• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Høyonn med høyvogn i 1927

Høyonn med høyvogn i 1927. Bedehuset i Leirvågen, Austrheim i bakgrunnen (foto: Soltvedt Scanner Studio, i privat eige).

Kulturlandskapet, eller den delen av det som enno er grønt og innbydande for auga, er forma av bondens arbeid ned gjennom generasjonane. Ein gong var vi nesten alle bønder. Av folketeljinga i 1801 ser vi at kring 95 prosent av innbyggjarane i Søndre Bergenhus amt, utanom Bergen, hadde viktigaste utkoma si av jorda. Derfor er det også bøndenes sosiale liv og kultur som enno i dag pregar mange lokalsamfunn. Når folk ser for seg ein «typisk» stril eller vossing, er han ikkje då ein bonde?

På jakt etter særdrag

Som landskapet skifter, vekslar også jordbrukets naturgjevne vilkår, frå fiskarbondens småbruk langs kysten til dei store skoggardane på Voss eller kornbygdene i indre Sunnhordland. I denne vesle undersøkinga skal vi sjå på korleis jordbrukstilhøva prega bondesamfunnet i Hordaland frå mellomalderen og fram til «hamskiftetida» sist på 1800-talet. På kva måte skil bygder og distrikt seg frå kvarandre? Sidan det er uråd å kartleggja alle sidene, må vi velja ut eit knippe av kjennemerke som kan vera særskilt talande. Vi skal samla oss om folketal og folkeauke, gardsstruktur, eigedomstilhøve og husmannsvesen.

Granskinga kviler på eit talmateriale som kan verka grått og keisamt med det same. Men dette er historikarens byggjesteinar. Dei er solide og fører fram til viktige konklusjonar.

No er det lett å innbilla seg at berre vi kjem nokre ættleder tilbake, støyter vi på mønster som har stått der frå alders tid. Men avfolkinga i seinmellomalderen og dei nye vekstbolkane på 15-1600-talet og på 1800-talet viser at det gamle bondesamfunnet ikkje var stilleståande. Ingenting tilseier at dei ulike delane av fylket opplevde desse endringsfasane på same måten. Det er heller ikkje sikkert at det akkurat er tilhøva på 1800-talet som «forklarar» vedkomande distrikt eller bygdelag. Eit kollektiv er, på same måte som eit enkeltmenneske, produktet av ei utvikling over tid. Kva fasar i livsløpet som har hatt mest å seia, kan ein ikkje alltid vita på førehand.

Mellomalder og øydetid

Korleis var det å vera bonde i skuggen av Bergen, rikshovudstaden i høgmellomalderen? Konge, kyrkje og stormenn henta det meste av rikdomen sin av jordegods. Di lengre bort frå dei politiske maktsentra ein kom, di vanlegare var det at bøndene var sjølveigarar.

Blant hordalandsbøndene var det i mellomalderen fleire leiglendingar enn i det meste av landet elles. Munkeliv, Lysekloster og Halsnøy kloster hadde svære jordegods som nådde ut i alle avkrokar av fylket. I tillegg fanst her store adelege godskompleks. Det ser ut til at sjølveiga stod sterkast på Voss, men også her var desse bøndene i mindretal.

I kjølvatnet av svartedauden kom nedgangen i folketalet. Innanfor den einskilde bygda skjedde det ei samandraging av busetnaden til dei sentrale og beste jordbruksareala. Vi veit mindre om dei distriktsvise utslaga. Det kan likevel verka som dei indre strøka, Voss og Hardanger, opplevde ein større nedgang enn dei ytre. At dette skulle vera ei beinveges avspegling av jordbrukstilhøva, verkar ikkje heilt innlysande. Det er mogeleg at grisgrendte strøk var særleg sårbare for fråflytting.

Frå kring 1520 finst det eit skattelistemateriale som gjer det mogeleg å få det første nokolunde sikre biletet av busetnad og folketal i fylket. Dessverre er dette tilfanget enno berre analysert for nokre få bygder. Førebels kan vi gissa at det budde 10-15 000 menneske på bygdene i Hordaland kring 1500.

Folkeauken på 1500- og 1600-talet

Fram til midten av 1600-talet var det kraftig folkeauke i alle deler av fylket. Frå 1660-åra har vi ei rekkje manntalslister som gjer det mogeleg å lesa av status ved slutten av denne vokstertida. Det budde då kring 35 000 menneske på bygdene her. Dei ytre distrikta hadde flest. Nesten halvparten høyrde heime i Nordhordland, og berre 20 prosent på Voss og i Hardanger.

