• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Lungenever – eit lav som er vanleg på trestammer av ask, alm og lind langs fjorden innanfor Skånevik.

Lungenever – eit lav som er vanleg på trestammer av ask, alm og lind langs fjorden innanfor Skånevik. (Jan Rabben)

Gamle tre kan vera så mosegrodde at borken knapt er synleg. Blant mosen veks det mange ulike artar lav. Somme av lavartane er store og lette å sjå, andre er knapt synlege. Mange lav og mosar set spesielle krav og veks nesten berre på treslag med næringsrik bork, som alm og ask. Dei veks nesten ikkje på tre med fattig bork. Bjørk og furu høyrer til dei.

I nordaustvende lier ved Tungesvikstranda ytst i Åkrafjorden finst ein spesiell lavflora på dei mange styvingstrea. To av artane kan berre sjåast i mikroskop og er funne her for fyrste gong i Skandinavia. I tillegg finst fleire sjeldne artar av hinnelav, som òg er kjende frå einskilde andre stader i Sunnhordland. Den særeigne lavfloraen med mange artar synest av fleire grunnar å vera knytt til styvingstre. Trea har gjennom lang tid stått i eit ope kulturlandskap, under betre lysforhold enn i ein tettvaksen skog Dessutan har styvingstre av alm og ask kunna bli gamle fordi dei har vore hausta og stelte gjennom generasjonar. På gamle, store tre har borken ei meir ujamn overflate enn på unge tre. Den gamle borken er mjukare og har fleire sprekkar der mosar og lav kan finna feste.