• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gjønavatnet og Kikedalen

Gjønavatnet og Kikedalen (Svein Nord).

Stupbratte fjellsider ragar over tusen meter rett til vêrs i ville og tronge Kikedalen ved enden av Gjønavatnet. Sjølv midtsommars er det berre sju soltimar nede i dalbotnen. I kraftig regnvêr dansar eit utal små og store fossar nedover fjellsidene.

Nedst mot Gjønavatnet dannar dalbotnen ei vel tre hundre meter vid og flat beitemark. Oppover dalsidene er det frodig edellauvskog, med mellom anna ask, alm, hassel og bjørk. Lenger inne, nedanfor Setehaugtjørna, har ras fylt opp heile dalbotnen med storblokka ur, slik at elva frå Setehaugtjørna oftast renn djupt nede i ura. Ein halv kilometers veg nordover frå dette vatnet smalnar dalen til eit bratt gjel langs Skaraelva. I dette gjelet går ein gammal ferdslestig over fjellet til Frøland i Samnanger.

I Kikedalen var det fast busetnad gjennom heile jernalderen og fram til svartedauden. Ruinane av gardshusa ligg på terrassen nede ved vatnet som graskledde forhøgningar i landskapet. I dag lever enno segnene om Kikedalsbonden, han levde av husdyrhald og jakt. og hadde liggjande tre tønner med salta tunge av smale og vilt. Hausten 1349 kom pesten til gards, og seinare har det ikkje vore gardsbusetnad på øydegarden i Kikedalen. Men lauvfôret i dalen vart rekna som så verdifullt at andre bønder heldt fram med lauvinga etter at garden var nedlagd. Granskingar av vegetasjonshistoria stadfester at det har vore sanka lauv frå edellauvskogen i meir enn 1500 år. Tradisjonen tok slutt i 1950-åra, 600 år etter at kikedalsbonden la ned sigden.

Kikedalen har så særprega topografi, vegetasjon og kulturhistorie at området er med på den nasjonale lista over særleg verdifulle kulturlandskap. Merkt stig til Kikedalen startar på Gjøn.

  • I februar 1998 måtte folket på Gjøn la bilen stå og i staden ta beina fatt forbi rasstaden.Vegen hadde hamna i Gjønavatnet. (Rune Sævig)

Mundheimsforkastinga

Frå Mundheim i Kvam i sør til Frøland i Samnanger i nord går det ei gigantisk kløft gjennom heile Fusa kommune. Og langs Mundheimsdalen har riksvegen lange, rette strekningar. Forklaringa er å finna i geologien.

 

Vegen går nemleg langs ei av dei store, nesten nord-sør-orienterte forkastingane som skjer seg gjennom berggrunnen i Hordaland. Ikkje berre Mundheimsdalen, men også Gjønavatnet, Kikedalen og den 500 meter djupe Øynefjorden som skil Varaldsøy frå fastlandet, er utgravne av vatn og is langs denne forkastinga.

 

Forkastingsdalar kan ein kalla terrengformer som er gravne ut langs slike store, ofte rette forkastingar. Slike dalar har gjerne stupbratte dalsider, der skred og ras kan skapa vanskar for dei som bur og ferdast der. Både ved Mundheim og Gjøn og i Kikedalen har det gått ras. Gjøn, på austsida av Gjønavatnet, var både i 1997 og 1998 isolert frå omverda. Ein hadde merka at den smale grendevegen seig alt før 1997, men først dette året vart det så gale at det vart stenging. Etter store nedbørsmengder i februar 1998 seig så heile vegen ned i det djupe Gjønavatnet. Glimmerskiferen og rasmassane hadde forvitra til ei leirig forvitringsjord i det skrå terrenget. Etter det kraftige regnvêret fekk jorda auka tyngd og minska friksjon, slik at vegunderlaget sklei ut.

 

Mindre forkastingar lenger vest i Fusa har skapt furer i terrenget som skil ut fjelltoppane Fusafjellet, Håvikamulen, Haugafjellet og Rødsfjell. Langs nokre få av desse forkastingane, som ved Baldersheim og vest for Sævareid, har ein funne diabasgangar lik dei ved Espevik på Tysnes og fleire andre stader i Sunnhordland. Dette er dei austlegaste gangane av denne typen ein kjenner til på Vestlandet.

  • Mundheimsforkastinga

Mundheimsforkastinga – ei av dei lengste forkastingane i fylket – kryssar Hardangerfjorden og held fram gjennom Mundheimsdalen og vidare langs Gjønavatnet og inn Kikedalen. (Haakon Fossen)

  • Haaland, I. (1949) Kikedalsbonden: ei gamal segn frå Haalandsdalen. I: Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 51-60.
  • Kikedalen: ein grøn dal mellom bratte fjell (1990). I: Brendehaug, E. red. Vestafjells. Bergen, Bergen turlag, s. 95-103.
  • Valle, P.; Færseth, R. B.; Fossen, H., 2002. Devonian-Triassic brittle deformation based on dyke geometry and fault kinematics in the Sunnhordland region, SW Norway. Norsk Geologisk Tidsskrift 82:3–17
  • Hordaland, verdifulle kulturlandskap frå hav til fjell. Fylkesmannen i Hordaland, Landbruksavdelinga og Miljøvernavdelinga.2000.