• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Arbeidarar

Vegen langs nordsida av Hardangerfjorden – mellom Øystese og Eide i Granvin – vart bokstavleg tala bygd med handemakt. Anleggsarbeidet tok til i februar 1933, og 9. oktober 1937 opna kronprins Olav vegstykket mellom Øystese og Ålvik ved Fyksesund bru.

Vegstykket mellom Ålvik og Kvanndal vart teke i bruk hausten 1940, og over seks hundre mann, fordelte på hundre arbeidslag, bygde vegstykket frå Kvanndal til Granvin, frå hausten 1940 til hausten 1941. Våren 1933 kravde arbeidarforeininga at forskotsbetalinga skulle aukast frå 60 til 90 øre i timen. Vegdirektoratet avviste kravet frå anleggsarbeidarane, og frå 22. juli 1933 var streiken eit faktum. Det var lenge stilt om denne arbeidskonflikten. Norsk Arbeidsmandsforbund gjorde fleire forsøk på å få vegdirektøren til å imøtekoma krava. Først eit år seinare, den 2. mai, møttest dei streikande og avgjorde med stort fleirtal at arbeidet skulle takast opp att. Dermed var ein av dei lengste arbeidskonfliktane vestafjells slutt.

  • Drivinga gjennom det harde grunnfjellet ved Lussand i 1930-åra

Drivinga gjennom det harde grunnfjellet ved Lussand i 1930-åra, den vanskelegaste parsellen langs Hardangerfjorden, var ei stor utfordring for vegarbeidarane.

Så seint som i 1920-åra betalte bygda Kvanndal årleg ein sum til kyrkja for at fjellet Bjørgi på hi sida av Granvinsfjorden ikkje skulle rasa ut. Før i tida var slike offer vanlege – spesielt på stader der folk budde slik til at dei var prisgitt dei store kreftene i naturen.