• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Leirvik (Stord), omlag 1910

Leirvik, omlag 1910 (Sev. Kannelønning, eigar Sunnhordland Museum (SF-SK 769)).

Den gode hamna i Leirvik skapte eit knutepunkt alt i mellomalderen. Her var det tingstad, og det kom gjestgjevarstad i 1600-åra. Men Leirvik oppnådde aldri kjøpstad eller ladestad-status. I folketeljinga for 1865 er deler av gardane Nordre Bjelland, Leirvik og Orninggård skilde ut som «Strandstedet Lervig». Og tettstaden vaks fram kring den gamle gjestgjevarstaden tidleg på 1800-talet.

Dei nye handels- og handverkarlovene kring midten av førre hundreåret førte til ny vekst. Utbygging av offentlege tenester og kommunikasjonar; distriktslækjar, dampskipsferdsel, post og telegraf gjorde Leirvik til midtpunktet i eit stort distrikt. Den gamle tingstaden vart i større grad også eit administrasjonssentrum. Sorenskrivaren fekk fast bustad på Stord, først i Kåravik frå 1862, og frå 1912 på Leirvik. Sentrumsbusetnaden i Leirvik ligg kring den gamle kyrkjevegen frå Utbygdo gjennom Prestlio. Langs denne vegtraséen utvikla det seg opp mot første verdskrigen ei samanhengjande bygningsrekkje som utgjer hovudgata, Borggata, i dagens Leirvik.