• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Arktiske fangstfolk på veg over isen

Arktiske fangstfolk på veg over isen. Var det slik dei første menneska kom til vårt land – over isen frå Nordsjøkontinentet? (Foto frå 5. Thule ekspedition til Canada og Alaska, 1921–24. Foto: Knud Rasmussen, eigar: Etnologisk Samling, Nationalmuseet, København (neg. nr. 1700)).

 

 

FANGSTFOLK OG VEIDESAMFUNN

Soga om busetnaden i Hordaland tek til for kring 11 500 år sidan. Det aller meste av denne soga står skriven, ikkje på papir, men i stein og jord, i mark og myr. Skrivne samtidskjelder som kan fortelja om liv og lagnad i farne tider, rekk snaue 1000 år attende. Lenger attover tagnar kjeldene. Alle minne er gløymde. Den som vil vita noko om tider som ligg lenger borte, lyt venda seg til dei tause vitnemåla om framfarne slekter; til bautasteinar og steinkrossar, til gravrøysane langs leia, til helleristningane på berget. Slike monumentale minnesmerke frå fortida talar beinveges til oss og kan gje oss att noko av den gløymde soga.

Vi skal ikkje så mange tusenår attover før det minkar med gravrøysar og helleristningar. Desse synlege vitnemåla om fortida vår strekkjer seg 3-4000 år attende i tida. Resten av soga ligg løynd under torva.

Men også denne eldste soga vår kan vi eit stykke på veg gjera synleg. Vi kan beint fram grava henne fram or jorda. Her kan vi finna restar av buplassane åt det første veidefolket. Vi kan koma over spor etter ein eldstad, eller ein le-vegg, vi kan finna flintavfall og måltidsrestar, eit fiskesøkke, eller ei steinøks. I myrane ligg lag på lag av pollen, planterestar og frø, lagra gjennom tusenvis av år. Dei har òg sitt å fortelja – om korleis menneska la naturen under seg og sette merke etter seg i vegetasjon og landskap, lenge før gravrøysane og helleristningane vart til.

Slike kjelder har gjeve oss dei tusentals kunnskapsbitar som set oss i stand til å få eit gløtt inn i dagleglivet til dei som levde før oss, og som no er gløymde.

Det første veidefolket

Det var framleis istid i landet, den tid det første veidefolket slo seg ned på våre strender. Innlandsisen breidde seg vidt over fjell og innland og sende lange bretunger ned gjennom dalane og ut gjennom fjordane. Men på Hordalandskysten fanst det bert land for 11 500 år sidan. Eit frodig dyre- og fugleliv var i ferd med å utvikla seg mellom dvergbjørk og vierkratt i det karrige jordsmonnet. Og her levde folk.

Langs det meste av kyststrekninga, frå Sveio til Øygarden, har vi funne spor etter dette første veidefolket. Vi veit ikkje anna om dei enn det vi kan slutta oss til frå dei sparsame buplassrestane dei let etter seg. Vi kan samanlikna funna med buplassfunn frå andre delar av Nord-Europa frå same tid. Og vi kan freista å tolka funna i lys av det vi veit om arktiske og subarktiske veidefolk som har halde ved like sin eldgamle kultur til opp mot vår tid.

Det var eit skjergardsfolk. Buplassane ligg alle langt vest. Stort lenger ut kunne ein ikkje koma. Dei austlegaste funna ligg i dag innanfor bygrensa i Bergen og i Os, men elles var det ute på øyane dette folket heldt til, på Bømlo og Risøy, på Vindenes og Toftøy.

Dei må ha levt av det havet kunne by på, men vi har ikkje eit einaste funn som kan prova det. Buplassane er små. Her var ikkje rom for mange menneske, snautt nok meir enn ein liten huslyd eller to på kvar stad. Dei få funna på buplassane tyder på at folk neppe har vore der særleg lenge om gongen, kanskje berre nokre dagar eller veker. Ein får inntrykk av at det er små menneskegrupper vi har med å gjera. Dei har flytta ofte og vanka vide. Og det har vore langt til grannar. Ei stund må Hordaland ha vore den ytste utposten for busetnad her i landet. Lenger nord budde ingen.

