• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Skjervet fotografert kring 1900
Skjervet fotografert kring 1900 (Knud Knudsen, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (KK 1040 (21X27)))

Vegen mellom Eide i Granvin og Voss er ein av dei eldste vegane som vert omtala i mellomalderen. I eit diplom frå 1343 frå Voss om fordeling av vegarbeid finn vi òg omtala vegen til Angr (Granvinsfjorden). 

Det bratte fjellpartiet i Skjervet, med den store fossen, var vanskeleg å passera, og ei anna veglinje gjekk truleg om Brekke og Jørdre og ned til Klyve. Granvingardane som ligg her oppe, hadde kyrkjevegen sin om Jørdreskleivane. Først på 1700-talet vart det farande veg over Skjervet, i dette hovudsambandet mellom Hardanger og Vossebygdene. Det var skyssstasjon på Eide ved Granvinsfjorden, på Øvre Vassenden ved Granvinsvatnet og på Flatlandsmo.

Frå Voss gjekk også ein mykje nytta veg frå Flatlandsmo over fjellet til Folkedal ved Granvinsfjorden. Vegen gjennom Skjervet vart omlagd fleire gonger på 1700- og 1800-talet. Alt i åra 1817 og 1825 kjørte biskopane Pavels og Neumann her med hest og vogn, men dei store utbetringane kom etter 1840. Kjørevegen gjennom Skjervet var den første vegsaka som kom opp på det første fylkestinget i 1838. Løyvinga vart vedteken med den grunngjevinga at vegen måtte prioriterast, då det var det einaste kjørevegsambandet mellom Hardanger og Bergen.

Etter ei større omlegging i 1870 vart det samanhengande kjøreveg heilt fram til Eide. Det var då på tale å leggja ned skysstasjonen i Øvre Vassenden, men på grunn av behovet for embetsreiser i distriktet – futen og sorenskrivaren – vart skysstasjonen her først nedlagd etter første verdskrigen, då bilane overtok. I andre verdskrigen var det kampar mellom norske og tyske militæravdelingar i Skjervet, 25. april 1940. Norske stillingar i jernbanetunnelane gav eld mot tyske troppar som rykte fram frå Eide.

I 2011 vart den 4080 meter lange Tunsbergtunnellen opna slik at vegfarande no kjem raskt fram, fritt for hårnålsvingar og fossegov. Dei som har god tid kan fortsett kjøyre gamlevegen i sommarhalvåret.

 

  • Skysskiftet ved Øvre Vassenden

Skysskiftet ved Øvre Vassenden var eit viktig punkt i samferdsla mellom Hardanger og Voss. (foto: Knud Knudsen).