• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Elias Fiigenschougs måleri av Halsnøy kloster, 1656

Av Elias Fiigenschougs måleri frå 1656 ser vi korleis anlegget då såg ut; mange av mellomalderbygningane stod framleis (Foto AV-avd. UiB etter repro. Original i Skokloster slott (Sverige)).

Halsnøy kloster ligg midt i det frodige fjordlandskapet i Sunnhordland, på eitt av dei låge eida, eller 'halsane' som har gjeve øya namn. Slake bøar skrånar ned mot sjøen på begge sider; i sør mot Klosterfjorden, i nord mot den lune Klostervågen.

Halsnøy kloster vart truleg grunnlagt i 1163-64 av Erling Skakke, etter kroninga av sonen Magnus: «Udi samme kronelse lovede Erling Skakke, kongens fader, at bygge sin søn til bønerhold Halsnø kloster, sancto Augustino til lov og ære» (Bergens Fundats 1580). Om Erling gav grunn til klosteret frå eige gods eller frå kongens, veit vi ikkje, men det må ha lege ein stor og god gard her før klosteret vart grunnlagt.

Dei som heldt til i dette augustinarklosteret var ikkje munkar i eigentleg forstand, men prestar som vart kalla regulære kannikar eller korbrør. Truleg var det ikkje fleire enn 13 korbrør i klosteret. I tillegg kom tenestefolk og andre som hadde ansvar for klosterdrifta.

Halsnøy vart eitt av våre største og viktigaste kloster i mellomalderen. Det hadde store jordeigedomar på Vestlandet, dei fleste i Sunnhordland og nordre del av Ryfylke. Kring 1300 vart klosteranlegget ombygt og utvida, og slik stod anlegget heilt fram til reformasjonen. Då byrja forfallet; klosteret hadde vorte ein adeleg setegard med vekslande eigarar. I 1630-åra fekk Erik Ottesen til Orning på Stord løyve frå kongen til å ta 400 stein frå kyrkjeruinane for å utbetra dei andre bygningane.

  • Rekonstruksjonsskisse av Halsnøy kloster

Rekonstruksjonsskisse av Halsnøy kloster

Rekonstruksjonsskissa gjev oss eit bilete av korleis anlegget kan ha sett ut: Klosterkyrkja, austfløya med kapittelsal og dormitorium (sovesal), sørfløya med matsal. Desse bygningane rammar inn «claustrum»; den indre klostergarden, som truleg har hatt ein overdekt korsgang kring. Den ytre klostergarden er omkransa av bygningar knytte til drifta. Her har m.a. vore gjestehus og proventshus (sjuke, gamle og fattige). (teikning Marvin Halleraker, 1992, rekonstruksjon).

  • Færøyvik, B. (1934) Halsnøy-baaten. Norrøna bragarskrá, 8. árg.
  • Lidén, H.-E. (1961) Halsnøy kloster.
  • Magnus, B. (1980) Halsnøybåtens tekstiler. Arkeo, s. 22-25.
  • Myhre, B. (1980) Ny datering av våre eldste båter. Arkeo, s. 27-30.
  • Nerhus, H. (1957) Norges eldste landskapsmaleri og mesteren Elias Fiigenschoug. Oslo, Form og farge.
  • Sandvik, S. (1987) Halsnøy kloster: ein vegvisar i ruinane.
  • Skre, I. (1969) Noko om Halsnøy Klostergods. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 12-27.
  • Utåker, A. (1981) Skule-Gunnnar. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 57-60.