I det følgjande hundreåret sakka folkeauken mykje av. I 1769 vart det halde folketeljing, og bygdene i Hordaland hadde no 50 000 innbyggjarar. Nordhordland hadde hatt klart den svakaste veksten i sekelet frå 1660-åra til 1769, og hadde fått redusert sin andel av det samla folketalet. Alle dei andre distrikta hadde gått fram, særleg Voss. I 1769 hadde Nordhordland likevel framleis 39 prosent av innbyggjarane. Sunnhordland hadde 36, Hardanger 13 og Voss 12.

I hundreåret frå 1769 fram til 1865, der vi skal stansa, steig folketalet til 113.000, altså langt over ei dobling. Fordelinga på distrikta byrja no på nytt å vippa til fordel for dei ytre stroka. Særleg sakka Voss etter.

Jamfører vi attende til folketalet kring 1500, vert det tilsaman ei tidobling av folkemengda på desse 350 åra. Vi anar korleis dette må ha slått ut i form av nydyrking og hardare ressursutnytting på alle måtar. Det er utenkjeleg at bondenæringa skulle ha stått stille i dette tidsrommet. Derfor vert det ein mangel når vi i denne undersøkinga må samla oss mest om det siste hundreåret før «hamskiftet».

Kor store var gardsbruka?

Storleiken på eit gardsbruk kan målast på mange måtar; i areal eller i produksjonstal. Men det enklaste samlemålet er likevel skylda. Dette er ei måleeining som fortel om den økonomiske bereevna på bruket. Skylda grunnar seg på ei totalvurdering av bruket og skulle tena som utlikningsgrunnlag for skatt. Vi skal her gjera bruk av tala i matrikkelen frå 1838. Skylda er uttrykt i dalar, ort og skilling, men det er storleiksforholda som er hovudsaka.

Minst er gjennomsnittsbruket i Nordhordland. Sunnhordland og Hardanger ligg i mellomposisjon og Voss ligg på topp. Medelbruket på Voss har altså nesten dobbelt så stor skyld som medelbruket i Nordhordland.

Innanfor distrikta er det viktige nyansar. I Sunnhordland er det tydeleg forskjell mellom «fastlandsbygdene» og bygdene på dei tre øyane Tysnes, Stord og Bømlo. På fastlandet ligg gjennomsnittet på 2-3 dalar i skyld, medan øyane berre har 1-2. I Hardanger er det små lokale skilnader. I Nordhordland skil Fana seg ut med eit gjennomsnitt på heile 2,9 dalar. Dei andre bygdene spenner frå 1,1 dalar i Hosanger til 2,0 i Alenfit. Alt i alt er nok Sunnhordland det einaste distriktet som løyser seg opp i mindre einingar. Her finn vi topp og botn for heile fylket: Etne med eit gjennomsnitt på 3,2 og Fitjar-Austevoll med 0,9. For fylket under eitt kan vi noko forenkla seia at kysten har dei små bruka, fjordbygdene og innlandsbygdene dei store.

Jamlikskap

Vi må ikkje gløyma at bak desse gjennomsnittstala kan det liggja stor spreiing. Levde gardbrukarane under einsarta kår, eller var avstanden stor mellom kaksar og småbønder? Like kår kan bety like normer og lik kultur, medan ulikskap kan liggja til grunn for gruppedeling og konfliktar.

La oss ta ut nokre mindre område til nærgransking. Vi finn straks att skilnaden mellom ytre og indre bygder. Gjennomsnittsskylda i Bremnes sokn på Bømlo er 1,1 dalar i 1838-matrikkelen. I Sund sokn på Sotra er talet 1,2. Mjelde tinglag på Osterøy kryp opp til knappe 1,5. I eit utval av indre bygder finn vi 3,0 i hovudsokna på Voss, 2,5 i Ullensvang i Hardanger og 3,2 i Etne tinglag.

Så kjem vi til den indre spreiinga i kvart av desse utvalde områda. Bruksstorleiken viser god samling i alle dei ytre bygdene, både Bremnes, Sund og Mjelde. Også i Ullensvang samlar tala seg tolleg godt kring gjennomsnittet. Derimot er spreiinga stor på Voss og svært stor i Etne.

Når det gjeld jamlikskap, eller egalitet, innanfor bondegruppa, går det såleis ikkje eit heilt enkelt skilje mellom ytre og indre bygder. Samfunn av likemenn er regelen, og unntaka finn vi berre i to avgrensa strok av dei indre bygdene, nemleg søraustre Sunnhordland og Voss.

