten som er på veg ut i havet, viktig. Også mange andre mindre fiskeslag fann godt om næring i det grunne brakkvassområdet med mykje straum. Det finst silender ved Straume i dag òg, men neppe så utbreidt som i steinalderen.

Steinalderfolka åt mykje saltvassfisk, og beinfunna viser at fiskeslaga var dei same som i Veafjorden i dag: sei, torsk, lyr, lange og hyse. Større endringar har det nok vore mellom pattedyra på land. Fleire beinfunn av villsvin i det utgravne materialet vitnar om eit varmare klima enn i dag. Dei som budde ved Skipshelleren, jakta på elg. Restar etter bjørn og ulv vart òg funne. Hjortesteik var populært den gongen som no, og heile 69 % av beinrestane frå kjøtvilt kjem frå hjort. Folket kløyvde med omhug røyrknoklane for å få tak i mergen,knuste kjevebeina for den søte tann-nervas skuld og drakk sikkert blodet medan det var varmt og rykande. Det har ikkje alltid vore mykje hjort på desse kantar. Tidleg på 1900-talet var hjortebestanden i Hordaland temmeleg låg, og slike periodar kan det ha vore mange av opp gjennom åra.

Korleis dei jakta på bjørn er uvisst, men truleg var dette sett på som farefull verksemd. Ved Skipshelleren kunne dei likevel føla seg temmeleg trygge når dei skulle sova. Den gongen stod havet 13–14 meter høgare enn no, og då var det berre ein veg som måtte vaktast mot uvedkomande inntrengjarar.

Eit par tusen år seinare var det folk frå ein byrjande bondekultur som budde i helleren. Bein av sau, geit og ku syner at dei heldt tamfe, men etter funna å dømma var fangst og fiske vél så viktig. Sidan var helleren i bruk, både i eldre og yngre bronsealder og gjennom eldre og yngre jernalder. Funn frå alle desse tidsaldrane vart gravne fram, lag for lag i avfallsdyngja. Her var reiskap av fleire slag, og restar av våpen, kokekar og prydnadsting.

I seinare hundreår – kan henda frå mellomalderen – har helleren tent som opplagsplass for båtar og skip om vinteren, og slik har han fått namnet sitt; det siste i ei rekkje av mange. Men kva dei som levde i helleren har kalla denne eldgamle buplassen – frå hjortejegerane i eldre steinalder til jernalderbøndene – er gløymt for alltid.

Livet under helleren

Livet under helleren i Stella Easts poetiske gjenskaping. Slik kan vi tenkja oss ein huslyd samla kring eldstaden (Stella East).

Funn frå Skipshelleren

Funn frå Skipshelleren (Ann-Mari Olsen).

Helleren

Helleren (akvarell (utsnitt): Stella East, 1993).

  • Bøe, J. 1934. Boplassen i Skipshelleren på Straume i Nordhordland. Bergens Museums skrifter nr. 17.
  • Indrelid, S. (1978) Mesolithic economy and settlement patterns in Norway. I: Mellars, P. red. The early Postglacial Settlement of Northern Europe. London, Duckworth, s. 147-176.
  • Olsen, H. (1976) Skipshelleren: osteologisk materiale. Akademisk avhandling, Universitetet i Bergen.