• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Folkedal

Folkedal, som i dag ligg som ein liten «avstikkar» frå riksvegen, låg i mellomalderen sentralt i ein av dei viktigaste vegane mellom Hardanger og Voss. Det var denne vegen Olav Haraldsson fór i 1023 då han kom frå kongsgarden på Avaldsnes for å halda møte med vessene om å ta ved den nye trua. Vegen går om stølen Krossaset og ned Bordalen til Vangen.

På eitt av dei nedste bruka i Øvre Folkedal, der fellestunet tidlegare låg, står det att ei av dei gamle røykstovene i tunet. Alderen på stova er uviss, men tømmerdimensjonane fører tankane mot mellomalderen. Stova har hatt ein fint forseggjort ljore, og enno ser vi spor etter bogeslag og tausnoingsmotiv på ljoren. Denne stova var i bruk fram til første halvdel av 1900-talet.

Den vesle tettstaden ved fjorden i Folkedal var tidlegare dampskipsstoppestad. Fram til 1960-talet var det to handelsmenn her.

  • Bogeslag og tausnoingsmotiv på ein vekselbjelke

Bogeslaga og tausnoingsmotiva på vekselbjelken – den tverrbjelken som går over to sperrefag ved store ljorer – tyder på at stova kan vera frå mellomalderen (Egil Korsnes).