• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Skulestove

Skulestove (Lindås skulemuseum, Helge Sunde).

EIT VINDAUGA MOT VERDA

Det vesle kvitmåla skulehuset, grendaskulen, ofte plassert mellom knausar og småskog i utmarka, så midtvegs som det var råd å koma mellom gardane i skulekrinsen, er sjølve symbolet for utdanningssamfunnet; ein kulturfaktor av rang. Dei fleste av desse skulehusa vart bygde etter 1860 og avløyste omgangsskulen; då læraren drog frå stove til stove og underviste ungeflokken i grenda. Og då skulen meir vart ein institusjon, fekk også kunnskapsarbeidet fastare form. Gjennom Nordahl Rolfsens lesebok vart Noreg samla til ein nasjon. Bergensaren Nordahl Rolfsen var Harald Hårfagres arvtakar. Med fin forteljarstil og sans for bilete gav han det nasjonale eit innhald. Lærarskulestyraren og prestelæraren Bernt Støylen gav bøkene hans eit landsmålstillegg som også fekk bygdene i tale. Hadde kanskje ikkje Støylen sjølv rodd fiske, vorte omvend i Kvinnherad og vore styrar for Norsk barneblad? Trygt og heimsleg alt saman. Med leseboka vandra ein frå bygde-Noreg, med sopelimar og framtak; som i byen vart omsette til fabrikkar og eksportvarer; som segla med norske skip på alle hav, til framande kulturar og tropestrøk. Det opna seg eit vindauga mot verda for alle, ein veg ut for dei framtøkne, og synet av ein ny sveittens og godviljens adel på heimstaden.

Skulen som kulturfaktor

Bygging av dei mange grendaskulane fortel at skulen hadde vorte viktigare i lokalsamfunnet. Ofte var han den einaste kulturinstitusjonen. Når læraren vart herre i eiga skulestove, gav det også læraryrket høgare status. Den gamle lærarutdanninga kunne vera så ymse. Sjølve læraridealet for nordmenn gjennom generasjonane, Bård skolemester, var ein korporal som «ville bestille noe, og så... gav seg til å være skolemester». Men frå 1890-åra og frametter vart den mest vanlege vegen for lærarar gjennom ein kristeleg ungdomskule eller frilynd folkehøgskule til lærarskulen i Volda eller på Stord. Respekten for kristendom og det kristne kulturgrunnlaget bar dei fleste med seg, og skulen la grunnlaget både for livssyn og etikk.

Skulen og folkerørslene

Stundom voks det fram spenningar mellom bedehusfolket og dei som sokna til det frilynde ungdomshuset. Det kunne vera samanstøytar i livssynsspørsmål og strid om kulturspørsmål. Læraren og skulen stod ikkje utanom grenda og spenningane som rådde i lokalsamfunnet, men midt i dei. Likevel fremja skulen ei røyndomsforståing og eit etisk ansvar som bygdefolket stod saman om.

Det var tendensar til populisme både i pietismen og i den frilynde grundtvigianismen. På valdagen tok læraren svartdressen på og gjekk til vallokalet og røysta Venstre. Det er eit norsk fenomen at lærarane vart førarane for den politiske liberalismen. Ikkje minst var landslærarane aktive bygdepolitikarar. Annleis var det med lærarinnene. Fram mot den første verdskrigen var det nok eit stort innslag av bykvinner frå høgare sosiale lag mellom dei som gjekk lærarskulen. I bygdene hadde dei ikkje same posisjonen som læraren, korkje i skulen eller politikken. Skolebladet tykte at «desse Bergensjentene hev so inderleg godt av nokre år på landet». Det var knapt meint som eit positivt vitnemål.

Læraren, klokkaren og venstremannen var også målmann og fråhaldsmann. Slik er «idealtypen» teikna frå hundreårskiftet og frametter, både av dei som har skildra han med sympati, og dei som har karikert han. Han var ein person som identifiserte seg med den folkelege bakgrunnen han hadde, og var aktivt med på å forma den kulturelle profilen i bygdene. Han stod ikkje til ansvar for slike som representerte overkulturen, men for likemenn i bygdemiljøet. Mellom desse var han ofte den best utdanna. Leiararbeidet i mållag, fråhaldslag, misjonslag, ungdomslag, songlag og sogelag var med på å gje han status. Bygdelæraren var difor lite merkt av den statusmisnøya som har følgt læraren i mange andre land, og også læraren i vårt eige land, gjennom dei siste tiåra.

