• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå Øygarden mot Hjeltefjorden

Frå Øygarden mot Hjeltefjorden (Helge Sunde).

«En slik sur og sølvgraa morgen maa Hørderne, Cæsar´s og Tacitus´ Harudes, være kommet lensende for solgangsbrisen ind fra havet; sidst fra den danske halvø mot folkevandringens slut, idet de vek enten for overvældende overmagt, eller drevet bare av smaa kaar, av mange uaars misére, liksom Islands landnaamsmænd, for at finde bedre, blivende steder; tok land av en eller anden grund ikke ved sydspidsen av Norge eller Lister, men nordenfor Karmøen og i Hardanger´s fjordgap, søkte sig en livdevaag mot havbrisen.» Dette er diktaren Hans E. Kincks livfulle skildring i boka Steder og Folk av hordane si «innvandring» til Vestlandet. Men kva kjelder har vi å byggja på?

Landskapet og folket

Kinck tek utgangspunkt i hypotesen om at namnet Hordaland har samanheng med eit germansk stammenamn. Caesar omtalar i si bok om gallarkrigane, om lag 50 år f.Kr., ei stamme i Sør-Tyskland som han på latin kalla Harudes. Ved midten av 500-talet nemner Jordanes, som skreiv historia til Gotarane, at mellom stammene i Skandinavia var det ei stamme kalla Arothi, og det er mogleg at stamma er den same som Caesar omtala 600 år tidlegare. Av samanhengen i opprekninga til Jordanes ser det ut til at Arothi heldt til i det området som vi i dag kallar Hordaland. Etter namnelikskapen er den hypotesen framsett at Hordane vandra nordover og slo seg ned i eit område som seinare fekk namnet Hordaland, landet til hordane. Men hordane kom ikkje til eit folketomt land. Her var folk frå før som dreiv jordbruk, fiske og fangst. Minna etter busetnad heilt tilbake til steinalderen er særleg rike nett i dette området.

Bygdeborger og hovdingmakt

Folkevandringstida, perioden mellom 400 og 600, var ein uroleg tidbolk for Vest-Noreg, og dei mange bygdeborgene er særmerkte kulturminne frå denne tida. Grunnlaget for bygdeborgene må ha vore eit organisert samfunn som ved felles innsats var budd til å forsvara seg. Men kven var fienden? Det er mogleg at borgene er resultat av konfliktar bygder imellom. Ei eller anna form for lokal hovdingmakt fanst heilt sikkert, og til tider dukka det nok opp høvdingar med ambisjonar om å leggja under seg nabolandskapet. Mange og rike gravfunn frå folkevandringstida tyder på at det sat fleire høvdingætter innanfor kvart landskapsområde. Kan hende er bygdeborgene ein peikepinn på kvar grensene mellom dei ulike høvdingområda har gått. Men det kan òg ha vore eit ytre trugsmål som låg bak bygginga av borgene, og det kan forklara kvifor det nett var i folkevandringstida at bygdeborgene vart bygde og bruka. Folkestammer var på vandring over heile det nordeuropeiske kontinentet. Dette utsette også busetnadsmønsteret i ytterområda for press. Redde og mistenksame har fastbuande og nykomarar gått til åtak på kvarandre, og dei siste kan i lang tid ha levd som omstreifande flokkar som plyndra dei bygdene dei kom over.

Let vi den eine føresetnaden byggja på den andre, endar vi med at det er mogleg at bygdeborgene var eit vern mot hordane, og eit minne frå den tida dei først kom til distriktet. Men alt i alt er det eit tynt kjeldegrunnlag for hordane si innvandring, og fantasien får stort spelerom. Kjeldemateriale som kan gjera innvandringa til meir enn gissing, har vi ikkje.

Landskapsnamn og fylke

Den eldste kjelda til namnet Hordaland finn vi i eit angelsaksisk skrift som er eldre enn 800, men vi kan trygt rekna namnet for endå eldre. Vil vi vurdera kva område som vart rekna som det eldste Hordaland, lyt vi likevel nytta kjeldemateriale frå mellomalderen. Då viser det seg at Hordaland berre vart nytta om dei ytre bygdene i fylket, det vil seia Nordhordland og Sunnhordland. Eit døme på korleis ein i mellomalderen oppfatta landskapsnamnet, finn vi i ein avtale om jordeige frå 1324. Her vert det sagt at garden Samlanda i Jondal låg i Hardanger, medan garden Landa i Kvinnherad låg i Hordaland. Brevskrivaren kan ikkje ha oppfatta Hardanger som del av landskapet Hordaland, og grensa mellom Hordaland og Hardanger gjekk mellom Jondal og Kvinnherad. Vi må trekkja den slutninga at det var dei ytre kyst- og fjordbygdene som var det opphavlege landet til hordane. Men på 900-talet dukkar også nemninga Hordafylket opp, og vi må spørja kva som var bakgrunnen for denne nemninga.

Gulatinget og Hordafylket

Fellesskap i religion og eit felles lovområde er grunnleggjande for ei fastare organisering av eit samfunn. På Vestlandet var Njord den gamle hovudguden, og fleire namn i Hordaland minner om det. Eit slikt språklege minne knyter seg til Njardarlog, det gamle namnet på Tysnes. Her finn vi gudenamnet samansett med log som tyder lov eller lovområde. Kan henda var Njardarlog sentrum for det religiøse og lovmessige fellesskapet til hordane. Dette lovområdet kan så ha vakse saman med tilgrensande landskap til eit lovsamband som omfatta Nordhordland og Sunnhordland, Voss, Hardanger, Sogn og Fjordane. Dette var lovområdet for det eldste Gulatinget.

På midten av 900-talet ser det ut til at Håkon den gode utvida Gulatinget til også å gje plass for Egdafylke, Rygjafylke og Sunnmørafylke. I denne samanhengen vart fylka eigne tingkrinsar under lagtinget, og Hordafylket vart ei fellesnemning for Nordhordland og Sunnhordland, Voss og Hardanger. Fylkesnemninga fortel såleis om ei nyordning som sameinar tidlegare skilde landskapsområde. Hordafylket var frå første stund ein lekk i det å skapa eit styringsdyktig større lovsamband, og omfatta eit større område enn landskapet Hordaland.

Hordafylket var delt i fire delar kalla fjordungar. Desse skulle vera eigne rettskrinsar under fylkestinget. Frå fjordungane skulle nemndemennene til Gulatinget peikast ut. Dette kan vi sjå av dei føresegnene som Magnus Erlingsson gav i siste halvdel av 1100-talet. Det skulle oppnemnast 15 menn frå kvar fjordung. I alt skulle 60 nemndemenn reisa til Gulatinget. Dette var ein sterk reduksjon frå tidlegare. Etter dei eldre delane av lova, den såkalla Olavsteksten frå 1000-talet, skulle det fara 102 mann til tinget frå Hordafylket. Fjordungen vert tillagd viktige oppgåver i Gulatingslova, men vi høyrer lite eller ingenting om fjordungen i andre kjelder. Vi veit ikkje heilt kvar grensene mellom fjordungane gjekk. Det kunne vera freistande å trekkja grensene mellom dei fire landskapsområda Nordhordland, Sunnhordland, Voss og Hardanger, men desse områda må ha vore svært ulike med omsyn til busetnad. Dette går fram av inndelinga i skipreider, som var nivået under fjordungsinndelinga. Etter Magnus Lagabøtes testamente frå 1277 ser vi at det var 32 skipreider i Hordafylket. Av desse var 22 i Nordhordland og Sunnhordland, slik at 10 var til deling på Hardanger og Voss. Sidan inndelinga i skipreider ser ut til å ha stått i høve til folketalet, ville det vera urimeleg om Hardanger og Voss, som samla utgjorde mindre enn ein tredjepart av skipreidene, skulle stå for halvparten av nemndemennene frå Hordafylket.

Det lokale rettsstellet

Fylkestinga og fjordungstinga ser ikkje ut til å ha hatt så mykje å seia i praksis. Utanom lagtinget var det dei lokale bygdetinga som var viktige. I dei gamle lovene var det i første hand dómen som skulle løysa konfliktar, anten det galdt fysiske overgrep eller økonomiske tvistemål. Partane i ei sak oppnemnde kvar sin halvdel av dómen, tre eller seks mann kvar. Desse fekk så i oppgåve å søkja forlik. Berre dersom avgjerda til dómen ikkje vart godteken, skulle saka førast for bygdetinget. Kor mange slike bygdeting det var i Hordafylket, og kor store dei var, veit vi lite om. Frå 1260-åra ser det ut til at skipreidene fungerte som bygdeting. Med ei veksande sentralmakt vart bygdetinga trengde til sides. Derimot vart det lokale tinget viktigare att då kongemakta miste styrke utover på 1300-talet.

Leidang og skipreider

I militærstellet var leidangen grunnsteinen. På same måte som for nyordninga av Gulatinget, er Håkon den gode etter tradisjonen tillagd ei leiande rolle i oppbygginga av militærmakta. Kongen skal ha delt heile lovområdet inn i skipreider; område som kvar for seg skulle vera ansvarlege for å byggja, utrusta og halda mannskap til eitt skip. I Hardanger og på Voss fekk ikkje denne inndelinga så sterkt fotfeste, sjølv om dette neppe vil seia at ein slapp unna dei pliktene som leidangsordninga la på folk.

Leidangsordninga var fullt utforma i 1020-åra, med klare reglar for skipstypar og ei fast inndeling i skipreider. Dei eldste delane av Gulatingslova tyder på dette. Men då skulle Hordafylket stilla 24 skip, noko som tyder på at det då var færre skipreider enn dei 32 vi høyrer om i 1277. Ei forklaring kan vera at folkeauken i høgmellomalderen gjorde det naudsynt med ei utviding i talet på skipreider.

Bøndene bygde leidangsskipa

Det var bøndene si plikt å byggja og utrusta leidangsskipa. For at kvaliteten på skipa skulle verta best mogleg, skulle bøndene kalla inn byggmeistrar frå heile fjordungen. Det å byggja leidangskip må ha vore ei lokal oppvising i handverk og kunnskap om skipsbygging. Dersom det var tvil om skipet var sjøført, skulle bønder frå andre skipsreider undersøkja saka. Dette treng ikkje berre vera eit uttrykk for eit ønske om ei uhilda gransking, men òg eit forsøk på å skapa grunnlag for gjensidig kontroll skipreidene i mellom. Leidangsordninga vitnar om ein fellsskap som gjekk ut over dei ulike bygdene. Men fellesskapen vart ikkje sterkare enn det svakaste leddet, og om bøndene i ei skipreide rusta sitt skip på beste måte, så var det òg i deira interesse at nabobygda gjorde det same. Både Gulatingslova og Magnus Lagabøtes landslov inneheld vedtekter om samanslåing dersom ei skipreide ikkje lenger var i stand til å møta sine plikter åleine.

Bøndene i krigsteneste

Bøndene måtte òg vera mannskap til leidangen. Då Håkon Håkonsson drog på hærferd til Skottland i 1263, hadde han med seg den største leidangsflåten som nokon gong har vorte utkalla. Flåten var eit uttrykk for mellomalderkongedømet på høgda av makta si, men grunnlaget låg i at bøndene hadde evne og vilje til å støtta opp om kongens eventyr. Ein stor del må ha vore bønder frå Hordafylket. I alt 600 mann kunne mønstrast herifrå etter Gulatingslova, og endå fleire med den skipreideordninga som galdt etter midten av 1200-talet. Hordafylket skulle rusta ut over ein tiandepart av heile den norske leidangsflåten, og det fortel kor viktig dette fylket var.

På 1300-talet fekk leidangen mindre å seia. Militærteknologien var i endring, og væpna ryttaravdelingar samansette av leigesoldatar og med festepunkt i borganlegg overtok. Siste gong vi veit at leidangen vart utkalla, var i 1429. Det var i eit forsøk på å stogga dei tyske sjørøvarane, vitalinarane, utanfor Bergen. Forsøket mislukkast, og bøndene drog leidangsskipa sine på land for godt.

Skatt og sentral styring

Med Landslova i 1274 vart landskylda gjort til utlikningsgrunnlag for leidangsskatt. På den måten vart delar av leidangspliktene omgjorde til den første faste skattlegginga i Norge. Dermed vart skipreidene viktige i skatteoppkrevjinga. Ser vi på kartet over skipreidene i Hordafylket, er det slåande kor stor ulikskap det er med omsyn til flatemål. Når leidangsskatten vart utrekna etter landskylda, vart han sett i samband med jordbruksproduksjonen i skipreidene, og dei minste skipsreidene med omsyn til flatemål fortel kvar busetnaden må ha vore tettast og ressursutnyttinga høgast.

Hordafylket var eitt av hovudområda for kongemakta i mellomalderen. I den første tida reiste kongen og følgjet hans rundt frå kongsgard til kongsgard og styrte distrikta på omgang. I Hordafylket låg det tre sentrale kongsgardar, ein på Fitjar, ein på Alrekstad ved Bergen og ein på Seim i Lindås. Men det fanst ikkje noko fast embetsverk som kunne ivareta kongen sine interesser og styra når han ikkje sjølv var til stades. Visse funksjonar i ein slik samanheng kan årmannen, forvaltaren kongen hadde på kongsgardane, ha hatt, men kongens fremste representant i lokalsamfunnet var lendmannen. Lendmennene tilhøyrde i dei fleste høve lokale rikmannsætter. Det var kongen som peika dei ut, og i byte mot inntekter frå kongsjord stilte dei opp i rettslege og militære saker.

Lokalstyre, syslemenn og lensmenn

I siste halvdel av 1100-talet var etterkvart årmannen og lendmannen erstatta av syslemannen, og i tida omkring Magnus Lagabøtes landslov, 1274, var syslemannsombodet fullt utvikla. Oppgåvene til syslemannen var knytte til rettsstellet, militære saker og innkrevjing av inntekter kongen skulle ha. I høgmellomalderen ser det ut til at Nordhordland og Sunnhordland med Bergen som sentrum, utgjorde ei sysle der Hardanger og Voss tidvis også vart rekna med. I seinmellomalderen var Hordafylket inndelt i fire sysler; Bergen med Nordhordland, Sunnhordland, Voss og Hardanger. Sjølve området, sysla, hadde syslemannen i len frå kongen, og han skulle i hovudsak lønast av sakefallet, dvs. innkomer i form av bøter. Frå 1280 vart det utnemnd ein lensmann for kvar syslemann. Ei viktig side ved lensmannsombodet var å sikra at funksjonane til syslemannen vart godtekne i lokalsamfunnet. Difor var det eit krav til lensmannen at han skulle veljast mellom bøndene og ha naudsynleg lokalkunnskap.

Den eldste kyrkjeordninga

Samordning av lovområde, oppbygging av eit rikskongedøme og religionsskifte ser ut til å ha vore delar av ei stor samfunnsomforming på Vestlandet i åra før og etter 1000-talet. På eit ting på Moster i 1020-åra utforma Olav Haraldsson kristenretten som tillegg til Gulatingslova. Det vart gjort vedtak om kyrkjebygging, vedlikehald av bygningane og underhald av prestane. Over heile lovområdet skulle det vera ein biskop, og i kvart fylke skulle ei hovudkyrkje vera den viktigaste. Deretter skulle det byggjast kyrkjer i fjordungar og åttungar etter som det var trong for. Men det ser ut til at det i kyrkjebygginga vart teke meir omsyn til lokale ønske enn til lova. Resultatet vart at det voks fram bygdekyrkjer i tillegg til fjordungs- og åttungskyrkjer, og velståande private kunne reisa sine eigne høgendeskyrkjer. Dei lokale soknegrensene let seg ikkje innpassa i den øvrige administrative strukturen i Hordafylket. Soknegrensene kryssa skipreidegrensene meir enn dei følgdest åt.