Einbølte og mangbølte gardar

Ytterpunkta i gardsstrukturen er den einbølte garden og det store klyngetunet. Stor grad av bruksdeling innanfor garden medførte gjerne ein komplisert fellesskap. Dette kunne ytra seg i tett busetnad, men viktigare var teigblandinga og dei innfløkte reglane for utnyttinga av fellesressursane i utmark, fjell, sjø og vassdrag. Bøndene på dei mangbølte gardane var vikla inn i eit langt meir omfattande sosialt hopehav enn grannane på dei einbølte. Dersom heile distrikt var prega av den eine eller den andre typen av gardar, kunne sosialt samliv og folkelynne ta preg av det.

I 1647 vart det sett opp ein såkalla skattematrikkel som viser alle gardane og gardsbruka i Hordaland. På topp ligg Nordhordland med 2,5 bruk i gjennomsnitt pr. gard. Einaste nemnande avviket innanfor dette distriktet er Radøy skipreide, som når heilt opp i 3,4. På botn ligg Voss med 1,2 bruk pr. gard. Dei einbølte gardane var regelen her. Hardanger og Sunnhordland ligg i ei mellomstode med gjennomsnitt på 1,9 og 1,7. Det er lite sprik frå bygd til bygd. Berre Ullensvang i Sørfjorden bryt ut med heile 2,7.

Folkeauken dei fylgjande to hundre åra skunda sjølvsagt på bruksdelinga alle stader. Men skilnaden mellom bygdene og distrikta mellom vart ikkje vesentleg endra. På Voss er gjennomsnittstalet på bruk pr. gard i 1838-matrikkelen kome litt over 2. Ullensvang har nådd opp i heile 4,3, men resten av Hardanger ligg monaleg under dette. Ytterpunkta i Sunnhordland er Etne med 2,3 og Bremnes på Bømlo med 3,7. Nordhordland har framleis dei høgste verdiane. I Sund sokn er det såleis 5,2 bruk på gjennomsnittsgarden, medan Mjelde tinglag på Osterøy representerer nokre av dei lågaste verdiane i dette distriktet med 3,4.

Undersøkinga har vist oss to klare ytterpunkt: eit sterkt «individualistisk» bondesamfunn på Voss og eit sterkt fellesskapsprega bondesamfunn i Nordhordland.

Sjølveigarar og leiglendingar

Folketeljinga i 1825 er den første kjelda som gir opp talet på sjølveigarar og leiglendingar i kvart prestegjeld. Sjølveigarprosenten reknar vi til 46 i Nordhordland, 57 i Sunnhordland, 68 i Hardanger og 72 på Voss. Sjølveiga veks med avstanden frå kysten og frå Bergen. I Nordhordland stig prosenten frå 30 nærast Bergen til 55 i Haus og 66 i Hosanger. I Sunnhordland sorenskrivardøme har Os og Kvinnherad ein særleg låg andel sjølveigarar (båe på 44 prosent). Dette har samanheng med dei to godskompleksa Lysekloster og Rosendal baroni. Flest er sjølveigarane i Fjelberg med 77 prosent. I Hardanger er det liten forskjell mellom bygdene.

Neste målepunkt er folketeljinga i 1865. Sjølveigarprosenten har no stige til 73 i Nordhordland og 77 i Sunnhordland. Hardanger og Voss ligg framleis i teten med 88 og 91. Det finare mønsteret er elles som i 1825, berre slik at prosentane ligg på eit høgare nivå.

Husmannsvesenet

Husmannsvesenet har gamle røter i det vestnorske bondesamfunnet, men det er først på 1700-talet det får si moderne form og veksande utbreiing. I dei fleste bygdene kulminerte talet på plass kring midten av 1800-talet. Tidleg på 1900-talet var avviklinga ferdig og husmennene borte. I kulturlandskapet kan vi framleis finna spor etter plassa, og i tradisjonen lever mange minne frå «husmannstida».

Det har vore vanleg å bruka folkeauken som grunnleggjande forklaring på husmannsvesenet. Det var ikkje rom for alle menneska på gardsbruka, og nokre laut ta til takke med små jordlappar i avkrokane. Vi ser då også at husmannsvesenet svann bort då vandringa til byane og til Amerika letta presset. Men eit aukande tal menneske kunne også forsørgjast om ein var villig til å ta ei sterk bruksdeling. Kva avgjorde valet av løysing? Det er vidare mogeleg at husmannsplassa kravde kombinasjon med fiske, skogbruk eller handverk.

