• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vinnesleira

ISTIDSLEIRA

Langgrunne vikar med fin sand og leire er sjeldne i Hordaland. Der dei finst, er årsaka gjerne at brekanten gjorde mindre framstøyt eller opphald då han kalva attende på slutten av istida. Det var dette som skjedde ved Vinnesleira.

I ein mild periode for 14 200–12 800 år sidan vart Bjørnafjorden og Fusafjorden isfrie. Leire med skjel vart avsett på det som då var havbotn, men som i dag er tørt land på Vinnes. I området frå trelastlageret på Skåte og sørover mot skulen på Vinnes er det ofte knuste skjel å finna i den hardpakka leira. Skjela vart knuste då breen rykte fram att 1500 år seinare og stogga litt sør for Vinnesholmen. Der la han opp ein endemorene som i dag er ein tange med store blokker ut i fjorden (Skagen). Morenen held fram over fiskegrunnane vest av Hatlemnesholmen og tvers over fjorden heilt til Os. På landsida held han fram i jordbakken bak skulen og vidare oppover mot fjellet. Silt og leire vart ført vidare av straumen og avsett på botnen i det området som no er Vinnesleira og den store sletta langs vegen til Strandvik. Boringar på denne sletta syner over 27 meter tjukke lag, det meste vart avsett då isbreen låg i nærleiken, berre dei øvste 6–7 metrane er frå tida etter. Området her (4 moh.) vart tørt land for 2600 år sidan. Seinare har det vakse om lag 1 meter torvjord oppå leira.

I tida 1878–1923 vart det drive teglverk på Vinnes. Det vart demt opp og teke ut leire frå sjøbotnen. Dammane rett innanfor kaien, der teglverket låg, er framleis synlege.

  • Kart over Vinnesområdet for 11700 år sidan

Kart over Vinnesområdet for 11700 år sidan. Terrassen på Dalland (72 moh.) var då eit delta ut i fjorden. (Inge Aarseth/Eva Bjørseth)

Matfat for vadefuglar

Fuglelivet ved Vinnesleira er særleg livleg ved fjøre sjø om hausten, når vadefuglar på tur sørover finn ein god rasteplass nett her. Heile 21 ulike artar vadefuglar er registrerte ved Vinnesleira.Myrsnipe, heilo og sandlo er dei vanlegaste. Likevel vil du berre unntaksvis sjå store flokkar. Det har samanheng med at staden ligg noko avsides i høve til den mest nytta trekkleia, som går lenger ute ved kysten. Skjel, muslingar og børstemakk er truleg dei viktigaste næringsemna for vadefuglane her.

 

Vinnesleira ligg skjerma til, med frodig vegetasjon tett innpå. Såleis er det eit variert fugleliv også om sommaren, men då også med fuglar som er knytte til skogen omkring. Stundom er store måseflokkar innom. Dette er truleg hekkefuglar frå Steglholmen og Gåseskjeret – eit verna sjøfuglreservat som ligg like utanfor Strandvik. Sjøfuglreservatet har nokre av dei mest stabile hekkekoloniane av fiskemåse i fylket.

  • Strandvindel

Levande natur på ein rest frå istida

Ved Vinnesleira veks dei ulike plantesamfunna kvar på sin plass, etter kor mykje saltvatn dei toler. Fjøresaltgras veks lågast ned og blir stadig sett under vatn. På litt grunnare område blir dette graset avløyst av saltsiv, og deretter av strandkryp og strandkjempe. Salt held dei fleste plantene borte, og derfor aukar talet på artar innover mot land. Strandvindel (biletet) slyngjer seg oppover andre vekstar og opp i trea. Med store, kvite blomar er han lett å få auga på. Svartor dannar ei smal bord med skog rundt vika. Ho kan veksa nær sjøen, ettersom ho toler å ha røtene i saltvatn i korte periodar.

 

Inst i vika er stranda påverka av ferskvatn frå ein bekk. Her finst strandsumpar med dei høge plantene havsivaks, havstorr og strandrøyr. Den kompakte leira gjer at det kjem lite luft ned i det laget der plantene har røtene sine. Utan oksygen kan røtene ikkje utføra livsnødvendige oppgåver, som anding og opptak av vatn og næring. Plantene i strandsumpar har derfor utvikla luftvev som transporterer oksygen frå plantedelar over bakkenivå ned til røtene.

  • Vindenes, R. 1972. Fugleregistreringer fra Vinnesleiren, Fusa kommune. Krompen 1 (2):11–12.
  • Øvstedahl, D.O.; Aarseth, I. 1975. Bryophytes from Late Weichselian sediments at Vinnes, Western Norway. Lindbergia 3:61–68.
  • Aarseth, I. 1971. Glasiasjonsforløpet i Bjørnafjords området, Hordaland. Upublisert hovedoppgave, UiB.