Publisert: 29.07.2015 | Forfattar: Nils Georg Brekke, Sigrid H.H.Kaland
Hammarsland ved Gjønavatnet, midtvegs inn til Kikedalen har ein gammal tunskipnad. På den eine sida av gardsvegen gjennom tunet har det lege ei mellomalderstove bygd saman med eldhus og ei grindbygd skykkje, på den andre sida av vegen ei lemstove frå 1800-talet, samanbygd med ei stor stavløe. I tunet står det også eit stabbur og ei glasstove med fin rosemåling frå midten av 1800-talet.
Kulturlandskapet kring tunet på Hammarsland gjev eit nærbilete av ressursane i naturalhushaldet på ein einbølt gard i mellomalderen; med innmark, skog og fiskevatn.
Kårfolket på geitegarden Hammarland i 1933. Kirsti Andersdotter Hammersland (1859–1940) og Engel Monsen Boge Hammersland (1849–1932) hadde eit strevsamt liv, der alle ressursar, også i utmarka, vart utnytta. Ti born vart fostra opp på den vesle garden ved Gjønavatnet. Som kårmann hadde Engel ansvaret for å syta for veden til ostegryta når dei ysta om somrane.