• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Liarbø, Fitjar

Liarbø ligg eit stykke sør for Storavatnet ­ eit typisk småbruk i kystbygda Fitjar. Det var her den norske tekstilforskaren Marta Hoffmann møtte tradisjonen med veving på oppstadvev, ein tradisjon som har vore levande i desse bygdelaga heilt fram til førre generasjon. Det er i dei ytre kystbygdene frå Sveio til Nordhordland at oppstadveven har vore halden i hevd som kvinnehusflid i gardshushaldet, og på Fitjar og i Hålandsdalen kan kvinnene framleis denne gamle kunsten. Då Sunnhordland Museum skipa til ei utstilling i 1958 om åkleveving og oppstadgogn – eller åklestøyrer som det heiter i Fitjar – kom det for dagen eit stort materiale.

  • Åkle fra Høyland på Stord - vov på oppstadvev.

Oppstadgogna - vevreiskap gjennom 3000 år

I Hordaland gjekk kunsten å veva på oppstadgogn, eller åklestøyre, for det meste i gløymeboka først på 1900-talet. Men i Sunnhordland har kunnskapen om denne vevinga levd lenge, og aller lengst på Tysnes, i Fitjar og i Hålandsdalen i Fusa. Berta Liarbø frå Fitjar (1921-2016) var ein av dei siste tradisjonsberarane, men ho har lært opp andre, slik at fleire skal kunna føra dette fine handverket vidare.

 

Manndalen i Troms er eit anna hovudområde for tradisjonane kring oppstadveven. Her finn vi også alderdommelege detaljar i vevinga av «grener»; ein sjøsamisk åklevariant. Det ligg nær å tenkja seg at desse teppa i sauekvitt og sauesvart liknar på dei typane som har gått under namnet «bròtkvitel» i mellomalderen; eit sengeteppe av ull med enkle bordar eller brauter som mønster.

 

Oppstadgogna har fått dette namnet fordi renninga er strekt mellom ein bom øvst på veven og steinar – kljåsteinar – som heng i renninga nede og held henne stram. Renninga heng altså om lag loddrett. Dette er ein vevstol som var i bruk hjå oss i forhistorisk tid; den eldste kjende vevstoltypen i Norden. I arkeologiske funn frå fleire tusen år tilbake finst det spor etter kljåsteinar som var bruka til å strekkja renninga.

 

Vevinga byrjar oppe på bommen, og vevaren smetter innslagstråden gjennom renninga med fingrane. Innslagstråden er nøsta opp i ei «garndokke», som kan førast fram og tilbake. Kvart nytt innslag vert slått fast med vevskei. Truleg er same teknikken i bruk i dag som for fleire tusen år sidan. Det er bronsealderens vevemåte som har overlevd i dei ytre bygdene i Hordaland og hjå sjøsamane i Troms og Finnmark, heilt fram til vår tid.

  • Berta Liarbø i veven

Åklevevarar i Fitjar

I naturalhushaldet si tid var spinning og veving vanleg i alle heimar. Det var ikkje berre nokre få spesialistar som vov. Mor lærte døtrene sine å veva åkle, og somme vart dyktigare enn andre.

 

Ei oppstadgogn som i dag er på Årskog museum, er merkt A.J.D.V. 1855. Denne vevgogna vart truleg gjeven som bryllaupspresang då Anna Johannesdotter Vik gifte seg i 1855. To av døtrene til Knut Olsen Fitjar og Marta Jensdotter, Mari (f. 1809) og Marta (f.1807) var åklevevarar. Marta vart gift til Liarbø, og ho sette varande spor etter seg. Då mannen hennar døydde i 1841, var ho 34 år gammal og hadde 5 born. I andre ekteskapet fekk ho dottera Anna i 1848. Anna fekk opplæring i oppstadvev av mor si, og ho lærte det vidare til dottera Oline (f. 1884).

 

Og medan vevtradisjonen gjekk tapt på gardane ikring, heldt Oline Liarbø fram med åklevevinga og lærte dottera Berta vevkunsten. Mor og dotter dreiv dette husflidsarbeidet i mange år. Oline fall frå i 1974 og Berta i 2016, men nye vevarar vart lært opp slik at ein stor husflidstradisjon frå førhistorisk tid vert ført vidare – ein viktig del av den nasjonale kulturarven.