• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Rimbareidtjørna

Rimbareidtjørna er i dag mykje attgrodd. Omfattande stell er påkravd i framtida for å sikra at viktige naturverdiar ikkje går tapt. (Svein Nord)

I hekketida kan du ikkje unngå fløytinga til storspoven eller mekringa til enkeltbekkasinen langs den smale vegen gjennom kulturlandskapet frå Rimbareid til Vestbøstad. Og på seine forsommarkveldar lyder sivsongaren sine intense tonar utover dei to særmerkte tjørnene i området.

For å skjerma fuglelivet vart Rimbareidtjørna og Vestbøstadtjørna verna som naturreservat i 1995. Store er desse våtmarkene ikkje, det kjem mellom anna av at tjørnene er senka fleire gonger for å vinna jordbruksland opp gjennom åra. Derfor er særleg Rimbareidtjørna sterkt attgrodd i dag. I store delar av året kan det vera vanskeleg å sjå ope vatn her, men det vatnet du ikkje ser, har fleire fugleslag funne fram til. Fuglane er gjerne godt gøymde, men lette å høyra ein stille vår- eller forsommarkveld. I 2009 vart det gjennomført eit større skjøtselstiltak her, ved at store mengder torv og jordmasse vart gravd opp og frakta vekk frå nedslagsfeltet. Det har betra situasjonen. 

Det er langt lettare å finna våtmarksfuglane ved Vestbøstadtjørna – dels fordi vassyta her ikkje er like attgrodd, men òg fordi det er bygd eit lite observasjonshus på eit høgdedrag ved vatnet. Alle som vil, kan nytta denne bua for å oppleva fuglane, eller for å søkja informasjon om området. På dyrka mark mellom Rimbareid og Vestbøstad er det ikkje uvanleg å sjå småflokkar med heilo, som anten rastar under trekket eller ventar på at snøen skal smelta i fjellet, så dei kan koma i gang med hekkesesongen. Og finn ikkje du vipene, så finn dei deg.

Fleire andeartar hekkar i Vestbøstadtjørna, mellom anna stokkand, krikkand og somme år brunnakke. Sivsporv og sivsongar er vanlege å sjå og høyra frå buskar og kratt. Vatnet er rikt på frosk. Meir enn 80 gråhegrar har ein sett samstundes, på jakt etter ein velsmakande, men gjerne sleip godbit. Den vesle dvergdukkaren hekka første gong i Hordaland ved Rimbareidtjørna i 1998. Året etter hekka eit par, sikkert det same, i Vestbøstadtjørna. Desse fuglane held seg her heile året, så sant det ikkje ligg is på vatnet.

  • Dvergdukkar

Vil du sjå dvergdukkaren på nært hald, må du gå varsamt fram. Dersom han kjenner seg truga, dukkar han og kan halda seg under vatn i lange tider. Då er det berre nebbet som så vidt bryt vassflata, slik at fuglen får luft. (Ingvar Grastveit)

  • Storspove

Storspove er ein typisk art i kulturlandskapet i Fitjar. (Jan Rabben)

  • Vestbøstadtjørna

Vestbøstadtjørna er svært frodig. Det har samanheng med tilsig av organisk materiale frå det omkringliggjande jordbruket. I moderat omfang kan slik forureining vera positivt for fuglane, sjølv om det naturlege preget er endra. (Blom Norkart Mapping)

  • Fylkesmannen i Hordaland. 1997. Rimbareidtjørna naturreservat. Informasjonsplakat.
  • Fylkesmannen i Hordaland. 1997. Vestbøstadtjørna naturreservat. Informasjonsplakat.
  • Odland, A. 1992. Skjøtsel av våtmarksreservat i Hordaland. NINA oppdragsmelding 172.