• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Folgefonna og Sandvikedalen med Hardangerjøkulen i det fjerne.

Folgefonna og Sandvikedalen med Hardangerjøkulen i det fjerne. Rask uttapping av bredemde vatn langs Folgefonna har vore årsak til dei store flaumane i Mosneselva. (Jan Rabben)

NÅR VATN IKKJE KAN KONTROLLERAST

Den varig verna Mosneselva, med smeltevatn frå Folgefonna, renn ut i Åkrafjorden ved veglause og folketomme Mosens. Dei som budde her, måtte gi tapt for naturen. Hausten 1962 vart flaumen så sterk at folket vart fordrivne frå gardane sine.

Flaumvatnet kom frå ein bredemd sjø. Då Folgefonna minka utover i 1930- åra, vart innsjøen forma mellom Sauanuten i Odda og brekanten. Frå 1930-åra og fram til 1962 var dette vatnet opphav til fleire spesielle flaumar, alle etter kraftig regnvêr, som medførte rask senking av vasstanden. 18. oktober 1962 observerte to studentar ei uttapping som kom til å få store følgjer.Om natta var dei to vitne til at vasstanden sokk heile 30 meter. Trass i at ein hadde hatt store flaumar både i 1938 og 1944,var det denne som sette den endelege kroken på døra for folket på Mosnes. På kort tid vart grenda fråflytta.

Men det ustyrlege Mosnesvassdraget roa seg ikkje med dette. Noko av vatnet i den øvste delen av vassdraget vart i 1970 overført til Blådalsvassdraget og Blåfalli kraftverk i Kvinnherad i ein tunnel. Då breen voks i 1990-åra, vart tunnelvatnet blokkert av isen. Det enda med at vatnet «stakk av» i 1994 og rømde heim att til sitt opphavlege vassdrag. Ny tunnel vart laga hausten 1995 for å fanga inn att dette ulydige vatnet.

Isolert i månader

Men det er ikkje berre på Mosnes dei har opplevd kva som kan skje når naturen slår seg vrang. Før vegstrekninga mellom Fjæra og Håland vart ferdig utbetra med 9 kilometer tunnel i 2000, var fjordisen somme gonger den einaste rassikre vegen langs Åkrafjorden vinterstid. Andre gonger var isen til lite hjelp:Dei som budde i grendene Eikemo og Tysse på nordsida av fjorden, som heller ikkje har vegsamband, vart delvis isolerte i to månader så seint som vinteren 1995–96, fordi isen ikkje var trygg. Det er dei indre delane av Åkrafjorden som frys lettast til. Islegginga har samanheng med at fleire vassrike elvar drenerer hit. Det gjer òg kald luft som kjem ned dalføra. Når det er is på sjøen, kan derfor temperaturen i Fjæra bli mykje lågare enn på Eikemo,som ligg 178 moh.

  • Mosneselva i flaum.

Mosneselva i flaum. (Svein Nord) For å koma til Mosdalen og Sandvikedalen må du ordna båtskyss til Eikemo eller Mosnes, eller ta deg inn frå Rullestad gjennom Hjortedalen.

  • Mosnes etter storflaumen i 1962.

Mosnes etter storflaumen i 1962.

  • Jettegrytene i Rullestadjuvet.

Jettegrytene i Rullestadjuvet

For å komme seg til jettegrytene, parker langs hovudvegen nedanfor Skromme. Gå vestover i postvegen frå brua. Ta opp stigen mot nord etter om lag 400 meter. Det siste partiet er bratt, men delvis sikra med kjetting.