• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Barlind i Langebudalen.

Barlind i Langebudalen (Svein Nord).

Tre kilometer nedanfor Vintertun munnar den tronge og bratte Langebudalen ut i Sørdalen. I Langebudalen finst eit av dei høgastliggjande funna av barlind i Nord-Europa. Dalen har gunstig lokalklima, med god oppvarming og vern mot kjølig vind frå nord og aust. Dei store bergmassane av granitt verkar dessutan som eit varmemagasin, som vernar mot nattefrost.

Barlindtrea i Langebudalen er å finna 550 til 600 moh. Det er uvanleg høgt for dette treslaget, som normalt krev relativt varme somrar og milde vintrar. I vegetasjonen elles er det ingen typiske varmekrevjande lauvskogartar. I staden finn vi ei rad kystplanter, som er vanlege i næringsfattig skog og hei, til dømes bjønnkam, heisiv, kystmaure, smørtelg, rome og klokkelyng.

Barlinda kan veksa meir enn ti meter oppover langs berget, greinene blir sjeldan over to meter lange. Ho er fleirstamma og kjem opp frå stammer som kryp på bakken – ei tilpassing til eit tjukt og stabilt snødekke.

  • Lindmo, S.; Salvesen, P.H.; Skogen, A. 1991. Verneverdige forekomster av barlind og kristtorn i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. UiB,Botanisk inst. Rapp.50.
  • Lunde, B. N.; Skogen, A. 2002. Vegetasjon, bruk og skjøtsel i verneområdene for barlind og kristtorn i Hordaland. Vedlegg VIII: Langebudalen naturreservat, Etne kommune. Rapp.til Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavd.