• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

NEDBØR PÅ BØRTVEIT

Børtveit er kjend som ein stad med mykje nedbør. Ein må like til Samnanger eller Indre Matre for å finna større årlege nedbørsmengder. Middel årsnedbør på Børtveit er 2871 millimeter, Slåtterøy har berre 1328 millimeter og Fitjar 1610 millimeter.

Det kan vera fleire årsaker til dei store nedbørsmengdene på Børtveit, men topografien i området kan forklara det meste. Brattkanten som skil fjellområda og låglandet på Stord, gir ei naturleg føring av lufta ved sørlege vindar. Fuktige luftmassar blir dermed pressa saman. Dette aukar nedbøren i områda lengst sør i Langenuen.

Vest for Børtveit ligg Mehamarsåto på 749 meters høgd. Ved vind og regn frå vestleg kant blir fuktig luft pressa oppover, og nedbørsmengdene aukar med høgda. Det blir oftast mest nedbør på vestsida, men når vinden er kraftig, vil ein del av nedbøren blåsa over og forbi fjelltoppen før han fell ned på lesida der landskapet går bratt ned mot fjorden. Område der topografien er med og gir uvanleg store nedbørsmengder, finst mange stader i fylket. Børtveit er ein av få slike stader med eigen nedbørsstasjon.

  • Nedbør på Børtveit

Samanlikning med nedbørsmengdene på Slåtterøy, fordelt på vindretning, viser stor skilnad i nedbørsmengd ved alle vindretningar. Det er likevel mest nedbør på begge stasjonane når det blæs vind i sektoren frå aust-søraust til vest-nordvest. (Endre Skaar/Eva Bjørseth)