• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Regnbyer frå sørvest

Regnbyer frå sørvest sig inn Matersfjorden i Sunnhordland, eit av dei nedbørrikaste områda i fylket. Lenger inne fell mykje av nedbøren som snø over Folgefonna. (Svein Nord)

REGN OG SNØ I NOREGS VÅTASTE FYLKE

Det plaskar, det surklar, det fossar, det renn; Vestlandet flyt over av vatn. Nok til at tre kan slå rot i blanke berget, nok til å forsyna austlendingar med vasskraft. Det er havet i vest å takka og klandra for all denne væta. Fukt frå Atlanteren blir samla opp i tallause lågtrykk og ekspedert i det som meteorologane kallar stormbeltet inn over land. Sterk vind og høge fjell tvingar den fuktige lufta til vêrs. Dermed blir ho avkjølt og vassdampen kondensert til regndropar. Så auser nedbør frå halve verda ned over hordalendingane, busette som vi er under Atlanterhavets takrennenedløp.

Mest utsette er dei mange og høge fjellområda ut mot kysten. 30–50 kilometer inn i landet er det aller våtast. Ytst ute mot havet er det ikkje fjell høge nok til å lyfta skyene opp i dei nedbørdrivande temperatursjikta. Og lengst inne i fjordane har vestavêret i stor mon gått seg tom for væte. Men sjølv dei mest inntørka og oppsprokne hordalendingar er prega av eit klima med mykje regn.

Fordelinga av nedbør

Det meste av nedbøren i fylket kjem med vindar frå sør- og sørvestleg retning, særleg om hausten og vinteren. Om sommaren er lågtrykksaktiviteten mindre, og ein større del av nedbøren kjem som byer, i midtre og indre strøk helst som ettermiddagsbyer.

Mest nedbør får vi i september, oktober og november, dei tørraste månadene er som oftast april og mai. Slik er det i heile fylket, frå kysten til indre fjordstrøk. Målingane på vêrstasjonane viser at det likevel er store variasjonar: Ytst på kysten, på Slåtterøy, er nedbørmengdene relativt små heile året, samanlikna med til dømes Fitjar og Rosendal. Lenger inne, som i Ullensvang, er sommarnedbøren oftast mindre, jamvel mindre enn på kysten. Skilnaden i nedbørmengder kjem av ulik topografi, ulik samansetjing av typar nedbør til ulike årstider og variasjon i framherskande vindretning.

Lengst vest vil nedbørmengdene variera lite i nord-sør-retning langs kysten. Nedbørnormalane for Slåtterøy fyr i Bømlo og Hellisøy fyr i Fedje er på respektive 1209 og 1218 mm i året, og det meste kjem om hausten og vinteren. Vidare austover aukar mengdene med nedbør. Dei er størst i fjellområda på den sørlege delen av Kvinnheradhalvøya (Indre Matre),3070 mm, i Samnanger (Kvitingen), 3442 mm, og i Masfjorden/ Stølsheimen (Haukeland),3537 mm. Der det er som våtast, blir fuktig havluft frå vest pressa opp over høge fjell. Avkjølinga av havlufta som då skjer, gir mykje og ofte nedbør. Det området i fylket som er rikast på nedbør, finn vi truleg høgt til fjells på den sørlege delen av Folgefonna. Målingar av snømengdene om våren og av avrenninga viser at det her kjem opp mot 5500 mm nedbør i året. Nedbørmengdene minkar så raskt nordover og austover. På Voss er normal årsnedbør nede i 1200 mm,og på den nordvestlege delen av Hardangervidda (Viveli) er normalen om lag 800 mm i året. På Hardangerjøkulen lenger nord er dei årlege mengdene nedbør igjen høgare, over 2000 mm.

Desse tala gjeld for eit gjennomsnittsår. Variasjonane frå år til år kan vera store. I 1967 kom det såleis til saman 3068 mm nedbør i Bergen, medan det i 1915 kom berre 1382 mm. Dette svarar til 136 % og 61 % av det som i dag er normale nedbørmengder. Den største offisielle årsnedbøren i fylket var på 5087 mm, registrert på vêrstasjonen Kvitingen i Samnanger i 1921.

Variasjonane er endå større for månadsnedbør. I mai 1922 regna det i gjennomsnitt 20 mm kvar dag på Kvitingen, månadsnedbøren vart då over fire gonger normalverdien. Størst månadsnedbør i fylket er registrert same staden, med heile 1064 mm i desember 1975.