Møte med ein litterær kultur

Norskfaget hadde rang nest etter kristendomsfaget. Lesebøkene kunne til tider vera dei einaste bøkene skulen heldt gratis.

Dei gav elevane møte med norske diktarar og biletkunstnarar, og dei gav kunnskap i naturfag, historie og samfunnsorientering. Kring 1870 vart det sterk strid om dei første eventyra og skjønnlitterære forteljingane i leseboka, også i mange Hordalandsbygder. I ettertid har mange sett trongsynet i dette. Færre har tenkt seg korleis det måtte opplevast å få ein skjønnlitterær kultur dregen over hovudet for foreldre som sleit frå tidleg morgon til seine kveld for det å halda svolten og nauda ute. Borna trongst så inderleg godt til dette. Men styresmaktene ville tvinga dei til å sitja i skulestova og le av verdslege soger og gagnlause eventyr. Somme skulereformatorar har nok hatt meir framsyn enn gangsyn.

I striden for å få innført landsmålet, nynorsken, i skulen vart lærarane ofte pådrivarar. Modalen og Eksingedalen var dei første bygdene i landet som gjekk over til nynorsk skulemål, i 1890. I tiåra som følgde, fekk målføret gjennomslag i mest alle bygdene av fylket. Det var ei legitimering av «folkemålet», sjølve kjernen i den kulturelle reisinga på bygdene, som folkeskulelovene av 1889 opna for. Heile landsskulelova bygde på desentralistisk tenking, knytt saman med tanken om eit kristeleg og folkeleg grunnlag for opplysningsarbeidet. Den heimlege folkediktinga kunne stå fram i ein inspirerande samanheng med tradisjonsdikting i heile den indoeuropeiske kulturen.

Leseselskap og folkeopplysning

Svært tidleg finn vi lærarar mellom initiativtakarane til leseselskap; i Sunnhordland så tidleg som i 1820-åra. Somme lærarar la grunnen til små samlingar og pedagogiske fagbøker. I mange lærargardar kom elevar og anna bygdefolk for å låna bøker frå lærarens private samling. Godt ut i vårt århundre voks det fram skuleboksamlingar ved mange skular. Mållaget kunne våga seg frampå med tilbod om å betala halve kontingenten for dei skuleungane som tinga Norsk barneblad. Det var ei opning mot ein ny og annleis kultur enn den ein kjende frå før, ein litterær, historisk og vitskapleg kultur. Mang ein gut fór «Jorda rundt i kavbåt» og opplevde Jules Vernes frodige fantasi «i god norsk målbunad».

Kunnskap skapte endring

«Sputta ikkje på golvet» lyste det frå eit kvitt oppslag på veggen i skulestova, signert med Sanitetsforeningens – eller Helselaget som det heitte – raude merke. Det var frå tida etter at spyttebakkane var fordrivne ut av skulestova av ivrige helseopplysarar. Læraren fann plass mellom desse. Han tinga bort Liv og Helse i skuletimane – ikkje utan otte for korleis foreldra ville ta det. Han møtte på den store helsebasaren på Bedehuset. Vassbøtta med ausa som alle elevane drakk av, vart borte frå skulestova - var det ikkje i 1930-åra ein gong? I den harde krigstida delte læraren ut tran til alle i matfrikvarteret. Tranflaska hadde plassen sin i hylla som elles hyste både blekkhusa og biblane. Der stod også eggestaupa elevane drakk helsebota frå. Dei vart vaska kvar ferie. Reinsemda skulle ha sitt.

I 1930-åra innførte mange kommunar lækjargransking av elevane, medan Bergen hadde vore tidlegare ute. Lækjaren kom med stetoskop og linjal for å lytta på bringa og måla pirquetprøva. Tuberkulosen var det store trugsmålet. Altfor mange skuleborn opplevde å sjå tæringssjuke kameratar døy i svært unge år. Jordmora, eller ei anna høveleg kvalifisert kvinne, hadde lenge drive og vaksinert ungane mot koppeepidemiar. Og i helselæreboka fekk ungane omsider sjå svart på kvitt korleis styggedomen flaut frå gjødseldungen og ned i brønnen til naboen. – Slik var skulen med og utvida det kollektive samfunnsansvaret.

