• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vindkraftanlegget på Midtfjellet med bygda Fitjar i framgrunnen.

Vindkraftanlegget på Midtfjellet med bygda Fitjar i framgrunnen (foto Stein Erik Gilje).

Etter kvart som motstanden auka mot stadig nye store vasskraftutbyggingar på 1990-talet, peika naturvernorganisasjonar på vindkraft som eit meir naturvenleg alternativ. Dei første vindkraftverka i Noreg blei sette opp i Trøndelag på slutten av 1980-talet. I 2013 vart den første og så langt einaste vindparken i Hordaland sett i drift, på Midtfjellet i Fitjar. 

I Noreg er kraftproduksjon frå vindturbinar ein relativt ny industri; elektrisitet frå vasskraft har dominert i over 100 år. Den store fordelen til vindkrafta er at «råvara» – vinden – er gratis og finst i varierande styrke overalt. Dessutan er sjølve kraftverka relativt enkle byggverk som raskt kan setjast opp i terrenget. Ulempene er at vinden er svært ustabil og at han ikkje kan «lagrast» til seinare bruk, i motsetning til vatnet, som kan lagrast i magasin. Straumen som vert produsert, må brukast i same augneblink. Vindkraft i Noreg bør derfor drivast i samkøyring med vasskrafta. Etter kvart har ein her i landet vunne  nyttige røynsler med samdrift mellom vindkraft og vasskraft og kraftutveksling med andre land.

Naturvernorganisasjonane såg i liten grad for seg moglege miljøulemper knytte til vindkraftverk for 20–30 år sidan. Etter kvart som dei første vindparkane vart planlagde og konsesjonssøkte, voks den lokale motstanden fleire stader. Også i fleire av dei nasjonale organisasjonane er synet på den «reine» vindkrafta i dag eit heilt anna enn for nokre tiår sidan. Negative konsekvensar går på store visuelle endringar i landskapsbiletet, bygging av anleggsvegar og betongfundament som gjer urørt natur om til industriområde, tap av fuglar som kolliderer med turbinblada, støyplager og lys- og skuggeblinkar frå blada. Nokre stader kan det også vera farleg å gå nær turbinane når is har sett seg fast og blir kasta av når blada roterer – «iskast».

På Stord ligg dei naturgjevne forholda godt til rette for vindkraftverk i høgareliggjande område. Kraftselskapet som vart etablert, søkte i 2005 Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om løyve til å byggja ein stor vindpark med 44 vindturbinar i heiområdet rett aust for Fitjar sentrum. Ferdig utbygd skulle turbinane kunna produsera 350 GWh pr. år, omtrent like mykje som eit mellomstort vasskraftverk. Så langt ville dette bli den nest største vindparken i Noreg (etter vindparken på Smøla).

Bygginga av vindparken kom i gang i 2011, og i løpet av 2013 vart alle dei 44 vindturbinane sette i drift. 11 nye turbinar vart satt opp i 2018 i det same området som dei eksisterande. Totalproduksjonen er no på 423 GWh.

Kraftselskapet har tilrettelagt vegbygginga på Midtfjellet slik at folk no lettare kan koma seg opp i fjellet. Ved Olstjønna er det laga parkeringsplass, som er utgangspunkt for fotturar vidare på vegane i anlegget eller på merkte stiar. Mange nyttar seg av dette tilbodet, medan andre ber på ei sorg over eit øydelagt fjellområde og går til fjells andre stader; synet på vindparken er framleis delt.

 

  • Posisjonar av vindturbinar og veganlegg i vindkraftanlegget på Midtfjellet.

Posisjonar av vindturbinar og veganlegg i vindkraftanlegget på Midtfjellet.