• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

«Hesthammer»

Catharine Kølle: «Hesthammer», udatert (Helge Sunde, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (B 2436b, 11,3x8,9)) (utsnitt)

Den kvitmåla rokokkobygningen på sorenskrivargarden Hesthamar like nord for Utne i Hardanger, med det bratte, spissgavla taket, merkjer seg ut i landskapet. Denne vakre og vel bevarte embetsgarden frå først på 1700-talet ligg som eit vitnemål om ei tid då embetsmennene var mektige og stod på toppen i samfunnsstigen.

I Hordaland har vi mange slike embetsgardar, som kapteinsgarden på Fet i Uskedalen, i velproporsjonert Bergensklassisisme, eller sjefsgarden til kompanisjefen på Undarheim på Husnes, begge frå andre halvdelen av 1700-talet. Litt mindre, men likevel større enn på vanlege gardsbruk, er hovudbygningen på prestegarden i Vikøy i Hardanger, eller stovehusa frå futegarden på Sørhuglo, som i dag står på Sunnhordland Museum på Stord.

Sorenskrivarane, prestane, futane og dei militære befalingsmennene var embetsstyret sine fremste representantar på bygdene. Dei høyrde til bykulturen, og dette viste att både i omgangsformene og i byggeskikken. Hovudhuset på embetsgarden var gjerne ein stilrein bygning med lang fasade og store vindaugo, med embetskontor, ein stor sal – herresalen – til selskapeleg bruk, soverom og opphaldsrom for heile embetsmannshushaldet, og ofte ei borgstove for tenestefolka. Skilnaden mellom ein embetsgard og ein vanleg bondegard kjem klårt fram i storleiken på hushaldet.

Medan det kring 1800 budde gjennomsnittleg 5-6 vaksne og born på ein bondegard, kunne det vera 15-25 menneske på embetsgarden, alt etter kva rang embetsmannen hadde, og velstanden i distriktet. Det var bruk for mange tenestefolk hjå embetsmennene. Dei hadde ofte dei største og beste gardane i bygda, og jordbruksdrifta var ein viktig del av embetsmannsøkonomien.

Embetsmannsstaten

Tohundreårsperioden frå 1660 til 1884 er kalla embetsmannsstaten i norsk historie. Embetsmennene sat i regjeringa, dei fylte plassane i sentraladministrasjonen, og dei stod for lokalstyringa. Den kongelege utnemninga var sjølve kjenneteiknet på embetsmannen. Han skulle vera kongens representant i sitt distrikt. Dette gav makt og autoritet. Men samstundes måtte embetsmennene ha tillit i lokalsamfunnet, av di løna deira delvis skulle koma direkte frå bygdefolket.

Også på andre måtar skilde embetsmennene seg ut. Dei tilhøyrde ei eksklusiv lita gruppe. Medrekna den næraste familien utgjorde dei berre ca. 1 % av befolkninga. Dei var innflyttarar, eller etterkomarar av innflyttarar. Dei fleste snakka dansk og hadde embetsuniform. Dei var knytte saman i eit sosialt fellesskap gjennom ekteskap og venskap. Dei hadde felles bakgrunn som embetsmannsborn, og fleire og fleire av dei fekk utdanning ved universitetet i København. Etter kvart var det òg vanlegare at sonen gjekk inn i same type embete som faren, og vi fekk presteslekter, offisersslekter m.v. Skilnaden mellom embetsmennene og bøndene var truleg mindre i Noreg enn i mange andre land, både fordi det øvre sjiktet i bondesamfunnet, gardbrukarane, etter måten var bra stilt, og fordi dei store rikdomane har vore sjeldne her i landet. Likevel kan avstanden mellom bondesamfunnet og embetsstanden ha verka større her enn mange andre stader. Både sosialt og administrativt har embetsmennene hatt ein meir framskoten posisjon i det norske samfunnet enn i dei fleste europeiske land. Det hadde å gjera med adelen si svake stilling.

