• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Jettegrytene ved Koldalselva

Første- og andreklassingar 2004 ved Eikelandsosen skule framfor jettegrytene ved Koldalselva. (Svein Nord)

«Så mange og svære jettegryter som i Eikelandsosen, kjenner vi ikke andre steder på Vestlandet, og så vakkert slipt som fjellet er langs elven opp til Koldal, skal en lete etter maken til. Det er meget som fryder en geologs øyne. Kunne bare disse linjer skaffe andre litt av samme gleden!»

Fusa har nøgda av jettegryter, ikkje berre dei i Eikelandsosen, som geologiprofessor Niels-Henrik Kolderup lovprisa i midten av førre hundreår, men òg i Sævareid, Femanger og Sundvor. Sjølve kommunevåpenet for Fusa kallar fram førestellingar om vasskvervlar og jettegryter.

Omgrep som «jetter» og «jøtlar», og namn som «Gygrarøvo» og «Helvete», syner at fantasien har fått fritt spelerom, og at opphavet til desse naturfenomena har vore vanskeleg å skjøna for folk flest.

Jettegryter er oftast utforma i den relativt mjuke bergarten glimmerskifer, men dei finst òg i granitt. Kvite eitlar av «mjølkekvarts» i glimmerskiferen er mykje hardare enn det mjuke glimmerberget. I veggene på jettegrytene står eitlane derfor litt ut frå fjellsida. Nokre stader finn vi svarvesteinar («malesteinar») i botnen av grytene. Dei er alltid av eit hardt steinslag, anten granitt, gneis eller kvartsitt.

Jettegryter i elvar

Dei grytene som ligg i ei elv, syner korleis jettegryter blir danna. Rennande vatn set grus og stein i rørsle. Der det er ei lita grop i fjellet i botnen av elva, vil steinar gå rundt og rundt når straumen er stri nok. Steinane slit på fjellet og blir sjølve nedslitne. Elva fører stadig nye steinar med seg, og dei held fram arbeidet med å laga gryta større. Gravinga går føre seg i flaumperiodar. Når straumen minkar, legg svarvesteinane seg på botnen av gryta. Under neste flaum startar arbeidet att.

Jettegryter i tørre elvegjel

Når vi finn store jettegryter i tørre gjel eller langt frå elva, får vi problem med forklaringa. Kan det verkeleg ha runne vatn slike stader? Det måtte ein isbre til for å få dette til. Smeltevasselvane under breen rann på dei underlegaste stader, til og med i motbakke. Trykktilhøva under breen pressa gjerne vatnet litt opp frå dalbotnen der vatnet leita fram ei sprekkesone i fjellet og grov ut eit gjel med jettegryter. Nokre stader er det tydeleg at gjelet er danna ved at fleire gryter har vakse saman. Somme jettegryter har ei svak spiralform som syner at vatnet har strøymt i spiral ned langs sidene av gryta. Dette ser vi tydeleg i ei av jettegrytene i Eikelandsosen. Her ligg det fleire jettegryter ved gangvegen, berre 50 meter nordaust for sentrum. Den største gryta har tydeleg spiralform. Det vart sprengt hol i gryta då ein bygde veg, derfor er det råd å gå inn. Lenger vest er det fleire små gryter i fjellskråninga.

Halve jettegryter

Olaf Hanssen, som kartla jettegryter i Fusa i 1930-åra, trudde at den andre halvdelen av dei halve jettegrytene var rasa ned eller fjerna av breen. Finst det ei anna forklaring?

I Eikelandsosen er det halve gryter fleire stader. Dei største ligg langs Koldalselva. 250 meter ovanfor der vegen til Tysse tek av, kan du parkera i ein nedlagd yttersving. Der står det skilt som syner veg til grytene. Her kjem du inn i botnen av dei 13–14 meter høge halvkvelvane. Sjølve isbreen må ha vore den andre helvta. Smeltevatn under breen lasta med grus og stein slipte bort isen, men breen kom stadig sigande over fjellkanten og forsynte utsida av gryta med ny is. I halve jettegryter finn vi ofte skuringsstriper som syner at gryta i periodar med mindre smeltevatn «klappa saman» slik at breen kom heilt inntil og skura på fjellet.

Sjølv om vi no veit mykje om korleis jettegryter blir danna, er det likevel spanande både for vitskapsfolk og naturinteresserte å studera desse underlege formene.

  • Kart over jettegryter i Fusa etter Olaf Hanssens kartlegging i 1930-åra.

Kart over jettegryter i Fusa etter Olaf Hanssens kartlegging i 1930-åra. Fleire av jettegrytene (m.a. i Sævareid og Sundvor) er øydelagde.

  • Hanssen, O. Jettegrytor i Fusa herad. Fusa før i tio. Utan år.
  • Reusch, H.H. 1882. Silurfossiler og pressede konglomerater i bergensskifrene.
  • Aarseth, I. 1971. Glasiasjonsforløpet i Bjørnafjordsområdet, Hordaland. Upublisert hovedoppgave, UiB.
  • Aarseth, I. 1991–92. Jettegrytene i Fusa. Korleis vart dei danna. Fusa før i tio: 15–18.Fusa kulturminnelag.