• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Storegraven og Granvin kyrkje

Storegraven og Granvin kyrkje måla av Catharine H. Kølle. Akvarell, utan år ("Gravens Kirke". Helge Sunde, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (B 2434e (14,1x18,3))).

GRANVIN KYRKJE

Første gong kyrkja i Granvin er nemnd i kjeldene, er i 1306, men kyrkjestaden må vera langt eldre enn dette. Garden Storegraven ligg sentralt ved Granvinsvatnet, ved den viktige ferdsleåra mellom Hardanger og Voss, der vegen tek over til Ulvik.

Stavkyrkja som stod her i mellomalderen, fekk seinare eit tårn bygt til. Mot slutten av 1600-åra vart denne kyrkja ombygd og utvida, men i 1726 vart ho riven og erstatta av den noverande tømmerkyrkja. Då denne kyrkja vart sett i stand i 1853, vart det bygt eit nordgalleri i skipet, og det fargerike interiøret frå 1700-talet vart overmåla. I 1920 vart kyrkja på nytt pussa opp og fekk då sitt noverande interiør.

Rankebordar og måla draperi pryder langveggene i koret, medan austveggen har framstillingar av Peter og Paulus i arkadebogar. Denne dekoren er utført av målaren Lars Osa, som også har dekorert galleribrystninga i skipet med akantusgreiner, evangelistsymbol og ei krossfestingsframstilling. På veggen over nordgalleriet finn vi spor etter den opphavlege målinga frå 1700-talet, med rankemåling og bibelske figurar i bogeslag. I koret står den mellomalderlege døypefonten av kleberstein, og på sørveggen i skipet heng eit fint krusifiks frå mellomalderen. På loftet heng ei lita bikubeforma kyrkjeklokke frå tida kring 1100. Det er ei av Nordens eldste kyrkjeklokker. Eit seinmellomalderleg alterskåp og fleire prosesjonsstavar er i dag på Universitetsmuseet i Bergen.

Eit staseleg bilete av Goliat

På ei dør frå Lillegraven (Skrivargarden), finn vi eit staseleg bilete av Goliat måla i 1780-åra, truleg av Vebjørn Olsen Hammersbøen frå Hol i Hallingdal. Brørne Vebjørn og Sven farta mykje omkring i fjordbygdene på slutten av 1700-talet (Egil Korsnes).

Garden Velken måla av Catharine H. Kølle

Garden Velken måla av Catharine H. Kølle. Akvarell, utan år (Akvarell: Catharine H. Kølle, Helge Sunde, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (B 2434f (19,3x22)))

Kapteinsgarden på Storegraven

Kapteinsgarden på Storegraven er frå midten av 1700-talet. Her budde sjefen for Det Nasjonale Kompani for Hardanger (Svein Nord).

Brynjelstova på Storegraven

Skomakarstova, eller Brynjelstova på Storegraven, er ein typisk representant for handverkaren på kyrkjestaden, der folk møttest. Bygningen høyrer til Granvin bygdemuseum (Svein Nord).

Den store mellomalderstova frå tunet på Hollve

Den store mellomalderstova frå tunet på Hollve vart riven så seint som i 1977 under utskiftinga. I dag står stova atterreist i Granvin sentrum. Bilete frå 1990 (Egil Korsnes).