Kvar kom dei frå? Kvifor kom dei hit? For 11-13000 år sidan levde det i Nord-Tyskland eit veidefolk som haust og vår dreiv reinsdyrjakt i traktene kring Hamburg. Om hausten trekte reinsflokkane nordover mot det låge, vide slettelandet som i dag ligg på botnen av Nordsjøen, men som den tid var tørt land. Ved somme høve har dei jamvel kome i land på Norskekysten. Vi har funne over 12000 år gamle reinsdyrbein så langt nord som på Blomvåg i Øygarden.

Kunne reinen ta seg fram over vinterisen frå Nordsjøkontinentet og opp til Norskekysten, så kunne mennesket gjera det òg. På det stuttaste var det 10 mil å gå på havisen, og is-ferder over slike strekkjer har ikkje vore noko særsyn mellom arktiske folk.

Det er store likskapar mellom dei reiskapane vi finn på dei eldste buplassane på Hordalandskysten, og dei som finst på dei 11500 år gamle buplassane utanfor Hamburg. Det ligg nær å tru at det kan ha vore same folket.

Vi kan tenkja oss at Norskekysten frå først av var eit landskap som til visse årstider vart bruka som jaktmark for einskilde grupper av dette kontinentale veidefolket. Etter kvart som klimaet mildna, drog reinsflokkane lenger mot nord og vart til sist verande på Norskekysten. Vi trur at somme av veidefolket følgde etter og slo seg ned her.

Men etter kvart smelta storisen i innlandet, og reinsflokkane søkte til fjells, der dei sidan har halde seg. Også hit følgde veidefolk etter. For 9500 år sidan vart det drive reinsdyrjakt ved Finnsbergvatnet, like søraust for Hardangerjøkulen.

Men veidefolket på kysten fekk snart augo opp for dei rikdomane sjøen hadde å by på, og for 10000 år sidan er det lite att på kystbuplassane som minner om reinsdyrjegerane frå Nordsjø-kontinentet.

Grønsteinfolket i Sunnhordland

Ytst i Bømlo kommune, nordvest for Espevær, ligg Hespriholmen. Den som fer framom i båt, vil i den stupbratte vestveggen leggja merke til ei flat hylle nokre meter oppe i berget. Dette såret i berget kjem ikkje av naturkreftene. Det er menneskeverk. Her tok sunnhordlendingane til med bergverksdrift for meir enn 9000 år sidan.

Heile Hespriholmen er av grønstein, av eit særskilt tett og seigt slag som lett kan formast til gode økseemne. Kvaliteten var så god, at folk sette livet på spel for å få fatt i han. I opne båtar har dei teke seg fram til den vesle holmen, brote laus stein og lasta om bord i skrøpelege skinnfarkostar. Så rodde og padla dei seg fram, dei 4-5 kilometerane inn til Vespestadvågen og Langevågen, som den tid hang i hop og delte det sørlegaste Bømlo i to.

I markene her, på Vespestad og Eide, Voll og Hovland vrimlar det med hoggeplassar. Her sat steinalderfolket og hogg seg øksar av båtlastene frå Hespriholmen. Det var stor etterspurnad etter desse øksane, og grønsteinbrytinga i Hespriholmen varte ved i meir enn 5000 år. Kunnskapen om den utifrå gode grønsteinen har vorte levert vidare frå mann til mann gjennom minst 130 ættleder.

Øksane frå Hespriholmen har vorte spreidde vidt omkring, men mest i dei ytre delane av Hordaland og Rogaland. Frå Sogn og nordover, og frå Agder og austover, var andre økseråstoff i bruk, særleg diabas. Grensene mellom grønstein- og diabas-områda er så markerte og endra seg så lite over tid, at ein kan vera freista til å tolka dei som territoriegrenser mellom ulike «folk». Og i Sunnhordland budde «grønsteinfolket».