Hovudkyrkjene skulle vera grunnlagde av kongen, og vart sedde på som hans kyrkjer. Dei mindre kyrkjene var felleseiga til bøndene i soknet. Dei var eigenkyrkjer, og det vil seia at bøndene hadde rett til val av prest, men samstundes plikt til å byggja og vedlikehalda kyrkja og til å gje underhald for presten. Etter kvart som kyrkjeordninga fann forma si utover i høgmellomalderen, vart kyrkjestyringa sterkare sentralisert under bispestolen. Kyrkja fekk sjølv eigedomsrett til alt godset som vart rekna til lokalkyrkjene, og biskopen valde ut prestane. Bøndene fekk likevel halda på plikta til å byggja og vedlikehalda kyrkjene. Elles er det lite som fortel om inndelinga i hovudkyrkjer, fjordungskyrkjer og bygdekyrkjer i kjeldematerialet. Det er mogleg at fjordungskyrkjene etter kvart fekk funksjonar som hovudkyrkjer, og at desse vart det sentrale knutepunktet mellom soknekyrkjene og bispestolen.

Det gamle Hordafylket og Hordaland fylke idag

I det føregåande har vi sett at Hordaland og Hordafylket ikkje var eitt og det same. Landskapsnamnet Hordaland må opphavleg berre ha vore knytt til dei ytre strøka. Hordafylket voks derimot fram som eit svar på trongen for einingar som gav høve til styring av Gulatingsområdet, og vart ein lekk i organiseringa av rikskongedømet, rettsskipnaden og kyrkja. Men fylket i mellomalderen fekk lagnaden sin knytt til utviklinga for den norske kongemakta. Med unionskongedømet i seinmellomalderen voks lenssystemet fram og vart det dominerande verkemiddelet for sentralmakta, med økonomisk utnytting av distriktet som det viktigaste føremålet. Leidangsordninga utspela rolla si og gjekk heilt over til å verta ein skatt. Det lokale bygdetinget, skipreidetinget, vart rett nok styrkt og dómen vart på ny ein viktig institusjon, men det fanst ikkje noko nivå mellom dette og lagtinget. Når det gjeld kyrkjeordninga, ser det ut til at fjordungskyrkjene, og ikkje ei sentral hovudkyrkje for heile fylket, var den sentrale eininga mellom soknekyrkjene og bispestolen alt i høgmellomalderen. Det var såleis ikkje noko som kunne oppretthalda Hordafylket som eining ved overgangen til unionstida. Det var dei mindre distriktsinndelingane som overlevde. Skipreidegrensene heldt seg like til førre hundreåret, og soknegrensene vart i hovudsak grunnlaget for den nye kommuneordninga som vart innført i 1837.

Utsnitt frå teksten i Jordanes´ bok om gotarane frå 500-talet.

Utsnitt frå teksten i Jordanes´ bok om gotarane frå 500-talet. Her står det i omsetjing: «(Ibuarane i Sverige (Suetidi) er kjend for å vera størst av vekst mellom desse folka. Men dette gjeld også danane (Dani) som stammar frå det same folket og som dreiv herulane bort frå deira område. Som alle skandinaviske folk har dei ry for sin høge vekst.) Her finn vi òg ibuarane i Grenland (Grannii), Egdene (A(u)gandzi), Øyfolket (Eunixit), Hovudrygene (Aetelrugi), Hordane (Arothi), Raumane (Raumi). For nokre år sidan herska Rodvulf over desse, men han ringakta sitt eige rike og gav seg under gotarkongen Teoderik, der han fekk det som han ønskte. Desse folkestammene, i storleik og mot større enn germanane, slåst med dyrisk villskap.» (oversett utdrag av Jordanes: Svennung, J. (1967) Jordanes und Scandia, s. 2-3. Skrifter (Kungl. humanistiska vetenskapssamfundet i Uppsala), nr. 44:2A. Uppsala.)