På 1600-talet tok nye sosiale grupper over leiarposisjonane i samfunnet etter adelen. Embetsmennene og storborgarane vart den økonomiske og sosiale eliten i landet. Embetsmennenes makt og posisjon vart styrkt gjennom utbygginga og sentraliseringa av statsapparatet i Danmark-Noreg ved innføringa av eineveldet i 1660. Dei store embetsmannsgardane er synlege uttrykk for denne utviklinga. Dei fleste av dei vart bygde i andre halvdel av 1700-talet.

Skrivar, fut, prest og kaptein

Før formannskapslovene av 1837 innførte kommunalt sjølvstyre i Noreg, var dei offentlege styresmaktene på bygdene det same som den statlege lokaladministrasjonen. Dette gjeld både før 1814, då kongen styrte eineveldig frå København og i den første unionstida, då kongen budde i Stockholm og måtte dela makta med det norske Stortinget i Christiania. I folkemeininga var «øvrigheita» det same som dei lokale embetsmennene, og fremst blant dei stod sorenskrivaren, futen og presten. Jamvel om dei hadde hjelparar under seg, og overordna embetsmenn over seg, var det dette trekløveret som utførte dei fleste av dei embetsgjerningane bondesamfunnet hadde behov for. Saman med den militære kapteinen i området sytte dei for at folk ytte det staten kravde. Skrivar, fut, prest og kaptein hjelpte kvarandre i ein del saker, men elles representerte dei kvar si hovudgrein av styringsapparatet: rettsvesenet, amtsforvaltninga, kyrkja og krigsmakta.

Sorenskrivaren og domstolane

Sorenskrivaren var dommar på bygdetinget. Då stillinga vart oppretta i 1591, var han rett nok berre eidsvoren skrivar (sekretær) for bygdetinget, medan bøndene sjølve hadde domsmakta. Men litt etter kvart tok skrivaren over domsfunksjonane. Først vart han meddommar saman med bøndene, seinare vart han einedommar, slik det går fram av Christian 5.s Norske Lov av 1687. Samstundes heldt han fram med å vera skrivar og føra rettsprotokollane. Det var også sorenskrivaren som skulle halda skifte, vera auksjonarius og føra pantebøker. Han skulle ta del i ulike kommisjonar, vera notarius publicus, og han skulle vera den første til å skriva og medunderskriva supplikkar (søknader og bønskrifter) til kongen frå allmugen.

Futen og amtforvaltninga

Futen hadde eit mangslunge embete. Han hadde oppgåver innanfor militærvesen, skulevesen og fattigvesen, likeins i handheving av næringsreguleringa og i samband med veghaldet. Etter 1814 fekk han òg oppgåver ved val til Stortinget og etter 1837 ved val til kommunestyra. Dei viktigaste oppgåvene var likevel å vera skattekrevjar og politi.

Innanfor sitt distrikt hadde futen ansvaret for å krevja inn skattar, avgifter og bøter. Normalt gjorde han dette på bygdetinget, som då vart kalla skatteting. Skattetinga vart haldne til faste tider, to eller tre gonger i året, og bøndene hadde plikt til å møta fram. Ofte hende det at ikkje alt kom inn, og då måtte futen rundt i bygda for å krevja inn restansane. I nokre høve måtte han setja i verk utpanting eller militær eksekusjon. Dei innkravde skattane skulle futen levera til den offentlege kassa på næraste stiftamtstove, som det frå byrjing av 1700-talet var tre av i landet. Futane i Hordalandsområdet leverte til stiftamtstova i Bergen. Derfrå gjekk pengane til Zahlkassa i Christiania, og i dansketida vidare til København.

Futen var òg politimeister på landet. Han skulle syta for ro og orden i sitt distrikt. Han kunne setja folk i arrest, han var aktor i offentlege saker, og det var han som hadde ansvaret for at dommar vart sette i verk. Lensmennene i distriktet var futen sine lokale hjelparar.

