• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kapteinsgarden på Fet i Uskedalen

Det halvvalma hovudhuset på kapteinsgarden Fet er bygt i 1775 av Johan Koren Dahl, som var sjef for det nordre sunnhordlandske kompani på Tysnes. Johan var son til Mathias Dahl, som slo seg ned på indre Fet i Omvikdalen i 1745, etter at han hadde vore forvaltar ved baroniet i Rosendal i 20 år. Eldste son til Johan, Christian Lerche Dahl, var sjef for det sunnhordlandske kompaniet i Etne.

Hovudbygningen er prega av bergensklassisisme. Den store salen i første høgda har fransk tapet frå omkring 1800. Dei breie golvborda ligg som for to hundre år sidan. Ved sida av salen ligg «baronskammerset»; eit vitnemål om dei sosiale banda mellom «høgrestandsfolket» i lokalsamfunnet.

Kapteinsgarden vart freda i 1923.