• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Akvarell av det tette bygningsmiljøet i Engesund på 1800-talet

Akvarell av det tette bygningsmiljøet i Engesund på 1800-talet (akvarell: J. M. Hufthammer 1947, foto: Svein Nord).

I over 350 år har det vore gjestgjevarstad og handelsstad på Engesund i Fitjarøyane. Plassen ligg midt i leia, med ei lun hamn attmed den vêrharde Selbjørnsfjorden. Engesund var eingong ein del av det store nettverket av historiske overnattingsstader på kysten.

Engesund er nemnd som tingstad alt i 1650. 11. januar det året sat sorenskrivar, fut og seks lagrettemenn i tingstova der, med Ingeborg Olsdotter frå Bergen framfor seg. Ho vart dømd som heks og brend på Horneland i mai.

Gjestgjevarverksemda på kysten vart fastlagd i forordninga av 1648, og handelsverksemda skriv seg attende til same tida. Engesund var eitt av dei første kremmarseta utanfor byen. Fram til 1842 var det byborgarar som hadde hand om handelen, seinare tok bygdefolk over. Landhandelen vart lagd ned i 1973.

Det byprega «storahuset» vart bygt rundt 1840 av den eventyrlege seglskuteskipperen Tollev Thomsen frå Tysnes. Attåt handelen dreiv han med den største sildenota i distriktet og var ein av dei mest driftige notbasane på kysten.

Dei blankskurte svaberga har vore tørkestaden for store mengder salta torsk opp gjennom åra. I høgsesongen var det arbeid for 200 mann. Lyngbrenning gav beite for utegangarsau, torvspading gav varme i stova. På dei frodige bøane dyrka dei korn, og vatnet på øya traut aldri.

På tunet stod tett i tett med hus: eit stort sjøhus, lagerbu, løe, uthus, tingstove med gardsklokke på taket, fargeri, bakeri og bondestove. På sjøen har eigarane drive med hummar- og østersoppdrett. I dag er det lakseoppdrett som gjev attåtnæring og arbeidsplassar. Berre hovudbygningen, eit sjøhus og nokre andre bygningar står att i dag. Engesund vart i mange år drive som sommarpensjonat og er i dag ein nydeleg stad å koma til.

  • Engesund

Den gamle handelsstaden Engesund, gjestgivarstad i 350 år – og truleg indirekte årsak til at Hordalands einaste førekomst av sik finst nettopp her. (Helge Sunde)

  • Lura, H.; Kålås, S. 1994. Ferskvassfiskane si utbreiing i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Rapport,Zoologisk Museum,UiB.
  • Utne, J. (1977) Handelsstedet Engesund. Husbukken, 1977(4), s. 22-26.