Klostergods og baroni

Einskilde gods og godssamlingar var skilde ut som eigne rettskrinsar og forvaltningsområde, såkalla birk. Godset i eit birk låg ikkje under dei allmenne styresmaktene, men under jordherren. Dermed vart administrativ, rettsleg og økonomisk makt samla på éi hand. I nokre land, som i Danmark, var slike ordningar vanlege, men i Noreg var dei unntak. Det vart aldri mange birk, og dei fleste var små. På 1600-talet hadde vi to kongelege birk i landet, Halsnøy klostergods i Sunnhordland og Hardanger, og Lysekloster gods i Sunnhordland, Hardanger og Nordhordland. Begge desse var godssamlingar som krona hadde teke over etter reformasjonen. På slutten av 1600-talet vart det oppretta fire birk til, deriblant baroniet Rosendal frå 1678.

Alle birka i Hordalandsområdet var godssamlingar, det vil seia at birkeretten ikkje galdt heile området, men berre dei leiglendingane som høyrde til godset.

Birkeherren hadde rett til å peika ut birkedommar og birkefut. I Noreg svara oppgåvene til birkedommaren i hovudsak til dei som sorenskrivaren hadde, og birkefuten hadde det same ansvaret som den vanlege futen. For Halsnøy og Lysekloster skulle appell frå birketinget gå til lagtinget, medan baroniet fekk lagtingsrett sjølv, det vil seia at appellen skulle gå direkte til Høgsterett. Baronen hadde òg kallsrett; rett til å peika ut prest. Korkje baronen eller andre birkeherrer hadde råderett over militærstellet; det ville statsmakta sjølv styra med. I forvaltninga sto Halsnøy og Lysekloster under amtmannen, medan baronen til Rosendal var amtmann sjølv. Som andre amtmenn sto baronen under stiftamtmannen.

Presten og kyrkja

Presten si rolle i lokalsamfunnet var større i ei tid då kyrkja hadde meir makt enn i dag. Kyrkjegong og sakrament var påbode. Presten hadde òg rett til å dømma folk gjennom kyrkjetukta og dei geistlege domstolane. Dessutan hadde prestane meir utprega verdslege oppgåver enn i dag. Kyrkja hadde frå gammalt vore engasjert i fattigstell og undervisning. Då staten tok dette opp som offentlege oppgåver kring midten av 1700-talet, vart prestane sjølvskrivne leiarar av dei nye ordningane med fattigkommisjonar og skulekommisjonar i kvart prestegjeld. Kyrkja vart også pålagd statlege kontroll- og propagandafunksjonar. Presten skulle føra manntal og ta opp folketeljingar, mellom anna til bruk for det militære. Han skulle lesa kunngjeringar frå kyrkjebakken eller preikestolen. I eit kongebod frå 1734 heiter det at prestane skulle leggja særleg vinn på «at vedligeholde den borgerlige Roelighed» og formana soknefolket til «Afskye for al Uroe, Tvist, Sammenrottelse, Had og Foragt».

Når folk tala om presten, meinte dei soknepresten. Det var han dei møtte ved høgtider og på merkedagar i livet. Prestegarden var mange stader også eit kultursentrum i bygda. Her fekk mange av bygdefolket sitt første møte med bokleg lærdom før skulestellet vart utbygt. Samanlikna med skrivar og fut, stod presten folk nærare i embetsgjerninga si. Embetsdistriktet hans var òg mindre. Medan landet rettsleg og administrativt var delt i om lag 300 tinglag, var det om lag 900 kyrkjesokn. Oftast var det fleire sokn i prestegjeldet, som var soknepresten sitt distrikt. Først på prostinivå var det samsvar med futen og sorenskrivaren sitt embetsdistrikt. Den geistlege administrasjonen tilsvarar i stor grad den ordninga vi framleis har. Prosten vert vald mellom sokneprestene i prostiet. Over han står biskopen. Under seg kunne soknepresten ha residerande kapellanar i avsidesliggjande delar av prestegjeldet, og huskapellanar som personlege hjelparar. Klokkaren i soknet skulle hjelpa presten i gudstenesta, leia kyrkjesongen og undervisa ungdomen. Han var ikkje eigentleg embetsmann, men vart peika ut av biskopen og skulle ha løna si av allmugen, etter sedvane. Han hadde òg rett til ein klokkargard i soknet.