Ein gjevmild natur

Den tid Hespriholmen vart oppdaga, var landskapet i Hordaland under store endringar. Det var kome eit varmare verlag. Innlandsisen var borte. Furuskogen breidde seg, ikkje berre i innlandet og langs fjordarmane, men ut til øyane og holmane lengst vest i havet – og opp til fjellviddene. Heilt inn til Nordmannslågen på Hardangervidda nådde fjellskogen for 9500 år sidan. Fururøter frå denne tid finst i myrane der oppe den dag i dag.

Hasselkratt spreidde seg nordover kysten – så snøgt, at vi trur veidefoket må ha hatt ein finger med i spelet. Skal av hasselnøtter finn vi rett ofte mellom kolbitane i eldstadene deira. Etter kvart kom også andre og meir varmekjære treslag inn i tur og orden: alm, lind, eik og ask.

Med denne rikare vegetasjonen kom og eit meir variert dyreliv. Reinsdyrflokkane hadde for lenge sidan drege til fjells for godt. Veidefolket i Hordaland jakta no på hjort og elg, bjørn og villsvin. Med eikeblandingsskogen for 7-8000 år sidan fekk Hordaland ein viltfauna som det ikkje har funnest maken til sidan, korkje i rikdom eller i artsvariasjon.

I skogane fanst urter og røter til føde og lækjedom, i straumane let fisken seg fanga i overflod. Kvalvågar og kobbeskjer var sikre spiskammers, og røynde det på, fanst det skjel og sniglar i mengder langs strendene. Hordalandskysten må ha gjeve livberging for mange i denne tida. Det ser vi tydeleg av buplassane. Dei er fleire, større og meir funnrike enn før. Alt tyder på at det har funne stad ein kraftig folkeauke. Vi skimtar omrisset av lokale grupper, av «folk» og av «stammer». Medan tundrafolket mykje godt laga reiskapane sine på same måten anten dei heldt til i Øygarden, i Ryfylke eller ved Hamburg, ser vi no klåre skilnader i måten dei forma øksane sine på i Fjordane, i Hordaland og på Jæren. Ja, ser ein godt etter, vil det til og med finnast særdrag som skil grønsteinsøksane i Sunnhordland frå dei i Nordhordland. Vi må tolka dette slik, at folk var vorte meir «bufaste». Dei flytta ikkje så langt som før, og neppe så ofte. Dei kunne halda seg ved den same fiskestraumen eller ved den same bukta i lange bolkar om gongen. Alt dei trong til livsopphaldet sitt, fanst i nærleiken.

Fiskarleiren ved Fosnstraumen

Så å seia i kvar vik, ved kvar straum og kvart sund på Hordalandskysten finst det spor etter folk frå denne overflodstida for 9000-6000 år sidan. Sjølv om det stadig er på kysten vi finn dei fleste buplassane, aukar det etter kvart på med funn også eit stykke innover fjordane. Men i låglandet var det heile tida ved saltvatn folk busette seg. Innover i dei inste fjordbotnane, på elveslettene, i bakkar og lier, er det framleis få eller ingen spor etter folk.

I Radøy, ved festet for brua over Fosnstraumen mellom Radøy og Austrheim, ligg ein buplass som har vore i bruk gjennom heile den tidbolken vi no har tala om, ja lenger til.

Fjordfolket

Gjennom det meste av eldre steinalder, som vi reknar tok slutt for kring 6000 år sidan, er det heile tida ute på øyane vi finn spor etter den største og tettaste busetnaden i Hordaland. Funna frå fastlandet er langt færre, og innover i fjordane er det berre få og spreidde funn av øksar som syner at folk av og til ferdast her.

Men vi har eit viktig buplassfunn som fortel mykje om bruken av fjordlandskapet for 6-7000 år sidan: Skipshelleren.

Under den stupbratte, utoverhangande bergveggen ved Austestraumen, ei mils veg nord for Dale, vart det grave ut eit utruleg rikt buplassfunn kring 1930. Funna av steinsaker, av flint og grønstein, var rett nok få og lite oppsiktsvekkjande, men det som kom for dagen av bein i Skipshelleren, løftar funnet langt over vanleg nivå og plasserer det i første rekkje mellom norske steinalderfunn.

