• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Soleigro

Vakker og sjeldsynt: Soleigro veks berre i tre område i Noreg: på Stord, Tysnes og Jæren. (Jan Rabben)

SUMPPLANTER

Planter som veks i og ved vatn, må vera førebudde på store og raske svingingar i levekåra. Dei må tola å liggja under vatn utan å drukna, og dei må kunna tørrleggjast utan å gå til grunne. Mange sumpplanter er godt tilpassa slike endringar.

Fleire av dei sjeldnaste planteartane på Stord veks i eller ved ferskvatn. Artar som soleigro, bustsivaks og trådbregne finst her, men er uvanlege elles i Noreg. Dei har svært lik utbreiing,og veks berre på Sør- Vestlandet nord til Sunnhordland. Dersom miljøet blir endra,kan dei lett forsvinna for alltid.

Ved Ådlandsvatnet finn vi desse tre artane på grunt vatn i nokre av buktene. Beste vokstervilkår er finkorna, litt mudrete botn, utan annan tettvaksen vegetasjon. Dei bukkar lett under i konkurranse. Med lita evne til å formeira seg kan dei lett bli fortrengde av andre. Det er i varme og tørre somrar med låg vasstand at frøa gjerne får dei beste spiringsvilkåra.

Eit anna vatn i same området er Storavatnet. Her veks den karakteristiske takrøyren, eit to meter høgt gras som er lett å få auga på. Takrøyr veks tett og nokså langt ut i vatnet. Flaskestorr og elvesnelle er to meir vanlege sumpplanter som veks i eit belte langs stranda i dei fleste ferskvatna på sørlege delar av Stord.

  • Ådlandsvatnet

Beste fiskevatnet i Stord

Laksen og sjøauren i Ådlandsvassdraget har vore hausta gjennom hundreår, og det heiter seg at soknepresten skal ha klaga over at fiskeretten gjekk tapt då prestegarden vart flytta frå Nedre Ådland til Tyse i 1648. Sidan den tid er det bygd dam til sag, mølle og sjoddyfabrikk nedanfor Sevhølen. Dette stengde for fiskeoppgangen, inntil det vart bygd ei fisketrapp over dammen i 1959. Fisket etter laks og sjøaure tok seg opp att, men har minka att det siste tiåret som dei fleste andre stader. Ferskvassauren er det viktigaste fiskeslaget i Ådlandsvatnet.Elles er her godt med ål og trepigga stingsild, og nipigga stingsild finst berre her i heile Hordaland. Vatnet blir rekna som det beste fiskevatnet i Stord kommune. Med fine turstigar rundt vatnet er området òg mykje nytta til rekreasjon.

 

På Stord har det òg funnest åbor og gjedde. Åboren vart oppdaga i Stokkatjødno i 1989 etter ei ulovleg utsetjing, men er utrydda med rotenon. I Storavatnet har det vore sett ut gjedde. Ho er seinare utrydda ved oppfisking.

  • Skurdal, J.; Hansen, L. P.; Skaala, Ø.: Sægrov, H.; Lura, H. 2001. Elvevis vurdering av bestandsstatus og årsaker til bestandsutviklingen av laks i Hordaland og Sogn og Fjordane. DN-Utredning 2001–2.