• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå Grønafjellet mot Kattnakken

Frå Grønafjellet mot Kattnakken. (Svein Nord)

FJELLPLANTER LANGT MOT VEST

Fjellplantene med sine vakre, fargerike blomar er vanlege i høgfjellsområda i Noreg. På kystfjella er det ikkje så mykje av dei. Men hist og her finst likevel fjellplanter, som gjer einskilde kystfjell litt annleis. Kanskje kan vekstane på desse fjella òg gi oss eit gløtt av ei fjern fortid?

Grønafjellet er eit slikt fjell. Fjellet er den austlege delen av eit større fjellområde i Fitjar. Reinrose er den mest iaugefallande fjellplanta. Med dei store, kvite blomane er ho eit vakkert syn, særleg tidleg i juni. Her er òg andre fjellartar som særleg veks der gabbroen er litt oppsmuldra og grusete. Fjellsmelle og svarttopp høyrer til dei. Andre stader på Grønafjellet er det meir næringsfattig jord med lynghei, der berre nokre få artar klarar seg.

Fjellplantene kom truleg til Grønafjellet svært tidleg. Kanskje slo nokre av dei første plantene rot nettopp der då kyststrøka i vest vart isfrie for vel 15 000 år sidan. Breframstøyten i yngre dryas (perioden er oppkalla etter reinrose, som har Dryas som slektsnamn) for om lag 12 000 år sidan gjekk ikkje så langt vest. Ein kan gå ut frå at dei hardføre fjellplantene klarte seg fint under denne kuldeperioden. Mange fjellartar er nok borte på grunn av ugunstig klima med varmeperiodar og for tett vegetasjon i dei vel 11 000 åra som har gått fram til vår tid. Men på Grønafjellet klarte likevel reinrose, dvergbjørk og andre fjellartar å bita seg fast heilt fram til i dag.

  • Storbjønnskjegg

Storbjønnskjegg, vanleg i fjellheia på Stordøya. (Bjørn Moe)

  • Reinrose

Reinrose har sin vestlegaste vekseplass i Hordaland på Grønafjellet. (Jan Rabben)

  • turmalinkrystallane

Rosa Turmalin

I tysnesgabbroen, som òg dekkjer den nordaustlege delen av Fitjar, trengde det inn granittiske smelter og varme væsker då austevollgranittane kom på plass for 430–440 millionar år sidan. Nokre av dei danna pegmatittgangar – gangar med store mineralkrystallar, først og fremst feltspat, kvarts og glimmer. I fjellet i Fitjar fann studenten Ståle Raunaholm i 1997 ein spesiell jernfattig, rosa turmalin med namnet rubelitt. Denne steinen er av økonomisk interesse i mineralsamlarmiljøet, jamvel om han ikkje har smykkesteinkvalitet. Dei avlange krystallane vart bøygde og delvis knekte i bitar under den kaledonske kontinentkollisjonen.

  • Gaarder, G.; Moe, B.2000. Steinbrudd på Raunholm. Konsekvensutredning på tema Dyre- og planteliv. Miljøfaglig Utredning, rapport 6.
  • Meyer, O. B. 1983. Fjellflora og –vegetasjon på Stord og Tysnes. Hovedf. oppg. UiB.Botanisk institutt.
  • Sørheim, K. 1969. Floraen på Stord. Eige forlag.