• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hopslia

Somme av kjempetrea i Hopslia nord for Holmefjord er så mykje som tretti meter høge. Alm og ask er mest vanlege, lind er sjeldnare. Mjukt fjell, lune veksttilhøve og nok av lys gjer at dei trivst nettopp her.

I området mellom Eikelandsosen og Tysse er det lett å sjå korleis vegetasjonen vekslar med dei ulike landskapsformene. Som regel dominerer furuskogen på åsane og der terrenget er småkupert. Lauvskogen står som tettast i dei bratte liene.

Nord for Holmefjord, i dalen som fører eit par kilometer nordover frå Hope og litt inn i Samnanger kommune, ligg ei langstrekt li med lauvskog. Ei av dalsidene, Hopslia, ligg gunstig vend mot søraust.Våren kjem tidleg her, plantene kan dermed dra nytte av ekstra lang sesong. Og når berggrunnen attpåtil er skifrig, ligg alt til rette for edellauvskog.

Forutan alm, ask og noko lind veks det òg mykje hassel i lia, somme stader så tett at skogbotnen blir svært skuggefull. Lengst inne i dalen er det gråoren som rår grunnen. Dei to bregnene strutseveng og junkerbregne er typiske saman med ei rekkje urter.

Einskilde artar har funne grobotn i den bratte bergveggen i overkant av skogen. Meir lys og mindre konkurranse gir betre sjanse for å overleva. Sidan fuglane spreier frøa, har barlind kunna slå rot høgt oppe i bergsprekkane. Særleg store blir likevel ikkje trea på slike stader. Bergflette klatrar i bergveggen. Jamvel bergfrue klarar seg så lenge det ikkje er tre som kastar skugge.

Hopslia er fuktigare enn dei fleste edellauvskogane i fylket.Årsnedbøren i lia er så høg som 2500 millimeter. Etter mykje regn kan skogbotnen vera svært sleip.Vatnet sildrar frå berget og nedover lia, gjerne lenge etter at det har slutta å regna.

  • Junkerbregne

Junkerbregne, ein av dei mange store bregnane som veks i Hopslia. (Bjørn Moe)

  • Kolderup, N.- H. 1953. Geologi for hvermann. Hålandsdalen – Strandebarm – Kvamskogen. Bergen Turlag Årbok 1953:30-43.