• Nynorsk
  • English

Universitetet i Bergen

Search form

Stordøens Seminarium

Stordøens Seminarium, ein av dei første lærarskulane i landet, slik anlegget såg ut kring hundreårsskiftet (S.F. G.)

I 1838 vart Stordøens Seminarium skipa med sokneprest Claus H. Daae som styrar. Det var første seminariet på Vestlandet og likeins eit av dei første i landet.

Skulen hadde rom i «almuebygningen» på prestegarden Tyse. Mellom 8 og 40 elevar vart opptekne årleg fram til 1860. Til dess var i alt 326 elevar opptekne på skulen.

To bruk på garden Øvre Rommetveit vart innkjøpte for utbygging av skulen. I 1866 kom det første store skulebygget. Øvingsskulebygg kom i 1881. Andre store byggeperioden kom i 1917 med aula, internat og lærarbustader kringom på eigedommen. Ein parkliknande hage vart laga til mellom skulebygget og sjøen. Her er det framleis eit stort utval av eksotiske planteslag.

I 1875 vart rektorstillinga skild frå sokneprestembetet. Stiftseminariet endra namn til Stord lærarskule og seinare Stord lærarhøgskule. «Seminariet» festa seg så sterkt i folkemedvitet at det har vorte fast stadnamn på Stord.

  • Bjørnøy, O., Gullberg, V.H. & Lohndal, A. red. (1989) Lærarutdanning på Stord gjennom 150 år: jubileumsskrift: Storøens seminar 1839 - Stord lærarhøgskule 1989. Rommetveit, Lærarhøgskulen.