• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tveitavatnet

MED SAME ADRESSE I FLEIRE TUSENÅR

Det er vanskeleg å tenkja seg at ei plante kan veksa på same staden i mange tusen år: Klima og miljø endrar seg. Ulike artar veks opp og døyr ut. Likevel, somme planter bit seg godt fast, utan at dei maktar å spreia seg til nye område, fordi klimaet ligg på grensa av det dei toler. Storak er ei slik plante.

Denne sumpplanta er funnen berre seks stader i Noreg: to på Stord, to på Bømlo og to ved Kristiansand. Storak var vanlegare i Noreg under ein varmare klimaperiode for om lag 9000–4500 år sidan. Det vi finn av storak i dag, er å rekna for restar av ei større utbreiing. Dette kan dokumenterast ved pollenanalyse av avsetjingar i myrar og tjørner, fordi pollenkornet har ein fasong som skil storak frå storr og andre halvgras.

Ved Tveitavatnet på Stord er det lett å få auga på denne store planta frå riksvegen, som går berre 100 meter unna. Storak blir opptil 1,5 meter høg og veks tett. Ho har lange, taggete blad. På den øvre delen av strået sit det blomar i lange, brune aks. Nede i vatnet har storak kraftige stenglar som stråa skyt opp frå. Når stenglane veks, kan planta slå rot på nye stader i vatnet, så sant miljøet er det rette. Storak stiller strenge krav til klimaet, og ser ut til å trivast berre under relativt milde vintrar og varme somrar.

Storak er ei seigliva plante, ho har vist evne til å overleva i denne same tjørna i mange tusen år. Samstundes er planta svært sårbar for endringar i miljøet. Då Tveitavatnet vart regulert ned med 1,25 meter ein lengre periode i 1960–70-åra, slutta storak å bløma, fordi jordstenglane vart utsette for tørke. Etter at vasstanden vart heva til det normale, utvikla planta seg fint og byrja raskt å bløma.

Vi trur at storak har forsvunne mange stader fordi miljøet har endra seg frå tjørn til myr. Attgroinga verkar sakte, men blir svært tydeleg på fleire tusen år. Til slutt blir planta kvelt.

  • Pollendiagram frå ei tjørn ved Andal i Bømlo

Pollendiagram frå ei tjørn ved Andal i Bømlo, der storak veks. Vi kan rekna med at planta har ei liknande historie i Tveitavatnet. Pollendiagram frå ulike stader på Vestlandet slår fast at ho var meir utbreidd i varmetida enn i dag. Sjølv om pollendiagrammet frå Andal viser lite storakpollen i forhold til andre planteslag, har storakpollen likevel samla seg opp i botnsedimenta i tjørna meir eller mindre samanhengande gjennom 9000 år. (Inger Midtbø/Eva Bjørseth)

  • Hafsten, U.1965.The Norwegian Cladium mariscus communities and their post-glacial history. UiB Årb. Naturvit. rekke 4:1–55.
  • Midtbø, I. 1995. En vegetasjonshistorisk studie av Cladium mariscuslokaliteten på Bømlo, Hordaland. Cand. scient.oppg. UiB.Botanisk inst.