Publisert: 16.10.2015 | Forfattar: Nils Georg Brekke, Christopher Harris
Vaksdal mølle (K. Knudsen & Co. KK pk 503, Bs. UBB.)
Etter industrialismen sitt gjennombrot i siste halvdel av 1800-talet, investerte fleire av dei kapitalsterke herrane i Bergen i mølleanlegg. Vaksdal Mølle, etablert av Gerdt Meyer i 1870-åra, var i mange år den største mølla i Skandinavia med unike tekniske innretningar. Kring mølla utvikla Vaksdal seg til ein tettstad, med arbeidar- og funksjonærbustader, ny kyrkje og alt som høyrde til. Vaksdal Mølle er eit fascinerande industrianlegg med bygninger av eldre og nyare dato.