• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bygdeborga på Borgåsen i Etne

Bygdeborga på Borgåsen med Etnefjorden og Etnesjøen i bakgrunnen. Bilete frå 1990 (Helge Sunde).

I Etne finst det heile fire bygdeborger. Dei ligg alle strategisk til, slik at dei har tent som tilfluktsstader og vern for sentrale delar av bygda.

Borgåsen, på sørsida av Etnepollen, har namn etter bygdeborga som her framleis finst leivningar av. På toppen er det eit flatt parti med stup på tre kantar. På den fjerde er det lagt opp ein svær mur, og murrestar finst også fleire stader innanfor borgområdet. Frå Borgåsen har ein fullt utsyn over innseglinga til Etnebygda.

På nordsida av Etnepollen, på garden Bryllum, ligg Holenuten. Berre frå nordaust kan ein koma opp til toppen. Der ligg det murar og stengjer. I ei lita hole her skal det vera funne kol og jernslagg.

Heia på Steine er eit høgdedrag med ei langstrekt flate på toppen og brattkantar på tre sider. Ein svær steinvoll, 36 m lang og 6 m brei, ligg tvert over flata og stengjer av det 40 x 20 m vide borgområdet.

Hushaug heiter eit berg med bratte stup like ovanfor garden Vad. På den einaste framkomelege sida ligg ein 80 m lang mur og sperrar av eit område på 80 x 50 m. Frå borga på Vad er det vidt utsyn både over heile hovudbygda og oppover Stordalen. Her samlast tre gamle vegliner: Vegen frå Støle, vegen frå Grindheim og vegen opp gjennom Stordalen. Vad har namn etter eit gammalt vad over Stordalselva.

  • Restane etter bygdeborga på Vad i Etne

Bygdeborger

I romartid og folkevandringstid (Kr.f.-600) vart det bygt forsvarsborger på toppar og fjellknausar som frå naturen si side var vanskelege å koma til. Der tilkomsten til borga var lettast, vart det lagt opp store steinmurar eller vollar av jord og sand. Truleg har det i tillegg vore palisadar av tre.

 

Bygdeborger av dette slaget er lite granska av arkeologane. Vi veit difor ikkje stort om korleis desse forsvarsanlegga såg ut den tid dei var i bruk, og det er heller ikkje mykje vi kan seia for visst om korleis forsvaret av dei vart organisert, og kva funksjon dei hadde for bygda eller for regionen. Somme har truleg vore tilfluktstader for folk som budde i den næraste omkrinsen, men det er ting som tyder på at andre kan ha vore del av eit organisert forsvar av større hovdingdøme eller smårike.

 

I Hordaland kjenner vi 19 bygdeborger. Av desse ligg heile 12 samla innanfor eit mindre område i Sunnhordland. I Nordhordland er det 3, i Hardanger 4.

 

Borgene i Sunnhordland ligg slik til at det er frie siktliner mellom dei. Mange ligg sentralt i bygder som har vore tett busette i romartid og folkevandringstid. Frå dei same bygdene kjenner vi rike gravfunn med importerte romerske statusvarer. Truleg har det butt hovdingar her som kunne organisera forsvar av eit smårike i Sunnhordland. Frå borga på Steinslandsåta i Ølen er det såleis vidt utsyn over heile det sentrale Sunnhordland. Herifrå kan ein sjå til borger i Etne, Kvinnherad og Sveio.

 

I somme bygdeborger er det funne spor etter hustufter og brunnar eller vassgroper, der regnvatn kunne samlast opp. I slike borger kan folk ha halde til i vekevis under ufredstider.