Fordi terrenget ikkje stig jamt austover, men er oppdelt av dalar og fjordar i mange retningar, vil fordelinga av nedbøren vera ujamn. Somme stader kan dette gi relativt mykje nedbør over eit avgrensa område, medan det andre stader kan bli uvanleg lite. Eit døme på det første finn vi på Børtveit på Stord. Stasjonen ligg på austsida av øya og berre 4 moh., men her er normal årsnedbør 2871 mm. Det er over det doble av tilsvarande verdi for Slåtterøy og over 1000 mm meir enn årsnedbøren i Rosendal.

Kor mykje nedbør kjem det over Hordaland?

Målingane frå i alt 75 nedbørstasjonar viser at nedbørmengdene i middel for eit år varierer frå om lag 800 til 3500 mm. Nokre stader varierer mengdene mykje over korte avstandar. I andre område er variasjonen mindre. Dei aller fleste målestasjonane treng dagleg tilsyn og ligg derfor nær busetnad. Om lag 38 % av arealet i Hordaland ligg høgare enn 900 moh. I desse områda er det som regel langt til næraste observatør. Desutan står alle nedbørstasjonane på land, og det er uvisst kor mykje det regnar over sjøen eller over store vatn.

Derfor må det gjerast teoretiske vurderingar av nedbørmengdene, til dømes i dei høgaste fjellområda i Samnanger, Stølsheimen, på Folgefonna eller på Hardangervidda. Den samla årlege vassmengda som renn ut i hav og fjordar frå Hordaland sine «eigne» vassdrag, er utrekna til om lag 33 km3 i eit normalår. Dette volumet svarar til ca. 5 km3 meir enn om alle snø- og ismassar i heile Folgefonna skulle smelta på eitt år. Fordelt jamt utover heile fylket svarar denne vassmengda til ei nedbørmengd på ca.2100 mm. Dersom vi legg til ei middelfordamping på 300 mm i eit år, får vi eit estimat på ca.2400 mm årleg middelnedbør over Hordaland. Eit meir nøyaktig mål for gjennomsnittsnedbøren i fylket er det vanskeleg å finna.

Rekorddøgnet 25. november 1940

For alle stasjonar med målingar av nedbør blir det ført statistikkar over største nedbørmengd som er målt i eit døgn, ein månad og eit år. Dei fleste stasjonane måler nedbøren éin gong i døgnet, kl. 07. Eit nedbørdøgn er definert som dei 24 timane mellom observasjonane.

Somme distrikt skil seg ut med meir nedbør enn andre stader i fylket. Vêrstasjonane Indre Matre i Kvinnherad, Kvitingen i Samnanger og Haukeland i Masfjorden har til saman hand om alle desse hordalandsrekordane. Den største døgnnedbøren som nokosinne er målt i fylket, vart registrert på Indre Matre i Sunnhordland i 1940. 25. november 1940 byrja som mange andre haustdagar på Vestlandet, med kuling frå sørvest, mildvêr med 7–8 grader og regn. Etter kvart vart nedbøren kraftigare enn vanleg, og utan opphald. Det varde heile dagen og natta, med kolossal auke i vassføringa i mange elvar. Neste morgon rann nedbørmålaren på Indre Matre over, men det vart målt og notert 229,6 mm. Truleg var den verkelege nedbørverdien godt over 230 mm for dette nedbørdøgnet. Neste nedbørdøgn heldt striregnet fram, og neste dag vart det kl. 07 målt 149,3 mm. Både eittdøgnsverdien på 229,6 mm og todøgnsverdien på 378,9 mm er det høgaste som er målt i Noreg.

Også på fleire andre stasjonar i fylket vart det sett lokale nedbørrekordar desse to døgna. Forutan i Matre i Sunnhordland kom dei største nedbørmengdene i ei nokså smal sone i fjellområda, i Samnanger, i Vaksdal og i Masfjorden. Lengst vest på kysten vart det 26. november målt berre 15 mm, og i dei inste fjordstrøka kom det i overkant av 50 mm. Den store nedbøren, saman med smelting av snø i lågare fjellområde, førte til rekordstor vassføring i mange elvar, med utgravingar og flaum. I arbeidet med å hindra at elvevatnet øydela den nye kraftstasjonen i Rosendal, drukna ein person. I Etneelva kulminerte flaumen natta til 26. november. Morgonen etter, kl. 07, var vassføringa om lag 250 m 3/s. Statistikken seier at det vil ta 2000 år før denne elva igjen har ei vassføring med eit døgnmiddel på over 200 m 3/s.