Av beinreiskap fanst fiskekrokar i mengder, harpunoddar, lystergaflar, beinspissar, nåler og ymse andre småting av bein. Vi får eit gløtt inn i ein reiskapskultur som må ha vore vidt utbreidd på Vestlandet, men som ein berre ved slumpehøve kan greia å koma på spor etter i dag. På dei opne buplassane, der regn og sigevatn har løyst opp og fjerna alt av organisk opphav som ein gong må ha vore der, finn ein ikkje beinreiskap. Men under Skipshelleren hadde både buplassen og avfallsdyngja lege tørt. Difor kunne vi her finna, heilt og uskadt, det som andre stader er gått tapt.

Om beinreiskapane fortalde mykje, så fortel måltidsrestane meir. For her låg dyngjer med avgnegne, mergkløyvde bein. Jamvel dei eldste av dei er så godt bevarte, at det synest beinfram utruleg at dei har lege her i 7500 år. Her var store, faste knoklar, ikkje som på Fosnstraumen-buplassen berre ørsmå fragment. Beina frå avfallsdyngja gjev oss såleis ikkje berre direkte innsyn i den faunaen som fanst i traktene ved Osterfjorden mot slutten av eldre steinalder. Vi får òg eit bra grunnlag til å vurdera kva viltslag som var mest ettertrakta.

Hovudinntrykket er at dette veidefolket ved fjorden drap og åt alt dei kom over. Her er restar av 23 artar pattedyr, 48 artar fugl og 22 artar fisk. Men nokre få artar var langt viktigare enn dei hine, og den viktigaste av alle, var hjorten. Folket i Skipshelleren var først og fremst hjortejegerar, men dei veida òg mykje villsvin, bjørn og elg. Av pelsdyr fanga dei særleg oter og mår. Dei dreiv fuglefangst, helst på tiur og orre, men òg rype, andefuglar og sjøfugl. Dessutan har selfangst vore viktig. Fjordsel er det vanlegaste pattedyret i avfallsdyngja, nest etter hjorten. Dei dreiv fiske i fjorden, og dei sanka østers, blåskjel og strandsniglar.

Det kan vera grunn til å tru at Skipshelleren var ein fangststasjon som var bruka til visse årstider, meir enn ein buplass som var i bruk året rundt. Dei små funnmengdene av steinavfall, jamført med andre buplassar, kan tyda på det. Men samstundes syner beinmengdene at når dei fyrst var her, vart det drive storfangst. Bein av unge hjortekalvar syner at veidefolket i alle høve var i Skipshelleren utpå sommaren og hausten. Men om dei heldt til andre stader om vinteren, til dømes lenger ute på kysten, det kan vi ikkje få noko visst svar på.

Funnet frå Skipshelleren syner at veidefolket må ha kjent mange ulike fangstmåtar. Dei må ha hatt ikkje berre pil og boge, kastespyd, harpunar, lystrar og ymse slag fiskereiskap, i tillegg må vi tenkja oss at dei kan ha nytta feller. Dei har sikkert bruka terrenget med stor dugleik og jaga dyr utfor stup, eller fanga dei i tronge klyp. Og dei har etter alt å dømma òg teke overnaturlege hjelperåder i bruk. Dei har nytta magi og trolldom.

Veiding og trolldom

Mange stader i landet er det funne helleristningar som vi trur stammar frå veidefolket. Det er dyr, og særleg jaktbart vilt, som er hovudmotivet.

I Hordaland kjenner vi berre nokre få slike felt. To av dei ligg ved Hardangerfjorden, i Kvam kommune. På Bjelkaneset, eit par kilometer utetter stranda på vestsida av Fyksesundet, står ein hjortefigur innhoggen i bergveggen, like ved kanten av riksvegen. I Vangdal, lenger ute i fjorden, er det hogge inn ein hjort og eit par elgfigurar ytst på den stupbratte Salthammaren.

