• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå Lussand mot Håfjell

Frå Lussand mot Håfjell. I den lune lia under Håfjell og to kilometer utover fjorden ligg Uranes naturreservat med den rike edellauvskogen (til venstre på biletet). (Svein Nord)

EINESTÅANDE EDELLAUVSKOG

Ved Uranes, på grensa mot Kvam, ligg ein av dei mest storslåtte edellauvskogane i Hordaland. Grøderikdommen kjem av fyllitt og glimmerskifer i berggrunnen, kombinert med godt klima. Langs fjorden er sommaren varm, men ikkje for tørr, og vinterstid er det ikkje for kaldt for frostvare planter.

Ved Uranes veks ei lang rekkje treslag, og variasjonsrikdommen er uvanleg stor. Spesielt lind trivst godt – større lindeskog finst ikkje i fylket. Linda veks både i steinur og der det er djup, god mold. Vegetasjonen på skogbotnen har òg eit stort mangfald, med fleire sjeldne artar. Orkidéar veks spreidd, slik som stortviblad, vårmarihand og fuglereir.

I øvre delen av lia er det mykje alm,og dertil fleire høgstaudar. Dette er urter, gras og bregnar som kan bli svært høge; typiske i så måte er stornesle, kvitsoleie og strutsveng. Høgstaudane veks på djup jord,spesielt ved bergrota,der det ofte er rikeleg med vatn. Høgt oppe i lia kan det vera godt med fukt i jorda, sjølv etter periodar med lite nedbør om våren. Snøsmeltinga frå fjellet syter for sildrande vatn nedover berget. Lerkespore og moskusurt er mellom dei første plantene som blømer i april, men særleg vanlege er dei ikkje.

Ved Uranes finst det løypestrenger, gamle styvingstre og slåtteteigar, endåtil høgt oppe i lia. I eldre tider var såleis dette området ein viktig utmarksressurs.

Frå april til juni er fuglesongen intens. Gjerdesmetten, Noregs minste fugl, er mellom dei som syng sterkast. Ras og steinsprang i lia har auka tilgangen på daude og naturleg uthola tre. Derfor er spettmeis og andre meiser særskilt vanlege her. Gransongaren syng ustanseleg frå dei høgaste lauvtrea. I utlandet lever han helst i granskog (derav namnet), men på Vestlandet finst knapt nokon annan fugl som er sterkare knytt til edellauvskog.

  • Fuglereir
  • Skjelrot
  • Vaniljerot

Planter utan klorofyll

I skogen ved Uranes veks nokre unnselege, bleike planter som ikkje liknar på andre vokstrar. Desse plantene manglar stoffet som kjenneteiknar mest alt som veks opp av jorda: klorofyll.

 

Fargestoffet klorofyll set grønfarge på dei aller fleste plantene. Organiske sambindingar blir skapte av klorofyll, vatn, karbondioksid og sollys. Denne prosessen blir kalla fotosyntese og er grunnlaget for det aller meste av plantelivet. Det finst likevel planter som ikkje har klorofyll. Dei må greia seg utan både grønfarge og fotosyntese, og er avhengige av å snylta på andre planter eller leva i symbiose med ein sopp-partnar. Ved Uranes veks fleire klorofyllause planter. I edellauvskogen ved Uranes er orkidéen fuglereir ei karakteristisk, men langt frå vanleg plante. Ho har fått namnet fordi rota ser ut som reiret til ei skjor. Heile planta er brunleg og liknar mest på noko visna som står att etter å ha mista grønfargen. Men fuglereir treng ikkje nokon grønfarge, ettersom ho lever i partnarskap med ein sopp som tilfører all den næringa planta treng. Alle orkidéar må ha hjelp til frøspiringa frå ein sopp, men ulikt dei andre artane er fuglereir avhengig av soppen heile livet gjennom.

 

Vaniljerot er òg avhengig av ein sopppartnar, og som fuglereir kan arten leva underjordisk i fleire år utan å vera synleg på skogbotnen. Det er helst i furuskog vi finn denne merkelege og sjeldne planta, men stundom veks ho òg i lindeskog, som ved Uranes. Fordi heile planta er lysegul, er det lett å få auge på vaniljerota, berre ho ikkje er dekt av visna lauv.

 

I byrjinga av april, medan skogbotnen framleis er brun av gammalt lauv, kan du treffa på skjelrot. Det er ei lita og lubben plante, med bleik, rosa farge. Skjelrot tek opp næring ved hjelp av snylterøter som syg seg fast på andre planter. Hasselrøter er det mest føretrekte snyltevertskapet. Når skjelrota er avblømd og fruktene er mogne, forsvinn planta under jorda. Det skjer alt tidleg på sommaren. Skjelrot er mest vanleg i Sunnhordland, og er ikkje kjend frå Uranesområdet. Men sidan det er mykje hassel i skogen her, vil skjelrota kanskje dukka opp ein dag?

  • På djup, næringsrik og fuktig jord høgt oppe i edellauvskogen veks kvitsoleia.

På djup, næringsrik og fuktig jord høgt oppe i edellauvskogen veks kvitsoleia. (Bjørn Moe)

  • Frå Uranesskogen

Frå Uranesskogen. (Svein Nord)

  • Moe, B. 1995. Vernet edelløvskog i Hordaland;tilstand, fastruteanalyser, floraoversikt og skjøtselsbehov 20 år etter registreringene. MVA-rapport 5/1995.