• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Stordalen

EIT RIKT DALFØRE

Då Etnevassdraget vart verna i 1994, var omsynet til kulturlandskapet i Stordalen ein vesentleg grunn. Dette er eit dalføre med særskilt mange artar av planter og dyr. I gråorskogen i Stordalen er det meir fuglar enn dei fleste andre stader, faktisk tettare enn det ein gjerne finn i tropisk regnskog.

Vi kan takka kraftutbyggingsplanane for at vi veit så mykje om dyrelivet i dalen. I samband med at Haugesund Energiverk søkte om å byggja ut Stordalsvassdraget, vart det i 1984 gjennomført ei omfattande undersøking her. Det ein fann av dyreliv, var medverkande til at utbyggingsplanane vart erstatta med varig vern.

Stordalsvatnet, det største vatnet i Sunnhordland, ligg vesentleg lågare enn høgaste havnivået etter den siste istida (75–80 moh.), ein såkalla fjordsjø. Det vil seia at vatnet tidlegare har vore ein fjord,som vart til ein innsjø då landet steig. Stordalsvatnet er fiskerikt, med seks fiskeslag: laks, sjøaure, aure, ål, stingsild og røye. Røye er det spesielt mykje av. Fiskerikdommen gjer vatnet til eit godt matkammer for storlom om sommaren og for laksand, siland, gråhegre og fleire om vinteren. Eit sjøorrepar har òg hekka her,det er høgst uvanleg i låglandet i Sør-Noreg. Kalkrik berggrunn saman med tilsig frå landbruket gjer at vatnet toler sur nedbør. Dei mange artane har derfor klart seg bra.

Det næraste nedslagsfeltet er dominert av open kulturskog, mange stader med ei rekkje gamle, styvde lauvtre som skaper gode vilkår for eit variert fugleliv. Ein reknar med at det finst 6–8 hekkepar av fylkesfuglen kvitryggspett i vassdraget, og det er gode bestandar av dvergspett. Dette er teikn på god tilgang på næring, særleg av insektslag som er knytte til daudt og døyande trevirke. Kulturskogen er òg rik på meiser, svartkvit flugesnappar og kattugle.

Gråorskogen i Stordalen har påkalla særleg interesse. I eit område ved Hellaug fann ein i snitt heile 1120 fuglepar for kvar kvadratkilometer. Dette er noko av det høgaste som er påvist i Noreg, uavhengig av skogtype.

De vanlegaste hekkefuglane i gråorskog registrerte ved Hellaug, 1984:

Lauvsongar                    368 par/km²
Bokfink                               92 par/km²
Svartkvit flugesnappar    76 par/km²
Raudstrupe                       72 par/km²
Gulsongar                        72 par /km²
Munk                                 60 par /km²
Raudvingtrast                  56 par /km²
Jarnsporv                         52 par /km²
Svarttrast                           44 par /km²
Måltrast                             40 par / km²

  • Styving av gammalt asketre.

Lauving

Frå husdyra kom til landet for om lag 5000 år sidan, og i lange tider framover, var lauv det viktigaste vinterfôret. Før ljåen kom i bruk tidleg i jernalderen, var det meir lettvint å bryta kvister med lauv enn å hausta gras. Gras var det dessutan rikeleg av berre på opne stader, til dømes langs vatn og vassdrag. Lauvinga heldt fram langt inn i vår eiga tid og har sett spor etter seg over store delar av fylket.

