• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hystadmarka, Stord

Hystadmarka er eit innhaldsrikt kulturminneområde (Jan Rabben).

Den største samlinga av førhistoriske gravminne på Stord finst i Hystadmarkjo. Her er framleis 16 gravrøysar og 2 steinringar å sjå; funn som i tid spenner frå bronsealder til vikingtid.

For oss tykkjest røysane i Hystadmarkjo liggja ulagleg til, bortgøymde som dei er i utmark og overgrodde av lyngtorv og kratt. Men den tid dei vart bygde, som minnesmerke over avlidne, stod sjøen eit par meter høgare enn i dag. Myrdraget mellom Valevågen og Mjelkevika var då eit sund med holmar utanfor. På begge sider av sundet låg røysane, lett synlege for den som fór framom i båt.

Somme av dei er skadde ved plyndring eller omroting. Funna er heller få, for i det fuktige vestlandsvêret vert lite av gravgodset bevart i slike porøse røysar.

Nokre av røysane i Hystadmarkjo har vorte brukte til gravlegging fleire gonger. I ei av dei er det funne heile fem steinkister frå bronsealderen. To tusen år seinare vart Hystadmarkjo på ny gravstad; som kolerakyrkjegard.

  • Kart over Hystadmarkjo

Hystadmarkjo

Kart over Hystadmarkjo med turområdet (etter Høyland, O. (1966-1973) Stord bygdebok. Bd I, s. 94, og teknisk etat).

  • Kart over gravfunn

Gravfunn

I ei røys på vestsida av Valevågen (no fjerna) var det fem graver. Den mannslange steinkista i sentrum (A) er truleg frå eldre bronsealder (1500-1000 f.Kr.) og er omkransa av ein fint opplagd mur (B). Utanfor muren ligg fire små steinkister frå yngre bronsealder (C) (1000-500 f.Kr.) (etter Bakka, E. i Høyland, O. (1966-1973) Stord bygdebok. Bd I, s. 100).

  • Gravstøtte på kolerakyrkjegarden i Hystadmarka

Kolerakyrkjegarden i Hystadmarka

Gravstøtte på kolerakyrkjegarden i Hystadmarka (Jan Rabben).

  • Gravurne frå ei av steinkistene

Gravurner

  • Rakekniv frå yngre bronsealder

Rakekniv

Ein rakekniv frå yngre bronsealder – 3000 år sidan (Ann-Mari Olsen, eigar Universitetsmuseet i Bergen (B 11184)).