Torevêr

Frå midnatt til klokka 12.30 16. august 2001 vart det registrert 21 000 lyn i vestlege Hordaland og havområda utanfor. Om lag 2500 av dei slo ned over land. I Bergen starta torevêret for alvor i 8.30-tida og breidde seg så mot nordaust. Brannalarmar slo seg ut overalt, berre på Haukeland Sykehus 45 gonger! Men ingen alvorlege skadar eller brannar vart melde. Store nedbørmengder og kraftig vind var også ein del av vêrbiletet då den fuktige og varme lufta frå søraust skapte gneistar over fylket.

Torevêr oppstår i ustabile, fuktige luftmassar der lufta stig opp og dannar høge kumulusskyer. Ein sommardag kan sterk oppvarming av jordoverflata setja i gang denne prosessen. Undersida av skyene ligg oftast på 1000–2000 meter, medan toppen kan nå opp i over 10 000 meter. Så høgt er temperaturen, sjølv om sommaren, 30–40 kuldegrader. I Hordaland startar oftast slike torevêr om ettermiddagen i midtre og indre fjordstrøk og spreier seg utetter kvelden sakte til kysten. Lynet blir gjerne utløyst i eit skyområde der temperaturen er omkring eller litt under 0 grader, men dei fleste lyna når ikkje ned til jorda.

Frontsystem som kjem inn til kysten frå sør eller sørvest, kan også gi torevêr heile året igjennom, men vanlegast i ytre strøk om vinteren. Kalde luftstraumar over havet frå vestleg og nordvestleg kant blir tilførte fukt og varme frå den varmare havflata og blir ustabile. Når lufta kjem inn over land og blir pressa til vêrs, kan dette utløysa torebyer. Toreskyene oppstår då mellom andre skysystem, slik at det samstundes kan vera lågt skydekke og regn. Høgdevinden er gjerne sterk. Torevêret flyttar seg derfor raskt inn over land.

I kaldt vêr inneheld torebyene ofte små, kvite, porøse hagl (sprøhagl). Desse byeskyene er relativt låge. Undersida er nokre få hundre meter over havet, medan oversida gjerne er i 4000–6000 meters høgd. Det blæs ofte kuling med dette vêrlaget. Skyene driv derfor raskt. Torevêret kan koma brått på, og lynet kan lysa opp midt i ei tett snøbye. Det blir eitt, kanskje to skrall før det er over, eller før uvêret er utanfor høyrevidd. Endå om desse vintertorevêra ikkje er særleg kraftige, er faren for lynnedslag stor i kyststrøka. Lynet blir utløyst i lita høgd og slår ofte rett mot jord. Fleire kyrkjer har opp gjennom åra vorte offer for desse låge vintertorevêra. I 1989 vart både Fjell kyrkje og Austevoll kyrkje råka av lyn, men bygningane vart berga.

Tåke

Tåke, eller skodde, blir danna når lufta nær bakken eller sjøen blir tilført mykje fukt, eller når lufta blir avkjølt. Tåkedanninga skjer anten over ei kald overflate eller når det blir ei samanblanding av kald og varm luft. Tåke førekjem i heile fylket, men det er stor skilnad på kva tåketype som er mest vanleg, og kva tid på året det er mest tåke.

I indre strøk kan det i periodar om vinteren bli frostrøyk i fjordane og over ope vatn i stille vêr, når lufta er 10–15 grader kaldare enn sjø- eller vassflata. Den sterke avkjølinga av vassdampen som stig opp frå vassflata, gir røykliknande kvervlar og ulne tåkeflak. Denne tåketypen er avgrensa til opne elvar, vatn og fjordar med eit kaldt omland, som i Åkrafjorden, i indre delar av Hardangerfjorden og i Bolstadfjorden. Tåka blir sjeldan kompakt og samanhengande. Unntak førekjem likevel i avgrensa område, som Voss og Røldal, der det kan bli tett frosttåke i periodar med stille og kaldt vêr. Om vinteren og tidleg på våren kan det også bli tett tåke i indre fjordstrøk når kald luft sig ned frå fjellområda og blandar seg med den varmare og fuktigare lufta som ligg over den opne fjorden.