 

Lauvingsskogen vart hausta på ulike vis. Nokre treslag, spesielt or, vart hogde ved rota med nokre års mellomrom. Dei danna straks mange nye rotskot. Sidan dei friske blada er heller beiske, fekk dei stå i fred for beitedyra. Ved stadig kultivering danna oretrea kratt eller småskog i landskapet. Bjørk og osp vart gjerne tynna i krona med fire til sju års mellomrom. Desse trea vart ståande som storskog eller klovskog. Dei greinene som stod att, vart skorne, slik at det kom ut mange nye kvister på dei. Den beste fôrverdien har lauvet til alm, lind, ask og selje. Saman med det næringsrike ospelauvet høyrde desse trea til godskogen. Ask kunne òg førebyggja sjukdom, ifølgje folketrua. I Hordaland vart godskogen ofte snauhogd for greiner 2–3 meter over bakken, slik at berre stamma (stuven) stod att. Det kravde eit godt skjøn for å utføra arbeidet, slik at det voks fram flest mogleg nye skot på kortast mogleg tid.

 

Lauvingsskogane var lyse og opne med gode vekstvilkår for både trekroner og gras. Bakken vart oftast beita vår og haust og slått om sommaren. Dei bratte liene hadde eit parkliknande landskap med parti av småskog og spreidde stuvar eller storskog. Mykje næringsstoff vart gjennom åra teke ut frå liene og enda som husdyrprodukt eller vintergjødsel på åkrane. Marka vart ikkje tilført anna gjødsel enn det som beitedyra la att.

 

Lauving er omtala alt i Gulatingslova. Skrifter frå 1700- og 1800-talet viser kor viktig lauving, skaving (barking av kvist) og rising (hausting av kvister utan blad) var i vestlandsbygdene. Talet på stuvar talde med i skattegrunnlaget. I Etne vart til dømes Norheim i Stordalen rekna som ein storgard, på grunn av alle styvingstrea her.

 

Alle stader var framgangsmåtane stivna i eit fast mønster, eit vitnemål om at driftsmåtane er svært gamle. Den spesielle lauvingsreiskapen, snidl (lauvkniv), var utvikla i vikingtida.

 

Det er framleis spor att etter lauving i liene i Hordaland. Gamle stuvar er vanlege både i skog og på kulturmark, men oftast er det meir enn 30 år sidan greinene sist vart hausta. Trea har no fått så tunge kroner at dei har lett for å velta eller rivna. Nokre få stader lauvar dei enno, mellom anna fordi dei meiner at lauvfôret gir dyra betre helse.

 

I Etne finst det styvingstre i nesten alle delar av kommunen. Mange gardsbruk har òg fått landbruksstøtte for å restaurera gamle stuvar, særleg i Stordalen. Ved Sævareidberget i Ytre Åkrafjorden vart eit område landskapsvernområde i 1984. Her finst det mosegrodde og forvridde stuvar med mange former. Målet med fredinga er å ta vare på det gamle kulturlandskapet med mange hundre styvingstre av ask, alm og lind. Mykje arbeid står att.Mange stuvar er svært overgrodde. Det er eit vanskeleg og farleg arbeid å gå laus på dei tunge greinene med motorsag i det bratte terrenget.

  • Johannes Håheimsnes og Ola Frette i skiferbrotet

Johannes Håheimsnes og Ola Frette i skiferbrotet på Øvernes i Stordalen i 1920-åra. Den mørke skiferen, som vart teken ut i grunnfjellet, gjekk til takskiferproduksjon. Framleis er det drift i brotet. (Willum Ekrheim)

  • Byrkjeland, S.; Håland, A.; Toft, G. O. 1984. Fuglefaunaen i Etnevassdraget, Hordaland og Åbødalsvassdraget, Rogaland.Konsesjonsavgjørende undersøkelser, K-prosjektet. Zool. Mus., UiB, rapp. ornitologi 20.
  • Losvik, M. H. 1990. Skjøtselsplanar og skjøtselstiltak for 4 verna edellauvskogar i Hordaland. Sogn og Fjordane Distriktshøgskule. Skrifter 1990–8
  • Odland, A.; Sivertssen, S.; Nordmark, O.; Botnen, A.; Brunstad, B. 1985. Stordalsvassdraget i Etne og Åbødalsvassdraget i Sauda. Konsesjonsavgjørende botaniske undersøkelser. UiB, Botanisk inst. Rapp. 35