Kapteinen og krigsmakta

Kapteinen og løytnanten hans var dei to offiserane folk fekk mest å gjera med. Kapteinen var sjef for det lokale kompani. Han hadde embetsgard på linje med dei sivile embetsmennene, og han representerte i høg grad statsmakta i lokalsamfunnet. Krigsmakta var lenge den høgast prioriterte delen av den offentlege verksemda. Mot slutten av 1700-talet gjekk meir enn tre fjerdedelar av statsutgiftene i Noreg til det militære.

Krigsmakta hadde meir varierte oppgåver og kom i breiare kontakt med folk i lokalsamfunnet enn i dag. Krig og vern mot ytre fiendar var ei hovudoppgåve då som no. Militære styrkar vart òg sette inn ved indre uro. Ofte kunne det då verta valdsbruk, men andre gonger var sjølve soldatsamlingane nok til å roa ned opphissa folkemengder, slik som under oppstanden mot ekstraskatten på Vestlandet i 1760-åra, den såkalla Strilekrigen. I tillegg skulle dei militære hjelpa dei sivile styresmaktene i meir daglege politioppgåver, t.d. å krevja inn restskatt (militær eksekusjon), arrestera forbrytarar og transportera fangar.

Den norske hæren som vart oppretta i 1628, var i hovudsak ein verneplikthær. Verneplikta var ikkje personleg, men fordelt på bondegardane i eit legdsystem. Kvar legd skulle rusta ut og halda ein soldat. Legda var frå først på fire fullgardar, men ho vart mindre og mindre, og frå 1717 var ho på ein fullgard. Det var gardbrukarane som avgjorde kven som skulle vera soldat for legda. Ein byrja gjerne nedst på den sosiale stigen, med ein husmannsgut. Når soldatemna kom til sesjonen, var både kapteinen og amtmannen og fleire embetsmenn til stades. Den som vart akseptert som soldat, skulle tena i ni år. Men i fredstid var tenesta mest å møta til oppsette tider på kyrkjebakken heime, der det vart halde eksersis under leiing av kapteinen.

Embetsmennene og allmugen

Embetsmennene representerte staten, eller kongen, i lokalsamfunnet. Men det hende at bønder reiste til København for å klaga til kongen. Slike klagereiser vart det sett forbod mot fleire gonger, men reisene vart tekne opp att. Oftast fekk dei reisande bera fram ærendet sitt, ikkje minst fordi ordninga gav sentralmakta høve til å kontrollera dei lokale embetsmennene. No var likevel reiser til København sjeldsynte. Heime var det mogleg for bøndene å nytta tingsamlingane til å aksjonera i viktige saker, til dømes mot nye skattekrav. Den vanlegaste måten å venda seg til styresmaktene på, var gjennom klageskriv eller bønskriv frå den einskilde, dei såkalla supplikkane. Supplikkar kunne nyttast til alt frå å klaga på ein nidkjær fut, skriva søknad om å driva næringsverksemd, til å be om nåde frå straff. Supplikkane var aksepterte av systemet. Det var reglar for korleis dei skulle gå gjennom embetsverket, og ingen embetsmann hadde rett til å nekta eller stoppa ein supplikk.