Både på Bjelkaneset og på Salthammaren ligg ristningane på stader som må ha vore laglege for drivjakt, og den vanlege tolkinga på slike veideristningar er at dei er eit uttrykk for magi eller kultiske handlingar i samband med jakt. Ved å hogga inn bilete av viltet i berget, kunne ein få makt over det og lokka det dit veidemannen ville ha det.

Sjølv om ei slik tolking kan verka sannsynleg, er det ikkje godt å vita om ho er rett. Kva tankar dei hadde med handlingane sine, dei som for 6-7000 år sidan meisla desse dyrefigurane inn i steinen, får vi aldri vita. Men at dei hadde gode kunnskaper om viltet, er det ingen grunn til å tvila på, for somme av figurane på veideristningane er meisterleg gode attgjevingar av naturen. Hoggarane har vore reine kunstnarar, og dei naturalistiske veideristningane i Kvam er den eldste biletkunsten vi kjenner i Hordaland.

Fangstfolk i fjellet

Frå dei eldste far etter folk på Hardangervidda, for kring 9500 år sidan, er så å seia kvar einaste av dei 300 ættledene av menneske som sidan har levt i landet, representerte med funn i fjellet.

Det er ved dei store vatna, Halnefjorden, Hein, Nordmannslågen og Langesjøen dei fleste funna er gjorde. Det er lite grunn til å tvila på at det er reinsdyrjakt dei har levt av, dei første som slo seg ned her. Vi kan beintfram «lesa» det ut av lendet kring dei rikaste buplassane. Der reinsflokkane naturleg vert trengde i hop, anten det er på vadestader ved osane, på smale eid mellom innsjøar, eller på landbremmen mellom vatnet og berget, der finn ein òg dei fleste spora etter fangstfolket. Der kan ein finna pilespissar og skinnskraparar og mengder av avfall av flint og kvartsitt. Og der ligg dyngjer med raudbrend kokstein og vitnar om store ting og glade dagar dei gongene fangstlukka slo til.

Ved nokre få høve har vi i oskerestane i koksteindyngjene funne beinrestar som både kunne artsbestemmast og daterast. Difor veit vi for visst at det vart ete reinsdyrkjøt på Sumtangen ved Finnsbergvatnet for 9300 år sidan, ved Halnefjorden for 8400 og ved Nordmannslågen for 8100 år sidan. Men vi veit òg at det vart fiska aure der. Aurebein frå 7000 og 6100 år gamle buplassar ved Langesjøen og Halnefjorden syner at det var aure i Lågendalsvassdraget, like til fjells, alt i eldre steinalder, og vi kan vera nokså visse på at det var fisk i dei fleste innsjøane på dei midtre og austre delar av Hardangervidda på denne tida.

På ein 6000 år gammal buplass ved Halnefjorden har vi funne bein av elg. Det var skog på delar av Vidda, og elgstamma har hatt stabilt tilhald høgare til fjells enn i våre dagar.

Ein kan ikkje sjå bort frå at somme stammer av veidefolket kan ha halde til i fjellet store delar av året. Men dei fleste buplassane vi har funne på Hardangervidda, tykkjest likevel vera spor etter folk som var der berre i sommarhalvåret. Til andre årstider heldt dei til i låglandet, kan hende heilt ute på kysten, anten det no var i vest eller i aust.

Flintfunna og flintkvalitetane vi finn på Vidda, kan peika i retning av austlandskysten, men vi har òg sikre indikasjonar på samband med Sunnhordland. På somme buplassar, m.a. ved Veivatn på Vest-Vidda, ved Finnsbergvatn på Nord-Vidda og ved Nordmannslågen og Bjornesfjorden på Midt-Vidda, er det funne reiskap og avfall av ein særmerkt og heilt spesiell bergart, ein rhyolitt-variant som finst i toppen av fjellet Siggjo på Bømlo, og ingen andre stader. Men om det var sunnhordlendingar som var på Vidda, eller om rhyolitten er komen dit ved hjelp av mellommenn, får vi neppe vita.

