• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Eit par kilometers veg oppe langs Stordalsvatnet i Etne ligg garden Norheim. Vatnet smalnar av til eit trongt sund akkurat her, "garden ved det tronge sundet", og garden eig bøane på båe sidene. Heilt fram til slutten av 1800-talet var Norheim udelt; ein stor og velbygd gard – det største bruket i den rike jordbygdsbygda Etne, nest etter prestegarden. Vest for det gamle tunet går riksvegen idag i ei skjering i berget. Ovanfor er det hengebratt og ulendt; ingen stad å byggja hus. Men for hundre år sidan låg det ein liten menneskebustad på ei smal hylle i fjellet her; husmannsplassen Klakkadne. I nokre generasjonar prøvde folk å pina levemåten av ørsmå åkerlappar og skrinne slåtter på denne utposten.

Den første av dei heitte Jon Olsson. Han og kona Toron Torsdotter fekk i 1848 festerett eller kon trakt på dette nye plasset. Brukaren på Norheim, Gunnar Olsson, gav dei lov til å bu og driva her heile si levetid. Men vilkåra slik dei vidare er utpensla i avtalen, fortel litt om kva det vil seia å vera husmann. Forutan sjølve plasset fekk dei ei utslåtte høgare oppe i lia. Dei fekk hogga seg ved av older (or) og brake på desse to stadene. I utmarka kunne dei la den vinterfødde buskapen sin beita om sommaren, og dessutan ta inntil to leigde kyr ekstra. Til vederlag for dette måtte Jon arbeida for husbonden heile vårvinna, slå 10 teigar (eit flatemål) når husbonden måtte krevja det om sommaren, arbeida ei veke i kornskurden, gjera ein dags slått på skogen og ta to dagars høykøyring om vinteren frå utslåttene på sørsida av vatnet. Endeleg skulle han i løpet av fem år setja opp eit 2 1/4 alen høgt steingjerde i vestgrensa for innmarka på garden.

Jon og Toron hadde gifta seg i 1847, året før dei fekk slå seg til Klakkadne. Dei var båe fattige folk og åtte ingen annan startkapital enn kleda dei gjekk og stod i. Men dei greidde å setja seg opp eit lite samanbygt stove- og uthus på plasset og skaffa seg levemåten, såvidt det var. I 1865 kan folketeljinga opplysa at det på plasset vart vinterfødd to kyr og ni sauer, og at det i åkrane vart sådd ei halv tønne havre og ei halv tønne poteter. Jon og Toron fekk i alt seks born. Dei fire eldste drog til Amerika i tur og orden. Jon døydde i 1875, og to år etter reiste også Toron frå Klakkadne til Amerika med dei yngste borna. Etter Jon og Toron prøvde to andre familiar seg i tur og orden på Klakkadne. Alle hamna i armod og flytta bort. Plasset vart nedlagt kort før første verdskrigen.

Klakkadne var ikkje det einaste plasset på Norheim. I 1865 sat det tre andre familiar med små jordlappar kringom på nes og haugar i gardens utmark. På det det meste hadde det vore åtte husmannsplassar. Dei fleste av dei hadde ingen skriftleg avtale med husbonden. Derfor veit vi heller ikkje heilt nøyaktig kva rettar og plikter dei var pålagde. Mest sannsynleg svara dei leiga si i arbeid. Ein stad får vi eit glimt av korleis husbonden gav og tok: Alle husmennene fekk driva utmarksslått i Norheimsberget, i lia ovanfor garden, men vederlaget for dette var å slå fire mål skrapslått for husbonden. Etter tilvisning kune dei hogga ask og skava bork til husdyrfor, men halvparten av det dei arbeidde fram, skulle husbonden ha.

Forklaringa på dei mange husmennene under garden Norheim ligg sjølvsagt i det store moderbruket. Gunnar Olsson sat der som ein liten konge. Då han var på høgda i 1850-åra, fødde han gjennom vinteren ikkje mindre enn 5 hestar, 45 storfe og 132 småfe! I åkrane vart det sådd 15 tønner korn og 6 tønner poteter, og vi kan gissa på at dette gav i avling innpå 100 tønner korn og 30-40 tønner poteter. Sjølvsagt var det uråd å driva jordbruk i slik skala utan langt meir arbeidskraft enn det oppsitjarens eige hushald kunne skaffa. Løysinga var då grei; han avstod litt av den ringare jorda i gardens utkantar til husmannsplass og henta i vederlag inn arbeidshjelp frå desse husmennene. Noko av hjelpa var leige for plassa, og noko vart betalt med vanleg dagløn. Jon og Toron på Klakkadne ville aldri kunna slå seg gjennom utan det løna arbeidet dei kunne få hjå Gunnar Olsson.

Husmannsvesenet på Norheim er som klipt ut av læreboka. Men pass på! Det gjev berre eitt eksempel på dei mange ulike formene husmannsvesenet på Vestlandet kunne ta. Det representerer ein utbreidd type i Etne, men ikkje den einaste. På heile sørsida av Stordalsvatnet låg for hundre år sidan plassar tett i tett. Gardsbruka her på skuggesida var mindre enn på Nordheim, og bøndene hadde mindre arbeid å by husmennene sine. Plassa var derfor gjerne større, slik at husmennene kunne avla meir av det dei trong til levemåten, og så spedde dei på med attåtyrke, særleg innafor handverk og småhandel. Flyttar vi oss ned til sentrum i bygda, Etnesjøen, finn vi her den tettaste konsentrasjonen av husmenn på 1800-talet. Her var tilknyttinga deira til handverk, handel og transport mykje tydelegare enn i Stordalen. Går vi utanfor Etne, finn vi gjerne endå fleire typar inntektsgjevande verksemd, om enn i andre blandingsforhold. Eitt er såleis sikkert: Husmannsvesenet var ikkje berre eit fattigdomsmerke og ein stasjon på vegen til byen eller Amerika. Det kunne på same tid vera uttrykk for ei tiltakande arbeidsdeling i bondesamfunnet og vekst i næringane utanfor jordbruket. Slik sett varsla det faktisk ei ny tid!