Tilhøvet mellom embetsmennene og allmugen var prega av at embetsmennene hadde maktmiddel andsynes bygdefolket. Men til ein viss grad hadde dei også sams interesser. Lokalsamfunna var ikkje større enn at folk måtte kunne leva med kvarandre, og embetsmannen var økonomisk avhengig av at tilhøvet fungerte såpass at han fekk inn inntektene sine, og helst nokre «gåver» i tillegg. Det finst mange eksempel på at embetsmenn tala på vegner av lokalsamfunnet mot sentralmakta i hovudstaden. Elles kunne det vera slik at embetsmennene også måtte ta stilling i saker der ulike grupper i befolkninga stod mot kvarandre. Embetsmennene støtta helst gardbrukarane, som t.d. i spørsmålet om husmennene skulle vera ein arbeidskraftreserve for brukarane, eller om ein skulle gjera husmennene til sjølvstendige småbrukarar. Gardbrukarane var ikkje berre økonomisk mektigare enn husmennene, dei hadde òg viktige funksjonar i staten. Det var dei som betalte skatten, dei hadde skyssplikt, og det var dei som sytte for soldatar til hæren.

Embetsmannskulturen

Oppgåvene til embetsmennene var å styra og kontrollera. For å løysa desse oppgåvene var det naudsynt å vera boklærd og meistra skrivekunsten. Det gav makt i eit samfunn der folk flest til langt ut på 1800-talet ikkje kunne skriva stort meir enn namnet sitt. Embetsmennene skreiv for det meste dansk, og la dermed sin del av grunnen for den seinare språkstriden i landet. Mange av dei las fleire språk, og fekk impulsar frå dei store kulturlanda i Europa. Dei fleste diktarane og vitskapsmennene vi kjenner i Noreg på 1600- og 1700-tallet, var embetsmenn. I Bergen skreiv biskopen Erik Pontoppidan «Norges Naturlige Historie» midt på 1700-tallet, og diktarpresten Johan Nordahl Brun skreiv kring 1800 både Noregs første nasjonalsong (For Norge, Kiempers Fødeland) og songen til Bergen (Jeg tok min nystemte). I det heile var mange embetsmenn i siste halvdel av 1700-talet prega av rasjonalismen. Dei ville gje kunnskap til folk. Det galdt ikkje minst prestane. Dei vart pionerar i jordbruket («potetprestar»), og nytta preikestolen til opplysingsverksemd. At mange embetsmenn var godt orienterte om tenkjemåtane i Europa, vitnar òg 1814 om. Embetsmennene dominerte i stor grad grunnlovsarbeidet, og dei henta idear frå den amerikanske fridomskampen og forfatningane under den franske revolusjonen. Sjølv om mange embetsmenn fekk ei rolle som folkeopplysarar, og jamvel om levemåten deira kunne vera eit mønster for andre, var embetsmannskulturen likevel eksklusiv. Det var eit tett sosialt fellesskap mellom embetsmenn på tvers av lokalsamfunna, grunna på giftarmål, vennskap og kjennskap. Dei identifiserte seg meir med kvarandre og med utanlandske likemenn enn med lokalbefolkninga. Dei heldt selskap for kvarandre. Dei bygde i byens byggeskikk, og førte inn empireinspirerte klesdrakter. Dei kunne nyta barokkmusikk på kostbare instrument som spinett, og dei las bøker. Framfor alt hadde dei ressursar til å gjera dette. Embetsmannskulturen framstod som ein overklassekultur, avgrensa frå og sterkt ulik den lokale bondekulturen.

