• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Dørfylling måla av Johannes Jonsson Kjærland kring 1830

"Gud signe Kongen og Fedrelandet". Dørfylling måla av Johannes Jonsson Kjærland kring 1830 (Nils Georg Brekke).

KJERLAND, RØYNSTROND OG ROSEMÅLARANE

På gardane Kjerland og Røynstrond, aust for elva som renn ut i fjorden, finn vi fleire rosemålarar som høyrer til dei såkalla «sòlekistemålarane» i Hardanger: Knut og Mikkjel Røynstrand og Johannes Jonsson Kjærland.

Johannes Kjærland var den eldste av dei, fødd i 1804, og han hadde evner utover det vanlege. Berre 16 år gammal vart han skulehaldar; han lærte å måla – kanskje av Bjørn Bjaalid eller andre av telemarkingane – og 25 år gammal byrja han ved Prahls litografiske anstalt i Bergen. Samstundes gjekk han på Det Nyttige Selskabs teikneskule på kveldstid. Ved eksamen der fekk han første premie. Etter nokre år som lærar ved Christi Krybbe skoler og som klokkar i Sund, slo han seg ned i Kinsarvik som rosemålar, i lag med syskenbarnet Trond Larsson Hus. Vi ser at Johannes har fått akademisk lærdom når det gjeld proporsjonar og rundmodellering; truleg er han ein av dei best utdanna rosemålarane i Noreg; lærdom frå byen, men forankra i bygdekulturen.