Kystområda har flest dagar med tåke, særleg om våren og sommaren, når fuktig og relativt varm havluft kjem inn over kaldare sjø og blir avkjølt nedanfrå. For at det skal bli havtåke, kan temperaturskilnaden mellom sjø og luft vera liten, berre lufta er fuktig nok. Det kan også bli tåke sjølv om lufta er relativt tørr, dersom temperaturskilnaden er stor. Når denne tåka kjem inn frå havet over øyar (Bømlo, Austevoll, Sotra/Øygarden, Austrheim) og innover i fjordane (Bømlafjorden, Selbjørnsfjorden, Korsfjorden, Hjeltefjorden, Fensfjorden), vil varme frå landjorda og lokale vindar føra til at tåka lettar til låge skyer som seinare vil løysa seg opp. Samstundes som det er rått og kaldt ute ved kysten, kan det derfor vera fint og varmt vêr innover i fjordane. I grenseområdet mellom tåke og solskin kan tåka pendla fram og tilbake, slik at dagtemperaturen kan variera mykje. Oftast vil denne tåka trekkja inn over land om kvelden, når det enno er solgangsbris frå sjøen, samstundes som soloppvarminga minkar.

På ein flyplass må sikten vera minst 60 meter vertikalt og 750 meter horisontalt for at fly skal kunna letta og landa. Flesland kan om våren og sommaren få tåke som hindrar flytrafikken, men oftast berre i korte periodar, når havtåke kjem inn fjorden frå sørvest. Det skjer i gjennomsnitt éin dag i månaden. Når sola varmar opp landskapet om formiddagen, vil tåka løysa seg opp og forsvinna.

  • Kart over middelårsnedbør i Hordaland

Kart over middelårsnedbør i Hordaland (mm/år). (Endre Skaar/Sverre Mo)

  • Byenedbør
  • Frontnedbør
  • Orografisk nedbør

Tre nedbørtypar

Nedbør kan skiljast i tre hovudgrupper: byenedbør, frontnedbør og orografisk nedbør, etter kva prosessar i naturen som fører til nedbør. Ofte vil alle tre nedbørtypene vera representerte samstundes, i større eller mindre grad.

 

Byenedbør oppstår i ustabil luft, til dømes ved sterk soloppvarming av landjorda om sommaren. Om vinteren oppstår byenedbør når kald luft kjem ut over havet og blir oppvarma av ei varmare havflate. Når den varme og lette lufta nær bakken eller havflata stig oppover på grunn av oppdrifta, fell temperaturen på grunn av trykkfallet. Varm luft kan ta meir fukt opp i seg enn kald luft. Når vassdampinnhaldet ved ein viss temperatur er lik maksimalverdien, og lufta blir såpass avkjølt at vassdamptrykket er lik mettingstrykket, er temperaturen lik doggpunkttemperaturen. Ytterlegare avkjøling fører til utfelling av vatn, først som små skydropar og seinare som større regndropar.

 

Teikn til byenedbør ser vi først som skyer som etter kvart blir større og mørkare. Når prosessen går lenge nok, får vi til slutt yr og regn. Om sommaren kan slike skysystem vera svært lokale. Nedbøren kjem då ofte berre innanfor eit avgrensa område. Men skyene kan også flyta med vinden. Når det skjer, blir nedbøren spreidd over eit større distrikt. Det mest kjende dømet på byenedbør er vel ettermiddagsbyer på fine og varme dagar om sommaren.

 

Frontnedbør oppstår i stor skala ved samanblanding av kalde og varme luftmassar som blir pressa mot kvarandre. Den kalde lufta er tyngre enn den varme, og i ein front vil den varme lufta bli pressa opp over den kalde. Dermed blir lufta avkjølt, og det blir til slutt utfelt vassdamp og nedbør. Denne prosessen skjer over eit stort område. Når ein slik front kjem inn frå vest, vil frontnedbøren oftast dekkja heile fylket.

 

Både frontnedbør og byenedbør førekjem heile året og ofte i kombinasjon. Frontnedbør er likevel mest vanleg om hausten og vinteren. Byenedbør over land er helst eit sommarfenomen.

 

Landskapet er alltid med og forsterkar eller minkar verknaden av dei fysiske prosessane som utløyser nedbøren. Dei viktigaste faktorane i så måte er vind, temperatur og vassdampinnhaldet i lufta. Vestlege vindar blæs fuktig luft inn over land. Der lufta møter fjell, blir ho pressa til vers. Lufta vil etter kvart bli kaldare på grunn av trykkfallet og når til slutt doggpunkttemperaturen. Det blir då kondensasjon av vassdamp, med skyer omkring fjelltoppane og det vi kallar orografisk nedbør (frå gresk orvs = fjell) på losida.

«Mot normalt»

I utgangspunktet er vêret ein kaotisk tilstand, det vil seia det er alltid i endring, og ofte kjem endringane uventa. Vi veit at det som oftast er varmare om sommaren enn om vinteren, og varmare om dagen enn om natta, men dette gjeld ikkje alltid. Derfor er det så vanskeleg å dra sikre slutningar om vêret. Det mest vanlege er å samanlika vêret med det vi oppfattar som vanleg, til dømes «det er uvanleg kaldt i dag», eller «denne hausten har det kome uvanleg mykje nedbør».