Bygdeborgene frå folkevandringstida ligg på stader som er lette å forsvara

Bygdeborgene frå folkevandringstida ligg på stader som er lette å forsvara (Else Lauvanger, 1993).

Det gamle Hordafylket frå 900-talet omfatta eit større område enn dagens Hordaland

Det gamle Hordafylket frå 900-talet omfatta eit større område enn dagens Hordaland. Hordaland var det ytre kyst- og fjordlandskapet. Grensene mellom landskapsområda er usikre (Geir Atle Ersland).

Gulatinget omfatta i høgmellomalderen både Egdafylke, Rygjafylke og Sunnmørafylke, i tillegg til Hordaland, Hardanger, Voss, Sogn og Fjordane

Gulatinget omfatta i høgmellomalderen både Egdafylke, Rygjafylke og Sunnmørafylke, i tillegg til Hordaland, Hardanger, Voss, Sogn og Fjordane. Desse siste høyrde til lovområdet for det eldste Gulatinget. Kan hende var Njardarlog (det gamle namnet på Tysnes) sentrum i lovsambandet for Nordhordland og Sunnhordland; truleg det opphavlege landskapsområdet til hordane (kart etter Robberstad, K. (omsetjar) (1981) Gulatingslovi. 4. utg. Oslo, Samlaget.)

Initial i innleiinga til leidangsbolken i Landslova frå første halvdel av 1300-talet

Initial i innleiinga til leidangsbolken i Landslova frå første halvdel av 1300-talet. Initialen syner stamnen på eit leidangsskip. Sjøleidangen var eit stort forsvarssystem som alle bøndene hadde plikt å delta i (frå: Magnus Lagabøters Landslov. Eigar: Det Kongelige Bibliotek, København (Hardenbergske Codex. GKS 1154, 9v.)).

Rekonstruksjon av leidangsnaustet og båtstøa på Bjelland på Stord, med ein kopi av Kvalsundbåten

Rekonstruksjon av leidangsnaustet og båtstøa på Bjelland på Stord, med ein kopi av Kvalsundbåten. I dag har denne nausttufta måtta vika for Stord verft. Her stod truleg langskipet for Føyno eller Kårevik skipreide (AV-avd., UiB. Eigar: Bergens Sjøfartsmuseum (B.Sj 3188)).

Seglet til herr Erling Amundsson

Seglet til herr Erling Amundsson, som var syslemann i byrjinga av 1300-talet og ein av Håkons Vs fremste menn i Bergen (eigar: Riksarkivet (DN nr. 134, 20/6-1312)).

Steinkrossen på Hesthamar

Steinkrossen på Hesthamar i Ullensvang. Mange av steinkrossane markerer dei eldste kyrkjestadene. Denne krossen skal vera sett opp til minne om lagmann Sigurd Brynjulfsson Aga, som etter segna drukna her kring år 1302. Sjølve klebersteinskrossen på toppen av steinen er tapt (Svein Nord).

  • Helle, K. (1974) Norge blir en stat: 1130-1319. Handbok i Norges historie, nr. 1:3. 2. utg. [Bergen], Universitetsforlaget.
  • Holmsen, A. (1977) Norges historie: fra de eldste tider til 1660. 4. utg. Oslo, Universitetsforlaget.
  • Indrebø, G. (1937) Den gamle norske fylkesskipnaden. Bergens museums radioforedrag, nr. 35. Oslo, Norsk rikskringkasting.
  • Koht, H. (1967) Norsk politisk historie i fyrrhistorisk tid. I: Holmsen, A. & Simensen, J. red. Rikssamling og kristendom, s. 200-216. Norske historikere i utvalg, bind 1. [Oslo], Universitetsforlaget.