• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fiske nedst i Etneelva

Fiske nedst i Etneelva. (Svein Nord)

BESTE LAKSEELVA I FYLKET

Det er framleis liv i hangande snøre. Etneelva har vore den viktigaste elva for sportsfiskarar i Hordaland etter at laksefisket i Vosso vart mellombels forbode. Det vart teke vel 4 tonn laks og sjøaure i Etneelva så seint som i 2000, det beste fisket på 10 år. I heile landet er det berre 15–20 elvar som kan måla seg med denne fangsten.

Etneelva – og forgreiningane Sørelva og Nordelva – buktar seg, meandrerer, gjennom lausmassane på si ferd mot fjorden.Elva grev i massane i yttersvingane og legg dei att i innersvingane. Under flaum er masseflyttingane meir effektive enn til vanleg, og elva kan gjera stor skade. Det har då òg vore store skadeflaumar gjennom tidene, sist i 1983.

Mest kjend er Etneelva for laksefisket. Fiskesesongen varer om lag 100 døgn. Grunneigarane sine inntekter frå fiskeutleige åleine blir rekna til rundt 1,5 millionar kroner i året.

I Etnevassdraget går laksen heilt opp til Frette. Nokre skal jamvel ha teke laks ved Øyno. Før det vart bygt ei lita laksetrapp, var det vanskeleg for mindre fisk å passera Håfoss. Det går òg laks opp Sørelva til det regulerte Litledalsvatnet.

Som elles i landet har det totalt sett vore nedgang i fisket dei siste åra. Fangsten har variert frå 7,7 tonn i 1990 og ned til under 3 tonn årleg. Heller ikkje Etneelva har unngått problem med vasskraftregulering, lakselus og rømd oppdrettslaks, men elva har framleis god, naturleg tilvekst av laks.

  • Etnevassdraget

Etnevassdraget

  • Håfoss i Etneelva

Eldorado for fossekallen

Etneelva har høg produksjon av vassinsekt, som i klekkinga skaper livsgrunnlag også for fugleartar som lever langt unna elva. I elvestrekninga nedanfor Stordalsvatnet finn vi den største, kjende vintersamlinga av fossekall i Hordaland. Det er sett fleire titals individ samstundes her, helst i kalde periodar, når vassføringa ikkje er større enn at fossekallane effektivt kan finna insektlarvar på botnen.

 

Fossekallen lever mykje av vårfluge- og steinflugelarvar, men saman med laksand og gråhegre tek han òg ein del fiskeyngel. Dei et likevel ikkje meir enn det naturen toler. Fossekallen er elles ein hardfør fiskar med uvanleg tett kropps- og beinbygnad, som gjer han rusta til eit liv i fossar og stryk. Det blir årleg ringmerkt mange fossekallar i Noreg. Ein del av dei er funne att i Sør-Sverige og Danmark om vinteren.

  • Storfangst etter fiske i Etneelva i byrjinga av førre hundreåret.

Storfangst etter fiske i Etneelva i byrjinga av førre hundreåret. (Etne Kommune)

  • Bjørklund, A. E. 2002. Vassdrag i Hordaland 2000. Rådgivende Biologer og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 3/2002:1–115.