• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Handelsstaden Engevikhavn, Fusa

Handelsstaden Engevikhavn. Oljemåleri av Knut Olai Engevik kring 1926.

Gjestgjevarverksemda i Engevik på 1700-talet kan ikkje ha vore særleg omfattande. Men hundre år seinare voks det fram ein handels- og gjestgjevarstad på ein parsell kalla Engevikhavn. Det var på denne staden Segelcke i 1729 hadde fått løyve til krohald og gjestgjevarverksemd.

Handelsstaden vart bygd opp kring 1820 av Lars S. Meidell, svigerson til løytnant Nyegaard, som då åtte Engevik. Med grunnlag i det rike fisket i og kring Sævareidfjorden skapte Meidell ei verksemd som omfatta eksport av hummar og sild, kornimport, gjestgjeveri og landhandel. Opptil 50 menneske kunne vera sysselsette i sildesesongen. Dette skapte gode ringverknader i bygdesamfunnet både i bøkkararbeid og fartøybygging.

Verksemda i Engevikhavn nådde sitt største omfang i 1840- og 50-åra. Frå 1847 finst ei detaljert skildring av Engevikhavn, ført i pennen av ein tysk lækjar, August v. Moritz, som var på gjennomreise til Hardanger. Uventa for han var dei gode tyskkunnskapane i familien Meidell, noko som kan forklarast av den nære handelskontakten med dei tyske austersjøbyane. Meidell hadde sin slektsbakgrunn i ein offisersfamilie frå Estland.

Då handelen vart frigjeven i 1842, fekk Meidell løyve til å driva landhandel og gjestgjeveri. Meidell innreidde krambu, bygde bakeri og tilsette bakar. Den nye landhandelen hadde opplandet sitt frå Lukksund i sør til Øvre Hålandsdalen i nord.

Notbuene, saltebuene og nausta i Engevikhavn skriv seg truleg frå 1820-30-åra. Kring 1850 må staden ha vore fullt utbygd, med kaiar, hopar og båtopptrekk. Her var smie, eldhus, borgstove, to bustadhus, bakeri, ishus, to stabbur, to naust, to notbuer, saltebu, lagerbu for korn med krambu, løe med flor og smalhus.

Lars Meidell skøytte eigedomen over til sonen Frantz i 1863. I hans tid vart verksemda konsentrert kring pensjonatdrift og landhandel. Han innreidde den gamle hovudbygningen som sommarpensjonat. I 1880 byrja Bjørnens Dampskipsselskap fast rutetrafikk på Engevikhavn, og frå 1885 fekk staden postopneri. Konkurransen frå nye landhandlarar og postopneri i det gamle opplandet vart stadig hardare. Kring 1910 vart krambua lagd ned. Pensjonatet vart drive til ut i 1920-åra. Det er som feriestad for betrestilte bergensborgarar at Engevikhavn enno i dag lever i minnet til eldre menneske.

  • Sildesalting i Engevikhavn i 1894.
  • Brita Kattegat under sildesalting på Engevikhavn i 1894

Sildesalting i Engevikhavn og Brita Kattegat i arbeidd (nedst), 1894  (Th. Selmer, eigar Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (Bs.5124/2 og 5430/4)).

  • Gierløff, C. (1959) Sævareid: en vestlandsk treforedlingsbedrift og kultursaga. Bergen.