• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sunde i Kvinnherad

Sunde (Sev. Kannelønning, eigar Sunnhordland Museum).

BRISLING OG BÅTBYGGING

I 1852 sette Haktor Thorsen opp to store sjøbuer på eitt av gardsbruka på Sunde og tok til med handel og sildesalting. Dette vart starten på eit industrieventyr som gjorde Sunde til den første industristaden i Kvinnherad.

Sunde hadde god hamn, og Haktor Thorsen, som ei tid hadde drive handel på Holmedalsanden, svinga seg opp med fiske og fraktefart. Jaktene hans førte sild frå Nordland til austersjølanda og kom i retur med kornlast til Sunde.

I 1866 byrja Haktor Thorsen med hermetisk nedlegging av brisling og ansjos; i den første tida i handlaga blekkboksar. Etter at verksemda tok i bruk ei falsemaskin innkjøpt frå Sverige, steig produksjonskapasiteten. Men først etter at Thorsen hadde studert hermetikkdrift i Frankrike i 1870, vart det for alvor fart i omsetnaden.

I 1875 kjøpte Hermann Valvatne, ein handelsmann frå Sagvåg, landhandelen til Thorsen. Også Valvatne slo inn på hermetikkproduksjon og sette opp ein stor fabrikkbygning nord for handelsbua. Fram mot hundreårsskiftet sysselsette dei to fabrikkeigarane eit hundretals arbeidarar i den beste sesongen, og Sunde vart meir og meir eit sentrum for industri, handel og samferdsle. Frå 1860-åra hadde Sunde hatt faste dampskipsruter til Bergen og Stavanger. Haktor Thorsen vart dampskipsekspeditør.

Kring 1890 vart grunnen lagd for eit anna stort industritiltak som fekk mykje å seia for Sunde: skipsverven til Hans Gravdal på Opsanger. Verksemda vart flytta gradvis over frå Gravdal på Halsnøy til tomta ved Opsangervågen. Gravdalsverven utvikla seg til å verta ein av dei største treskipsvervane i landet. Sunde fekk postopneri i 1892 og rikstelefonstasjon nokre år seinare. Hermetikkfabrikken vart overteken av Chr. Bjelland & co. i 1914, og her vart drifta innstilt i 1988. Ein stor industriperiode var då over.

 

  • Hermetikkindustri, Sunde i Kvinnherad

Kvinnearbeidsplass

Hermetikkindustrien var ein viktig kvinnearbeidsplass (Helge Sunde).

  • Etikett frå Sunde, Kvinnherad

Etikett frå Sunde

Etikett (i privat eige).

  • Eldøy, K. & Vaage, E. (1988) Sunde i Sunnhordland: der brislingindustrien tok til. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 102-112.
  • Nerhus, H. (1955) Frå vikings tid til vår tid: eit stykke vestnorsk skipsbyggingssoge. Sunde, Gravdal skipsbyggeri og trelastforretning.