• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Taksvaler

Taksvaler sankar reirmateriale – leire og fuktig jord som dei festar til bergveggene. (Pål Hermansen)

TAKSVALER I BERGVEGGER

I dag byggjer taksvaler flest reira sine under takskjegget på våningshus og låvebygningar, eller på industribygg og bensinstasjonar. Men svalene bygde reir lenge før menneska tok til å tømra hus. Steile fjellvegger er den eigentlege reirstaden for desse fuglane, og nokre svaler held tradisjonen i hevd.

Det skjer mellom anna i Seglberget ved Skjervet. Denne bergveggen er særs godt eigna, han har mange framspring med god plass innunder. Reirstaden må liggja slik til at det ikkje sildrar vatn nedover fjellet og heller ikkje regnar inn. I motsett fall ville reira lett gå i oppløysing og ramla ned. Det hekka nok mange fleire svaler i Seglberget i farne tider. Arten har gått dramatisk attende på Vestlandet dei seinare åra.