• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sòlekiste

Sòlekistene fanst i mange utgåver og prisklassar, frå den aller enkleste sjablonmåling til meir forseggjorde kister som denne, måla av Trond Larsson Hus (Nils Georg Brekke).

LARS KINSARVIK OG TROND LARSSON HUS

I stova si på Ålmerket i Kinsarvik dreiv Trond Larsson Hus (1806–1878) i mange år ei blømande handelsverksemd. Han var ein av hovudmennene i produksjonen av «sòlekister» i Ullensvang; rosemåla kister måla for sal i byen.

Trond var husmann og strandsitjar; han var ein gåverik mann i bygda og vart omgangsskulelærar alt i 1825, men det var som rosemålar han sette spor etter seg. Etter tradisjonen lærte han å måla av telemarkingen Bjørn Bjaalid, men det er stilen til Thomas Luraas som pregar kistene hans. Kistene, som vart sende til byen med jekteskipparane og selde på Strandsiden, hadde ein litt forenkla telemarksdekor. Denne halvindustrielle handverksproduksjonen fekk eit stort omfang etter midten av 1800-talet. Det var nærare 10 målarar i sving, og opptil 1000 «haringakister» vart sende frå Sørfjorden år om anna. «Trond i Vikje» hadde i periodar eit samarbeid med søskenbarnet sitt, Johannes Jonsson Kjerland frå Granvin. Han hadde gått på Den Nyttige Selskabs teikneskule i Bergen og arbeidde på Prahls litografiske anstalt – ein mann med akademisk lærdom og ein av Vestlandets mest velutdanna rosemålarar.

Dette oppvekstmiljøet var bakgrunnen for Lars Kinsarvik (1846-1925) son til Trond. Han lærte rosemåling av faren, og etter 3 års utdanning i Bergen overtok han målarverkstaden i Kinsarvik. Han tok alle typar målararbeid, også husmåling, men etterkvart byrja han med treskjering om vinteren, i ein nasjonalromantisk akantusstil. Og her opna det seg eit felt der Lars Kinsarvik utvikla seg til å verta ein av hovudmennene i den «nasjonale» treskurden på slutten av 1800-talet. Det var mange som gjennom åra lærte treskjering på verkstaden i Kinsarvik.

  • Treskjeringsarbeid av Lars Kinsarvik

Treskjeringsarbeid av Lars Kinsarvik (Egil Korsnes, eigar: Hardanger Folkemuseum).