 

Det er greitt og praktisk å ha ein fast og sams målestokk for slike samanlikningar. Vêret skifter med årstidene, og år-til-år-variasjonane kan også vera store. Eit snitt over mange år vil langt på veg jamna ut slike variasjonar. Derfor er det no vanleg å nytta ein middelverdi over 30 år som ein slags standard, eller normalverdi, for klima. Når til dømes temperaturen i vêrmeldinga blir samanlikna med «mot normalt», er det 30-årsmiddel som blir nytta. Kvar 30-årsbolk har sine normalar. Frå 1961 til 1990 var det middelverdiar for perioden 1931–1960 som var klimanormalar, og frå 1991 og fram til 2020 blir det nytta normalar for perioden 1961–1990.

  • Rekordnedbørdøgnet i november 1940 skapte flaumar i dei fleste større elvar i sentrale delar av fylket

Rekordnedbør i Hordaland:

                            1 døgn           2 døgn      1 månad       30 dagar          1 år
Nedbør (i mm):      229,6            378,9          1064            1148,9           5087
Tidspunkt:          25.11.1940    26.11.1940  Des. 1975   Sep.–okt.1975 1921
Stasjon:              Indre Matre   Indre Matre Samnanger Samnanger Samnanger

  • Den viktigaste nedbøren
  • Vest mot Snilstveitøy og Skorpo

Den viktigaste nedbøren

Det meste av hordalandsnedbøren kjem som frontnedbør. Figuren til høgre viser eit vertikalt snitt gjennom eit frontsystem. Dette frontsystemet er ei blandingssone som oppstår i atmosfæren når kald luft frå polare område i nord møter varmare luft frå sør. Over Atlanterhavet går denne sona frå vest mot aust om lag på 60 oN. Langs fronten oppstår det nedbørområde når kilar av kaldluft trengjer inn i varmlufta, eller omvendt. I snittet som er vist på figuren, der lufta går frå venstre mot høgre, er det teikna inn typiske skysystem som gir nedbør. Det første vi ser når ein slik front nærmar seg, er dei tynne og lette fjørskyene som om sommaren reduserer solvarmen. Bak dei kjem eit meir samanhengande og tjukkare skylag (lagskyer), og det er no over med solskinet for ei stund. Ikkje lenge etter kjem nedbørskyer og regn. Lufta i varmsektoren er oftast fuktig og disig, og det blir meir eller mindre samanhengande regn inntil kaldlufta igjen kjem innover oss, gjerne med torevêr i forkant av haugskyer og byenedbør. Dersom desse skyene ikkje blir altfor tette, kan vi mellom byene få ein vakker solnedgang med mange fargar.

  • Torevêret 16. august 2001

Torevêret 16. august 2001. På kartet er det vist om lag 21000 lyn, 2500 av dei slo ned over land. (SINTEF/Sverre Mo)

Over Vidden i Bergen i regnvêr

Over Vidden i Bergen i regnvêr. (Helge Sunde)

Månadleg middelnedbør for fire vêrstasjonar i Hordaland

Månadleg middelnedbør (perioden 1961–1990) for fire vêrstasjonar i Hordaland. (Endre Skaar/Sverre Mo)

Paraplyen – ein nyttig reiskap for dei som lever under Atlanterhavets takrennenedløp

Paraplyen – ein nyttig reiskap for dei som lever under Atlanterhavets takrennenedløp. Frå ungdomsstemnet i Øystese, 1912. (Anders Beer Wilse)

Brann i fjøs på Bontveit i Fana etter lynnedslag i august 2003.

Brann i fjøs på Bontveit i Fana etter lynnedslag i august 2003. (Rune Sævig)

Tåke over Bergen, frå Ulriken, 2001

Tåke over Bergen, frå Ulriken, 2001. (Jan M. Lillebø)

  • Bjørbæk, G. 1994. Norsk Vær i 100 år. N. W. Damm & søn – Teknologisk Forlag.
  • Førland, E. J.; Hanssen Bauer, I. 1992. Analyse av lange nedbørserier. DNMI Rapport, Klima nr. 01/92.
  • Førland, E. 1993. Nedbørnormaler, normalperiode 1961–1990. DNMI-klima, Rapp. No.39/93.
  • Kalvig, S. Vær og Uvær. 2000. Chr.Schibsteds Forlag.