Når skulen svikta

Samstundes var skulen ein stad for stempling og utstøyting – særleg der læraren svikta. Det fanst nok frå 1890-åra eit krinstilsyn der foreldre var i fleirtal, men det synte knapt det engasjementet som var naudsynt i alle høve. Stundom var det den fattige det gjekk ut over. Stundom den som hadde tyngre for å læra. Skammekroken fanst berre i skulestova, men heile grenda visste kven som hadde stått der. Dei større avvika kunne verta eksporterte til særskular og institusjonar. Også skulen kunne splitta det felleskapet som grenda var i gode tider. Nokre elevar sleit med mørke tankar til skulen, og gjekk derfrå med vonde minne, lutryggja i ånd og sjel.

Men det er vel grunn til å tru at historiene om bruk av ris og spanskrøyr har vakse noko i ettertid. I det minste i landsskulen og i vårt hundreår vart det nok vanleg å sjå på slik straff som eit nederlag for læraren, ei hending som slik sette han ned i omdømme. Jamvel om det var vanleg at foreldra støtta læraren i det meste i høve til borna, vart nok respekten i mange høve tynnsliten. Historia om den krinsen der ein heil generasjon voks opp utan å kunna brøkrekning, er nok ein karikatur, men også ein karikatur plar ha ein modell.

Striden som knytte folket saman

Den tyske okkupasjonen og forsøka på nazifisering under andre verdskrigen var eit frontalangrep på dei verdiane som skulen bygde på. I den avgjerande haldningskampen vart lærarane sette i fremste lina. Dei skulle verta frontsoldatar i striden sin for foreldrerett til å oppseda borna, for samvitsfridom og organisajonfridom i samfunnet. I denne posisjonen vart læraren ståande som ein ukueleg idealist. Nils Kvilekvål minnest den eldre bygdelæraren med venlegironiske ord:

«Dette seier eg ikkje for at du skal taka dei ut or verda, men for at du skal verna dei mot det vonde, ber læraren i ei av sine morgonbøner. Kanskje han skjøna det paradoksale i gjerninga si: Han skal verne ungane mot alt det fordervelege som følgjer dei vaksne i samtid og soge, og gjera dei skikka til å fylla sine plassar mellom dei vaksne. Men om han har gruvla over motsetnadene i arbeidet sitt, slik det sorgmodige andletet kan vitne om, så er han ikkje blitt handlingslamma. Han trur på siger for nazarearen. Og han kjemper saman med Martin Luther og Johan Sverdrup, og med kong Sverre som han følgjer på dramatiske ferder på sjø og land; i krig mot Paven og baglarane og vinen som raudnar forførisk i glaset, men sting deg i hjartet som ormen.

Han trur på norsk språk, på ærlegdom og gode seder, på kroppsvask og skikkelege bøker, på kålrot og tran og sild, på Henrik Wergeland og Grunnlova, og på skogplanting.

Han trur på autoritetar som er lovleg innsette, på soge og naturfag og landkunne, bibelsoge, og på song. Og visstnok trur han på ei pedantisk rekneskapsføring i Livsens bok og ei forferdeleg straff for den ulydige, som mange synes er lite høveleg med ein miskunnsam gud – men takk og pris: mest av alt på nåden.

Det er med læraren som med bedehuset, berre ein heil saga, som ikkje skal skrivast her, kan yte han rettferd, om vi ikkje måtte ha sjølvaste Livsens bok til kjeldeskrift.

Berre eitt skal nemnast: kor læraren ruvar på kateteret sitt i Krigens tid, der han seier si meining om bødlar og tyrannar; om fienden som står i landet, og om fridommens dyre gåve.»

Lindås skulemuseum

Framfor telluriet satt elevane med store auge og såg korleis jorda går kring sola og natt vert til dag (Lindås skulemuseum, Helge Sunde).

Europeisk kultur og historie

Skulen vart for mange det første møtet med europeisk kultur og historie (Lindås skulemuseum, Helge Sunde).

Kart over Palestin

Kart over Palestina høyrde til i kvar skulestove (Lindås skulemuseum, Helge Sunde).

Lærar og elevar i skulestova i Leirvik

Lærar og elevar i skulestova i Leirvik kring første verdskrigen (Sev. Kannelønning, eigar: Sunnhordland Museum (SK 2835)).

  • Dokka, H.-J. (1989) En skole gjennom 250 år: den norske allmueskole-folkskole-grunnskole 1739-1989. Oslo.
  • Hodne, Ø. (1987) Skolen i gamle dager.
  • Jordheim, K. red. (1989) Skolen 1739-1989. Oslo.
  • Wangensten, E. red. (1989) Grunnskolen i Noreg 250 år: glimt frå Hordaland. Bergen.
  • Aarnes, A. (1991) En skisse av skolebyggets historie i Norge. I: Skolen. Stiftelsen Skolen, s. 39-53.