Embetsmannsveldet tek slutt

Frigjeringa frå Danmark og grunnlovsverket i 1814 fekk lite å seia for det lokale styringsverket. Dei same mennene sat i dei same embeta og styrte om lag som før. Heller ikkje innføringa av det kommunale sjølvstyret frå 1837 endra mykje på den lokale statsforvaltninga. Dei første tiåra etter 1837 stod det enno uklårt for mange kva kommunestyra skulle stella med. Og framleis var det slik at folket valde embetsmenn til å representera seg på Stortinget. Ser vi t.d. på vala til Stortinget i 1848, var det mellom dei fire representantane frå Søndre Bergenhus berre ein gardbrukar: Johannes Olsen Veseth frå Haus. Dei tre andre var embetsmenn; prestar alle tre. Det var Nils Koren til Kinsarvik prestegjeld, Claus Daae til Stord, og Laurentius Koren, prost i Sunnhordland og sokneprest til Fjeldberg. Blant suppleantane var det nok ein sokneprest, Julius Hammer til Haus, og ein sorenskrivar, Jacob Falch, skrivar i Hardanger og Voss sorenskriveri. Først då stortingsopposisjonen sigra over embetsmannsveldet i 1884, og parlamentarismen vart innført som statsskikk i Noreg, fekk også embetsmannsstyret i den lokale forvaltninga ein knekk. Kommunestyra fekk større makt, mellom anna ved tilsetjing av lensmenn. Fleire statlege embete vart avskaffa, blant dei futeembetet i 1894. Overgangen frå embetsmannsstyre til meir lokalt sjølvstyre var med andre ord ein prosess som gjekk parallelt på to plan. Kommunen vart mektigare, samstundes som det lokale statlege apparatet vart nedbygt. Mot slutten av 1800-talet tok perioden med embetsmannsstyre gradvis slutt.

Embetsmennene hadde sine fargerike embetsuniformer

Embetsmennene hadde sine fargerike embetsuniformer, alt etter stand og stilling. Stiftsamtmannen i gallauniform (eigar: Riksarkivet (Allminnelig samling, eske 13)).

Stovehusa frå futegarden

Stovehusa frå futegarden på Sør-Huglo står i dag på Sunnhordland Museum. Denne bygningen skil seg ikkje særleg ut frå dei mange velbygde bondegardane i Sunnhordland (Jan Rabben).

Futegarden Hammarhaug

Futegarden Hammarhaug i Ølvebygda, måla av Anders Askevold i 1860. Til denne storgarden høyrde seks husmannsplassar som låg spreidde i utmarka. Tidlegare høyrde Hammarhaug til Tysnes kommune ("Fra Hammerhaug". Foto: J. Lathion, eigar: Nasjonalgalleriet (NG 520 i, olje på papir oppklebet på papp-plate 34,5x47)).

Supplikk frå bønder på Voss datert 14. mai 1661

Supplikk frå bønder på Voss datert 14. mai 1661. I supplikken klagar bøndene på futen Claus Hendrichsen, som skal ha teke seg grovt betalt i arveskiftesaker (eigar: Riksarkivet (Danske kanselli, skapsaker. Skap 9, pk. 156 nr. 39)).

Den sosiale avstanden mellom embetsmennene og allmugen kjem fram i folkekunstens fargerike figurar

Den sosiale avstanden mellom embetsmennene og allmugen kjem fram i folkekunstens fargerike figurar. Offiseren: «Jeg strider for Eder alle». Presten: «Jeg lærer Eder alle». Bonden: «Æg slæpa för deko adle». Sjømannen: «Jeg maae pløie Bølgen blaae naar Offiser og Præst sover i Roe». Borgundøy, Kvinnherad (Nils Georg Brekke).

Nils Hertzberg

Embetsmennene var ofte føregangsmenn i lokalsamfunnet. Den myndige prosten i Indre Hardanger, Nils Hertzberg i Ullensvang, hadde mange jarn i elden i byrjinga av 1800-talet: vitskapsmann, vegingeniør, lækjar m.m (litografi, eigar: Universitetsmuseet i Bergen).

Vikøy prestegard i Kvam, 1898

Vikøy prestegard i Kvam, 1898, er ein av dei sentrale embetsgardar i Hordaland. Her budde Adolph Tidemand på sine ferder til Hardanger (ukjent, eigar: Kvam kulturkontor).

  • Nagel, A.-H. (1985) Styringsapparatet i Norge på 1700-tallet. I: Administrasjon i Norden på 1700-talet. Oslo, Universitetsforlaget, s. 71-144.