• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Skogseidsvatnet

REKORDFISK

Skogseidvatnet er det mest namngjetne fiskevatnet i Hordaland, med gode fangstar av både røye og aure. Fiske er det heile året: garn om hausten, vinterfiske med pilk på isen og stongfiske sommartid.

Skogseidvatnet ligg berre 13 moh. Største djupna er om lag 130 meter. Sævareidvassdraget, som Skogseidvatnet er ein del av, er naturleg næringsfattig med lågt innhald av organisk stoff, men har over tid fått tilført store mengder næringssalt frå oppdrettsverksemd og landbruk. På midten av 1980-talet vart det store mengder giftige blågrønalgar i Skogseidvatnet. Det finst framleis blågrønalgar, men i langt mindre mengd, og også fosforkonsentrasjonen er redusert.

Det er teke røye på over 8 kilo i vatnet. Det er mellom dei aller største som er landa i Noreg. At det er godt med næring for fisk, særleg på utsida av oppdrettsmerdane, kan forklara at røya blir så stor. Det har òg samanheng med at ho er av ein annan, større type, som skil seg genetisk frå røya vi finn elles i Noreg. På hausten er garnfiske etter røye i det vakre vatnet god matauk for bymann og bonde.

Også auren blir stor i Sævareidvassdraget. Det er dessutan fanga regnbogeaure på heile 10,1 kilo med stong i Skogseidvatnet. Det er europeisk rekord med mest ein kilo. Stamma av regnbogeaure er eit resultat av rømd fisk frå eit matfiskanlegg som låg i Skogseidvatnet på 1980-talet. Anlegget var omstridd på grunn av ureining og fare for å påføra villfisken sjukdommar. I dag formeirar vill regnbogeaure seg i vatnet, som ein av få stader i Hordaland.

Oppsitjarane her har lært mykje og reknar seg i dag som føregangsmenn når det gjeld fiskeoppdrett i ferskvatn. Matfiskanlegget er fjerna for lenge sidan. No finst her tre laksesmoltanlegg i staden, og dei bidreg til at Fusa produserer meir setjefisk enn nokon annan kommune i landet. Samstundes er faren for ureining til stades, og vassdraget må overvakast nøye. I tillegg til å gi ekstra næring for villfisken gir fôroverskotet frå verksemda mat for endene. I periodar vinterstid held fleire hundre ender seg ved det eine anlegget, i hovudsak kvinender.

  • Sportsfiskar Trond Johansen med røye i Skogseidvatnet

Sportsfiskar Trond Johansen med røye i Skogseidvatnet. (Atle Skjelde)