• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Funn frå kvinnegrava på Trå

Funn frå kvinnegrava på Trå (Ann-Mari Olsen, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (B 6657))

EI KVINNEGRAV FRÅ VIKINGTIDA

I ei kvinnegrav på garden Trå vart det for mange år sidan funne restar av ei bronseause med runeinnskrifter. Gravgåvene som kvinna hadde fått med seg, viser at ho hadde god økonomi og sikkert hadde hatt høg sosial status, for høyr berre kva ho hadde fått med seg: to fine ovale bronsespenner med forgylling og tvinna sølvtrådar, ei forgylt, treflika bronsespenne med dyreornamentikk og ei perlekjede med perler av bergkrystall. Ved føtene og langs sidene hadde dei plassert nyttegjenstandar: ullkammar, spinnehjul, vevskei, saks og saumglattar av glas, steikjespiss, steikjepanner, jerngryte, jernause, ei klebergryte, ein bronsekjel og ei bronseause, ei lita grøn glasflaske, kniv, bryne, beitsel og kistebeslag.