I 1801 var det pr. 100 gardbrukarar 33 husmenn med jord i Sunnhordland, 21 i Hardanger, 22 på Voss og 11 i Nordhordland. Dette hovudmønsteret skulle verta ståande vidare: Flest i sør, færrast i nord, med dei indre bygdene i ein mellomposisjon. Innanfor Sunnhordland igjen har Etne, Skånevik og Fjelberg 50-75 husmenn med jord pr. 100 gardbrukarar og dannar eit regelrett «husmannsreir».

I 1865 var det pr. 100 gardbrukarar 55 husmenn med jord i Sunnhordland, 59 i Hardanger, 45 på Voss og 17 i Nordhordland. Samanlikna med 1801 ser vi korleis husmannsvesenet har vakse, og Hardanger har gått framom Sunnhordland. Det sterkaste innslaget av husmenn med jord er framleis å finna innanfor Sunnhordland der Etne, Skånevik, Fjelberg og Kvinnherad alle har over 70 husmenn pr. 100 gardbrukarar. Tala i Sunnhordland går frå 23 i Finnås (Bømlo) til 93 i Etne. I Etne er altså dei to gruppene innanfor bondesamfunnet nesten like store! Tilhøva er meir einsarta i dei andre distrikta: Frå 54 til 76 i Hardanger, og frå 11 til 25 i Nordhordland.

Folkeauken gjekk for jamnt alle stader til å gi oss forklaringa på den ulike utbreiinga som husmannsvesenet fekk innanfor fylket. Tilgangen på jord kunne vera ein avgjerande faktor: Der gardsbruka var store, ville ein ha ledig jord å avstå til plass, samstundes som ein trong arbeidskrafta til husmennene i gardsdrifta. I det meste av fylket er det faktisk godt samanfall mellom gjennomsnittleg skyld på gardsbruka og talet på husmenn med jord. Men Voss er eit slåande unntak frå regelen: Her var gardsbruka blant dei største i Hordaland, men husmannsvesenet utvikla seg berre til eit middels nivå.

Andre mogelege faktorar er eigedomstilhøve og bruksstruktur. I motsetnad til leiglendingane kunne sjølveigarane på eiga hand setja ned husmenn under bruka sine. No skjedde det store forandringar i eigedomstilhøva i same tidsrommet som husmannsvesenet voks fram, men grovt sett vil dette gjelda: På distriktsnivå slår forventinga til i Nordhordland, som har lågast sjølveige og færrast husmenn. Men ho stemmer slett ikkje på Voss, som har høgast sjølveige men berre middels med husmenn. På bygdenivå innanfor fylket er samsvaret endå dårlegare. Vi må derfor forkasta eigedomstilhøva som sentral forklaring på husmannsvesenet. Bruksstrukturen har vi vore inne på tidlegare. Vi kom til at store skilnader innanfor gardbrukargruppa vesentleg førekom i indre Sunnhordland og på Voss. Hypotesen her kunne gå ut på at i lokalsamfunn der alle var like, hemma normene utskiljing av ein sosial underklasse. Der bondegruppa på førehand var ulikearta, fanst ikkje slike motførestillingar. I indre Sunnhordland ser vi eit omtrent perfekt samanfall mellom ulikskap og omfattande husmannsvesen. Men på Voss, det andre ikkje-egalitære kjerneområdet, går ikkje reknestykket opp. Alt i alt kan det synast som dei fleste mogelege forklaringane verkar bra i resten av fylket, men at Voss dannar eit særtilfelle. Der er det liksom ein bit som manglar i puslespelet.

Mangfaldet i det gamle bondesamfunnet

Vi har på denne vandringa funne tydelege mønster, og dei teiknar seg i stor grad langs dei gamle landskapsgrensene.

Sunnhordland viser likevel klare indre skilnader. Ei hovudgrense går etter Hardangerfjorden. På nordsida finn vi bygder med både små og store gardsbruk, men innanfor den einskilde bygda er gjennomgangsmønsteret ein egalitær sosial struktur og middels utvikla husmannsvesen. På sørsida er gardsbruka store, det er store skilnader innanfor gardbrukargruppa, og husmannsvesenet når ei utbreiing som ingen annan stad i fylket. Graden av gardsfellesskap er jamn og middels i alle bygdene her. Eigedomstilhøva er meir spesielle. Sjølveigegraden er middels i høve til dei andre distrikta i Hordaland, men Os og Kvinnherad skil seg sterkt ut med mange leiglendingar og sein overgang til sjølveige. Alt i alt er Sunnhordland det distriktet som oppviser størst variasjon og mangfald.

