• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå kopargruvene på Tveit.

Frå kopargruvene på Tveit.

Kopargruvene på Tveit har ikkje vore i drift på hundre år, men gruveområdet er skilta, og hustufter og spor etter veg og trallebane er framleis synlege. Gruveinnslaget ligg ved foten av ein knaus av hard kvartsitt omgitt av marmor og glimmerskifer. Dei lengste gangane når 35 meter inn i fjellet. Koparkisen er helst å finna i lag med kvite kvartsårer. Førekomsten er danna ved at varme løysingar av kopar- og kvartshaldig vatn har avsett kis og kvarts på opne sprekkar i berget.

Gruvedrifta tok truleg til i slutten av 1860-åra. Med hest og kjerre vart kisen frakta til Kvednavikjo for utskiping. I 1885 var det slutt med hovuddrifta. Dei siste åra skal det ha vore eit damplokomotiv som drog kisvognene på ein trallebane ned til sjøen. Etter ein kort periode med prøvedrift ved overgangen til det tjuande hundreåret stilna feiselklangen for godt i Tveit gruve.

  • Krystallar av koparmineralet chalcanitt

Krystallar av koparmineralet chalcanitt, eit mineral som finst saman med koparmalmen i Tveit gruve.

  • Sortland, Arne 1998: Litt om Tveit Gruve. Notat.