Fiske, fangst og jordbruk – ressursar gjennom tusenåra

For kring 6000 år sidan finn vi på våre kantar spor etter husdyrhald, noko seinare også åkerbruk. Etter som tida gjekk og levekår, busetnad og samfunnstilhøve vart endra, vart òg dei gamle veidesamfunna endra. Vi veit ikkje mykje om korleis dette gjekk føre seg i Hordaland, men noko snøgt og dramatisk omskifte har det neppe vore.

Det finst ingen sikre spor etter innvandringar av større omfang. Vi finn ingenting som kan tolkast som minne etter bortdrivne veidefolk. Det inntrykket vi får av funnmaterialet, er at nye næringar og nye kulturdrag vart tekne opp av dei som budde her frå før. I den grad det var naudsynt, vart eldre tradisjonar etter kvart ombytte og omforma.

Men jordbruket avløyste aldri fullt ut jakt, fangst og fiske i Hordaland, sjølv om ein kan sjå store skilnader frå bygd til bygd. I Eidfjord har såleis reinsdyrjakta hatt mykje å seia for livberginga, like opp til våre dagar. Segnene om odelsguten som valde dyregravene framfor garden vitnar om kva verde det gamle bondesamfunnet såg i veidinga.

I kyststrøka var det fiske, selfangst og fangst på vågekval som var grunnlaget for busetnaden, ikkje jordbruket. For Øygards-folket var fiskegrunnane, selværa og kvalvågane vel så viktige som åkeren og saueflokken.

Tilhøvet land-is-hav for vel 10 000 år sidan

Tilhøvet land-is-hav for vel 10 000 år sidan. Vest for Hordaland, på Vikingbanken, kan det ha lege ei stor, låglendt øy (etter: Blystad, P. (1989) Nordsjøen i seinkvartær tid. Stavanger, Arkeologisk museum i Stavanger. Del av serien "AmS-rapport", bind 1).

Like ved havkanten slo det første veidefolket seg ned

Like ved havkanten slo det første veidefolket seg ned. (Helge Sunde).

Steinbrotet i vestveggen på Hespriholmen

Steinbrotet i vestveggen på Hespriholmen – meir enn 8000 år gammalt (Anders Stavland).

Frå dei arkeologiske utgravingane i Skipshelleren sommaren 1931

Frå dei arkeologiske utgravingane i Skipshelleren sommaren 1931 (eigar: Universitetsmuseet i Bergen (A 1129)).

4-6000 år gamle harpunoddar og lystergaflar frå Skipshelleren

4-6000 år gamle harpunoddar og lystergaflar frå Skipshelleren (eigar: Universitetsmuseet i Bergen).

Finnsbergvatnet ved Hardangerjøkulen

Her veida dei rein for 8000 år sidan. Finnsbergvatnet ved Hardangerjøkulen. Sumtangen lengst borte, til venstre. (Helge Sunde).

Rein

Rein (Helge Sunde).

Hjorten på Bjelkaneset i Kvam

Hjorten på Bjelkaneset i Kvam. Kunst eller magi? (Svein Nord).

Hardangervidd

Hardangervidda – veidemark gjennom meir enn 8000 år (Svein Nord).

Pilespissar frå Hardangervidda

Pilespissar frå Hardangervidda. Flintpilene nedst er 4-5000 år gamle. Skiferspissane i midten ca. 4000 år. Kvartsittpilene øvst er frå bronsealderen, ca. 1000 år f.Kr. (eigar: Universitetsmuseet i Bergen).

  • Alsaker, S. (1987) Bømlo: steinalderens råstoffsentrum på Sørvestlandet. I: Arkeologiske avhandlinger, 4. Bergen, Historisk museum, Universitetet i Bergen.
  • Hagen, A. (1983) Norges oldtid. 3. utg. Oslo, Cappelen.
  • Indrelid, S. (1989) Dei fyrste menneskja på Vestlandet. Naturen, 1989 (1), s. 25-35.
  • Magnus, B. & Myhre, B. (1986) Forhistorien: fra jegergrupper til høvdingsamfunn. Norges historie, bind 1. [Stabekk], Bokklubben nye bøker.