• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Den adelege slekta Rustung hadde setegarden sin på Seim. Ved reformasjonen i 1537 måtte erkebisp Olav Engelbrektsson røma landet, og Kristoffer Trondsson Rustung førte flåten hans til Holland. Nokre år seinare vart han utnemnd til dansk admiral av Christian III, og deltok i krigen mot Karl V. Etter freden fekk han eit stort gods i forlening av kongen, med gardar og landområde både i Danmark og Noreg.

Kristoffer Trondsson var gift med Karen Skanke, og dei hadde 8 born som voks opp. Ei av døtrene, Anna («Skottefrua»), vart i 1560 trulova med den skotske jarlen av Bothwell. Jarlen forlet Anna i Holland, etter å ha brukt opp pengane hennar. Den forsmådde Anna drog seinare til Skottland og var truleg ei tid ved hoffet hos dronning Maria Stuart.

Søstera, Elsa Tronds, overtok garden Seim. Ho vart gift med den skotske adelsmannen Anders Mowat som budde på Hovland på Tysnes.