I Hardanger skil Sørfjorden seg sterkt ut med sine store klyngetun med mange oppsitjarar. Elles er distriktet svært einsarta og midt på treet i det meste: Middels sjølveige, gardsbruk med omtrent middels storleik i høve til resten av fylket, middels ulikskap innanfor gardbrukargruppa, og eit husmannsvesen noko under gjennomsnittet.

På Voss møter vi det eine ekstreme distriktet i fylket vårt. Gardsbruka er store i gjennomsnitt, men det er også tale om stor spreiing og store skilnader innanfor bondegruppa. Graden av fellesskap er mykje lågare enn i resten av Hordaland, med mange einbølte gardar og få av dei store mangbølte. Meir av jorda her er i sjølveige enn i dei andre bygdene. Husmannsvesenet får ei etter måten svak utbreiing. Kort sagt er Voss eit individualistisk samfunn av bønder i svært varierande levekår, men utan ein stor underklasse i form av husmenn.

Nordhordland dannar det andre ytterpunktet i fylket. I motsetnad til Sunnhordland er den indre likskapen mellom bygdene svært påtakeleg. Namnet «Strilelandet» dekkjer ein røyndom. Gardsbruka er små, og sjølv om havet gav eit tilskot, er vi nok her i den fattigaste delen av fylket. Bøndene sit i jamlike kår. Den mangbølte garden har stor utbreiing i dette distriktet, og bøndene flest lever derfor i tett fellesskap. Dei er i hovudsak leiglendingar, og overgangen til sjølveige kjem seinare enn elles i Hordaland. Husmannsvesenet vinn forunderleg lite innpass. Ikkje nokon del av fylket er med andre ord så sterkt prega av små kår, sosial jamlikskap og fellesskap som Nordhordland.

Slik kan teljing og rekning i gamle dokument setja oss på sporet av eit forunderleg mangfald i det gamle bondesamfunnet innanfor Hordalands grenser. Det gjer det meir spennande å høyra til ein stad – men også å reisa og samanlikna!

Steinsdalen

Dei grindbygde troskykkjene som står utover på bøane i Steinsdalen, er stavbygningen i si enklaste form – eit forhistorisk spor i landskapet (Svein Nord).

Jordbrukslandskapet i Ulvik

Det velstelte jordbrukslandskapet i Ulvik er blitt traktoren sitt landskap, men det er hakke og grev – bronsealderens reidskapsteknologi – som har dyrka det opp (Svein Nord).

Kartet viser det innbyrdes tilhøvet mellom dei gamle futedøma eller landskapsområda i Hordaland

Kartet viser det innbyrdes tilhøvet mellom dei gamle futedøma eller landskapsområda i Hordaland: den gjennomsnittlege storleiken på bruka, målt i skyld; det gjennomsnittlege talet på gardsbruk pr. matrikkelgard; sjølveigeprosenten og talet på husmenn pr. 100 gardbrukarar med jord. Vi ser at Voss peikar seg ut, men innanfor Sunnhordlandsområdet har gardane i Etne endå høgare gjennomsnittsskyld, det vil seia at dei er større enn på Voss (kart/tabell: Ståle Dyrvik, etter Marthinsen, J. H. (1975) Adm. innd. i skattematrikkelen av 1647.)

Aga

Klyngetunet og stovene under dei store helletaka på Aga er det fysiske biletet av folkeauken og eigedomsdelinga som førte fram til teigblandinga og dei store fellestuna på Vestlandet (Svein Nord).

Lykling, Bømlo

Dei tette naustmiljøa ved fjorden eller ute ved kysten er eit talande uttrykk for eigedomsfellesskapen i det gamle bondesamfunnet. Lykling, Bømlo (Svein Nord).

Fjellgarden Skår

Fjellgarden Skår, som ligg oppe i dei bratte bergskorene i fjordsidene ved Fyksesundet, er ein av dei største skoggardane i Kvam (Helge Sunde).

Åstveit i Åsane

Toraplassen på Åstveit i Åsane fortel om hus­mennene som småkårsfolk i samfunnet. Mange av dei måtte ha eit handverk som attåtnæring for å ha til levemåten (ukjent, i privat eige).