• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Skjervet mot aust. Garden Jørdre oppe til venstre

Skjervet mot aust. Garden Jørdre oppe til venstre. (Svein Nord)

ELVETJUVERI OG MOTBAKKEELVAR

På slutten av den siste istida gjekk brestraumen ut Hardangerfjorden så strid at han tvinga smeltevatn frå Voss til å renna i motbakke mot Granvin. Breen frå Raundalen ned den kronglete dalen langs Vosso til Bolstadøyri vart for sein i snuen.

Då denne meir saktegåande breen kom dit Bømoen no ligg, halla breoverflata slakare ned mot Voss enn mot Skjervet og Granvin, der isgravinga gjekk mykje snøggare. Både breen og smeltevatnet under isen strøymde derfor i retning Granvin. Smeltevatnet rann i motbakke, ettersom fjellgrunnen låg høgare ved vasskiljet mellom Voss og Granvin enn ved Bømoen. Vatnet vart pressa opp frå 100 moh. til 250 moh. før det fekk fritt leide ned til Granvinsfjorden. Det var trykket frå isen som gjorde at vatnet kunne renna «feil» veg, den same trykkeffekten som gjer at tappekranar høgt oppe i eit hus kan tilførast vatn frå eit inntak i kjellaren.

Motbakkeelva har lagt att ei rekkje prov på arbeidet sitt. Ved Møn er det eit gjel med jettegryter som smeltevatnet under isen har forma. Eit anna vitnemål er dei store jettegrytene aust for Flatlandsmo camping, der det renn berre ein liten bekk i våre dagar. Som om desse prova ikkje skulle vera nok, har motbakkeelva òg frakta med seg steinar av anortositt, som må ha kome frå Mjølfjell, og som no finst i grusterrassane ved Filipshaugen på Mala. Desse steinane har rulla på elvebotnen 150 meter oppoverbakke før dei omsider la seg til ro.

Mykje lenger attende, i dei tidlegare istidene, grov Hardangerfjordbreen så djupt og iherdig at han stal vatn frå Vossevassdraget utan å måtta ty til motbakkeelvar. Før istidene nådde nedbørsfeltet til Vosso like til området ved Vassfjøro og Solsævatnet i Ulvik. Elvane rann då gjennom den eldre, litt høgareliggjande «Espelandsdalen» mot Voss. Fleire dalhyller, den øvre ved Kolskår og den nedre ved Jørdre, markerer høgda på to sett gamle dalbotnar som saman med Skaftedalen halla mot Voss før istidene.

I istidene vart Hardangerfjorden graven lenger og lenger inn i landet, med sidefjordar som Granvinsfjorden og Osafjorden med Ulvikapollen, og med innhogg som Granvinsvatnet og dalen vidare inn til dalenden ved Skjervet. Dette gravearbeidet endra lagnaden for dei eldre elvedalane. Dalane vart innhenta, vatnet fann ein stuttare veg til sjøen og skifta derfor retning frå Vosso til Granvinsvassdraget. Elvetjuveriet i Granvin var likevel mindre omfattande enn tilsvarande tjuveri ved Stalheim.

  • Det meste av breen i Raundalen tok vegen mot Hardanger.

Det meste av breen i Raundalen tok vegen mot Hardanger. Profilet følgjer blå piler på kartet. (Inge Aarseth/Eva Bjørseth)

  • Kart over elvane i Voss–Granvinområdet før elvetjuveriet og elvane i dag

Kart over elvane i Voss–Granvinområdet før elvetjuveriet og elvane i dag. (Inge Aarseth/Eva Bjørseth)

  • Skjervesfossen

Når sommaren er på hell og snøen er borte i fjella, heng Skjervesfossen som sølvstrenger i berget, og vatnet roar seg i djupe kulpar.

  • Hunnes, O.; Anundsen, K.1985. Forslag til kvartærgeologiske verneverdige objekt/områder i Hordaland: 62–63. Rapport T-614 Avdelingen for naturvern og friluftsliv, Miljøverndepartementet.
  • Mæland, P. J. 1963. Kvartærgeologiske studier i området mellom Granvin og Voss. Upublisert hovudoppgåve, UiB.