• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vår i svartorskogen i Hystadmarkjo

Vår i svartorskogen i Hystadmarkjo. Kvitveis og vårkål gir farge til skogbotnen. (Svein Nord)

SVARTORSKOGEN

I Hystadmarkjo veks ein av dei største svartorskogane i landet. Langs den vel tilrettelagde turstigen gjennom skogen kan du oppleva ein sjeldan frodig natur med uvanleg mange planteartar. Men kva er det som har gitt grunnlaget for rikdommen?

Ei av forklaringane finn ein om ein grev i jorda. Det mektige leirlaget som utgjer jordbotnen, gir mykje næring til plantene. Svartor vil ha godt med væte, og trivst derfor særleg godt i denne leira, som er kompakt slik at vatnet ikkje forsvinn vidare ned i jorda. Leira dannar ei samanhengande flate både ute i sjøen og inne på land. Ho var opphavleg avsett på djupt vatn, men seinare har landet stige,og noko av det som før var havbotn, er no vorte land.

Nokre stader har sjøen undergrave svartor, som dermed står som mangrove på ei tropestrand, med røtene på stylter. Om våren veks det kvite teppe av kvitveis mellom oretrea. Der lyset frå sjøen blir reflektert inn i skogen, blir blomane lokka fram. Også dei grunne vikane langs stranda husar ein særprega vegetasjon. I fjørevekslingssona på leira trivst det sjeldsynte dvergålegraset. I strandsona finst òg små strandenger med saltsiv, strandstjerne og strandvindel.

Svartor har ein særs viktig økologisk funksjon. Han lever i symbiose med ein strålesopp (eigentleg ein bakterie) i knollar på røtene. Strålesoppen kan ta opp nitrogen frå lufta og omdanna det til kjemiske bindingar, som treet kan gjera seg nytte av. Ulikt dei fleste andre lauvtrea feller svartor lauvet grønt. Mykje av nitrogenet, som har samla seg i bladverket, blir frigjort til leirjorda når det blir brote ned om hausten. På den måten hjelper svartoren andre planter med nødvendig næring.

Skogen kan gi inntrykk av å vera gammal, med mykje vivendel som slyngjer seg oppetter svartorstammene. I røynda er han relativt ung, yngre enn 70 år. Trea har vakse raskt fram på område som tidlegare var beitemark eller strandeng. Framleis finst det små restar av open, gammal beitemark, der oren snøgt spreier seg. I den tette skogen er derimot treets evne til å formeira seg kraftig svekt, og her er det knapt ungtre att å sjå. I staden er eit anna lauvtre i rask utvikling, platanlønn. Fleire tre er komne i frømogen alder, og talrike unge individ er på veg opp. Om naturen får gå sin gang, vil den innførte platanlønnen i framtida bli eit dominerande treslag i Hystadmarkjo.

  • Svartor i strandsona.
  • På røtene ser vi knollar

Leirvik

Langs søraustsida av Stord er det fleire vikar med fine tidvassflater, frå nord for Rommetveit og sørover mot Leirvik. Ved fjøre sjø har desse vikane sand og grusstrender strødde med store steinblokker langt utover i sjøen. Grev vi litt i sanden, finn vi leire under. I sjølve Leirvik er det no så utbygd at berre gamle bilete gjer at ein kan forstå namnet. Mjelkjevikjo i Hystadmarkjo har òg fått namnet sitt frå leira. Der blir ho vaska ut og gir farge til sjøen når bølgjene bryt mot land.

 

Kjelda til leira låg 6 kilometer lenger inne i fjorden for vel 11500 år sidan. Ein isbre med ein 20–30 meter høg front, om lag slik ein kan sjå i fjordane på Grønland i dag, enda mellom Huglo og Halsnøy. Isfjell som rulla rundt eller grunnstøytte og vart liggjande og smelta etter at dei hadde kalva frå breen, tippa frå seg steinblokker. Klosterfjorden var grågrøn av små leirpartiklar. Partiklane slo seg saman i det brakke fjordvatnet og fall ned mot botnen. Opptil 200 meter tjukke lag vart avsette der fjorden er djupast, men også nærare land la det seg leire på botnen. Etter at landet steig, kan vi finna denne leira i leirvikane på søraustsida av Stord. På tørt land er leira å finna oppimot 30–40 meters høgd.

Gratiskonsert på søndagsturen

Våren og forsommaren er den beste tida for å høyra fuglesongen i svartorskogen i Hystadmarkjo. Mest fuglesong er det tidleg om morgonen eller like før det blir skymt om kvelden. Då er lufta klarast og songen ber lengst. Derfor syng fuglane mest då.Songarane er ikkje alltid så lette å sjå, så det er ein føremonn om du kjenner songen til dei vanlegaste. Morgonfuglen framfor alle er raudstrupen. Andre vanlege artar er svarttrast, måltrast, bokfink og fleire meiseslag. På seinkvelden om våren er òg rugdetrekket over skogenei oppleving.

 

Den svært fuktige skogbotnen gir gode oppvekstvilkår for ulike insekt, mest knott og fjørmygg, som kjem i tette svermar. Vasspissmusa, som er uvanleg hos oss, er funnen her. Røyskatten er ofte å sjå. Faktisk streifar det òg hare i denne skogen – kanskje er det derfor hubroen brukar å inspisera staden innimellom.

  • Aarseth, I. Sedimentene på bunnen av fjordene våre. 1995. Naturen: 219–212.
  • Fremstad, E.1983. Role of black alder (Alnus glutinosa) in vegetation dynamics in West Norway. Nordic journal of botany 3:393–410.
  • Lundberg, A. 1992. Havstrand i Hordaland. Regionale trekk og verneverdiar. DN-rapport 1992–2.